Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kutte tre for å kutte klimautslepp?

At klimakrisa krev kraftfull handling, er i ferd med å gå opp for oss. Å innsjå at tap av naturmangfald er eit like stort trugsmål, sit lengre inne.

Ikkje berre lager: Skogen har flere tenester enn karbonbinding, skriv forskarane. Foto: Sveinung Håland
Ikkje berre lager: Skogen har flere tenester enn karbonbinding, skriv forskarane. Foto: Sveinung Håland

Dei to krisene kan ikkje løysast utan at vi ser dei under eitt.

Når vi øydelegg myr for å reise vindturbinar, går vi eitt steg fram og to tilbake: vi får fornybar energi som kan bidra til utsleppskutt, men dessverre òg fuglar som kolliderer med rotorar og oppgraving av artsrike og karbonhaldige myrar for å få anlegget på plass.

Utfordringane med å redusere klimagassutsleppa, ta vare på naturmangfaldet og tilpasse samfunnet til klimaendringar, fortener å bli sett i samanheng. Det er eit tett samspel mellom rollene naturen spelar: Han er ei kjelde til karbon og kan lagre det for oss, han kan dempe flaum og verne mot andre effektar av klimaendringar. I tillegg består naturen av eit rikt, biologisk mangfald som vår eigen eksistens er avhengig av.

Vestlandsforsking har starta eit arbeid med å studere desse samanhengane, som vi kallar samspel. Dette dreier seg både om å fremme positive samspeleffektar, for eksempel ved å ta vare på gamalskogen fordi han er viktig for artsmangfaldet og lagrar store mengder karbon, og ved å unngå negativt samspel, som i eksempelet med vindturbinar i kystlynghei og myrterreng.

Måten vi forvaltar skogen på, viser seg å vere særleg viktig. Vi bygger ned skog til vegar, hus og hytter, handelsbygg og annan infrastruktur. Dei siste 11 åra har det gått med 230 km2 skog, som svarer til 32 000 fotballbanar. Ein viktig grunn til at vi bygger ned så mykje skog, er at kostnaden med å øydelegge natur ikkje kjem til uttrykk i prisane på hus og vegar. Ein oljesmurt økonomi med høgt forbruk bidreg også til utbyggingspresset.

Den naturlege skogen her i landet inneheld 60 prosent av alle dei 44.000 artane som er registrert, og nesten halvparten av dei trua artane lever i skogen. Internasjonal forsking viser at å plante tre for å etablere moderne skogsdrift, dessverre ikkje bidreg til å oppretthalde dette mangfaldet. Ein slik skog er artsfattig og har liten eller ingen undervegetasjon. Å etablere kommersiell skog der det tidlegare ikkje har vore skog, i naturleg opne økosystem eller på jordsmonn med høgt karboninnhald, kan svekke økosystema si evne til å lagre karbon, til å førebygge flaum, erosjon og skred, og til å oppretthalde det biologiske mangfaldet.

Annonse

Vi kan ikkje ha eit einsidig fokus på at skogen skal binde karbon og produsere tømmer. Auka opptak av karbon i skog er nemleg ikkje ei erstatning for å avkarbonisere energisystema. Hovudoppgåva er å fase ut fossile energikjelder, men det må skje ved å ta vare på naturmangfaldet og evna til å takle klimaendringane. Den rette vegen mot det målet, er å redusere energibruken i alle sektorar i samfunnet, og stille reelle berekraftkrav til den fornybare energien. Produksjonsanlegg for vindkraft, vasskraft, solenergi og andre fornybare kjelder påverkar alle naturmangfaldet negativt, og vi må revidere tankesettet om at all energi er berekraftig når han er fornybar.

"Vi kan ikkje ha eit einsidig fokus på at skogen skal binde karbon og produsere tømmer."

I eit heilskapleg perspektiv, som ser behova for klimatilpassing, utsleppsreduksjon og styrking av biologisk mangfald i samanheng, vil vi peike på to hovudstrategiar: vern av intakt natur og reduksjon av energiforbruket. Dette vil krevje endring av politikken. Korleis er sjansane for dette, om vi ser på styringsdokument i Noreg og i EU?

Den norske klima- og miljøpolitikken er etter kvart tett integrert med EU sin, og begge legg vekt på at vi skal løyse klimautfordringa gjennom økonomisk vekst med grønt innhald. Det er eit paradoks at medisinen er vidare vekst, den sterkaste drivaren bak klima- og miljøproblema. Sjølv med meir energieffektive prosessar blir det vanskeleg å kutte i energibruken dersom økonomien skal vekse.

Det er positivt at EU, med Noreg på slep, set ambisiøse klimamål som inneber utfasing av fossil energi over nokre tiår. Begge legg opp til at mykje av energiomstillinga skal skje ved overgang til bioenergi, og gjer det mogleg ved å definere brenning av ved som klimanøytralt. Det reiser to viktige dilemma: Sjølv om nye tre veks opp og bind den same mengda karbon som blir sleppt ut i atmosfæren under utvinning av bioenergi, tar det så lang tid at vi ikkje klarer å kutte utsleppa raskt nok på den måten.

Det å erstatte fossil energi med biomasse gir 2-3 gongar meir karbon i atmosfæren i 2050 per kWh. Da blir det vanskelegare å unngå farlege klimaendringar. Det andre dilemmaet ved å skulle løyse klimaproblemet med å kutte tre, er at det vil legge til rette for ein storstilt bioenergi-industri som vil gå hardt ut over artsmangfaldet i skogane våre.

Klimakur 2030 er tiltakslista som viser korleis regjeringa vil innfri målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn. Der spelar klimatiltak i skog- og arealbrukssektoren ei sentral rolle. Nokre av desse tiltaka, som treslagskifte og nitrogengjødsling, er såpass kontroversielle at det økologiske fagmiljøet ved NINA oppmodar om å erstatte Klimakur 2030 med ein klima- og naturkur, der ein kan kombinere omsynet til utsleppskutt med omsynet til naturmangfald. Det meiner vi vil vere ein god plass å starte for å sjå klima- og naturkrisene under eitt.

Neste artikkel

Skogbruket gjør seg selv en bjørnetjeneste