Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kulturturisten har ei overraskande grøn side

Turistar som vil oppleve kultur har vore ettertrakta fordi dei gjev meir pengar i kassen enn dei som vil gå fjelltur. No viser det seg at kulturturistane også er bra for miljøet.

Ein ny studie viser at turistar som jaktar på kulturopplevingar i ferien, også er meir villige enn andre turistar til å ta miljøvenlege val, skriv Agnes Brudvik Engset. Her museumsgjester som ser på Harald Sohlbergs «Vinternatt i Rondane» (1914). Foto: Heiko Junge / NTB
Ein ny studie viser at turistar som jaktar på kulturopplevingar i ferien, også er meir villige enn andre turistar til å ta miljøvenlege val, skriv Agnes Brudvik Engset. Her museumsgjester som ser på Harald Sohlbergs «Vinternatt i Rondane» (1914). Foto: Heiko Junge / NTB

Kva turistar ynskjer Norge seg i framtida? Har vi kanskje vore blenda av fjellsko og tursekkar, og gløymt ei anna viktig gruppe i den store omstillinga mot eit berekraftig reiseliv? Kulturturisten, ho du finn på eit museum i juli månad, viser seg nemleg å ha interessante trekk som vi forskarar lenge har oversett.

Det er det naturbaserte reiselivet og fjellsko-turisten som har fått mest merksemd frå oss som forskar på korleis næringa kan bli meir klima- og miljøvenleg. Det er nemleg lett å tenke at dei som ferdast ute i naturen, også bryr seg om naturen. Folk som legg ferien til Hardangervidda, er gjerne opptekne av sporlaus ferdsel så vel som klimavenlege transportformer. Men også dei som har kultur øvst på dagsorden, viser seg å legge vekt på klima og miljø.

Kulturturisme er ein internasjonal trend i sterk vekst. I 2017 hadde nesten førti prosent av turistar kultur som hovudgrunn for å reise. Ein god del av desse 500 millionar reisande legg turen til vårt naturskjønne land, og det offisielle målet i Norge er å bli ein kulturdestinasjon innan 2030.

Det inneber at ikkje berre norsk natur, men også ulike former for kulturopplevingar – mat, musikk eller middelalderkyrkjer – skal lokke turistar til landet vårt. Det økonomiske potensialet blir vurdert som stort, større enn for naturbasert reiseliv.

Forklaringa på det er enkel: kulturopplevingar krev at du løyser billett, medan naturopplevingar stort sett er gratis. Kulturturistar blir dessutan verande lenger og kjøper fleire tenester og produkt enn dei som i hovudsak kjem for å nyte norsk natur.

Heile reiselivet vårt starta med fjella, isbreane og midnattssola, då nasjonalromantiske målarar «oppdaga» den ville naturen og bondekulturen på bygda, og spreidde motiv frå norske fjell og fjordar til utlandet. Landskapsmåleria deira fungerte som dåtidas Instagram og skapte ei sterk reiselyst i den nordeuropeiske overklassen.

I ettertid har det òg kome flest naturinteresserte turistar til landet vårt, men vi skal ikkje gløyme at Norge har kulturarv i verdsklasse, som Vikingtidsmuseet i Oslo, bergkunsten i Alta eller stavkyrkja på Ornes i Luster. For ikkje å nemne det nye Nasjonalmuseet i Oslo eller Tromsø Internasjonale Filmfestival.

Annonse

"Definisjonen av kulturturisme er vid, og både finkultur og lågkultur er omfatta. Det rommar også kvardagslivet vårt – korleis det er å bu og leve her i landet."

Turisme

Typiske kulturturistar er gjerne vaksne folk som reiser med vener. Dei oppsøker eit breitt spekter av kulturopplevingar, frå historiske bygningar som Bryggen i Bergen eller Nidarosdomen i Trondheim til levande kulturarv, som tradisjonar, song og musikk. Definisjonen av kulturturisme er vid, og både finkultur og lågkultur er omfatta. Det rommar også kvardagslivet vårt – korleis det er å bu og leve her i landet.

Sjølvsagt er ikkje verkelegheita så reinskoren at det berre er å stille opp naturbasert turisme mot kulturturisme. Dei fleste kjem jo framleis for å oppleve natur. Mange tek seg ein fjelltur den eine dagen, medan ei kunstutstilling fristar den andre dagen, kanskje når vêret er grått. Difor gir det meining å by fram ei fin blanding av natur og kultur til dei som kjem – men hald fast i tanken på kulturturistar, for hjå desse ligg også kimen til noko større.

Ein ny studie utført av Vestlandsforsking viser at turistar som jaktar på kulturopplevingar i ferien, også er meir villige enn andre turistar til å ta miljøvenlege val. Dermed får reiselivsnæringa nok eit argument for å satse meir på kulturopplevingar: Det gjev ikkje berre meir mynt i kassen, desse turistane vil også bidra i den store klimadugnaden.

Funna byggjer på svar frå rundt 500 personar som ferierte på Vestlandet sommaren 2021 – besøkande ved eit kulturhistorisk museum, eit teater og ein festival, overnattande på camping og hotell, og kundar på kjøpesenter. Fleirtalet av dei som svara var høgt utdanna kvinner frå Vestland fylke, og både på områda transport, mat og forbruk skilde desse turistane seg ut som særleg klima- og miljømedvitne.

Viljen til å ta dei grøne vala og betale for kvalitet kjem til uttrykk på område som mat, handel og reisemåte: Nokre legg vekt på å reise kort eller unngå å fly, og vel Sørlandet framfor Syden, der både Dyreparken og Kilden i Kristiansand byr på attraktive kulturopplevingar.

Andre likar å handle kvalitet og føretrekker økologiske produkt eller godt handverk frå regionen. Som andre turistar er også kulturturistar forskjellige, men dei har tydelegvis eit miljømedvit til felles. Det treng norsk reiseliv, for klima og miljø stig stadig på dagsordenen.

Kulturturistane si grøne side er nok litt oversett i debatten om berekraftig reiseliv, der verdiskaping har fått mest merksemd. Men innsatsen for å kutte utslepp er ikkje lenger noko ein kan velgje vekk – vi har lite tid og ein lang veg å gå. Då gjeld det å ta godt vare på dei turistane som vil vere med på klimadugnaden.

Neste artikkel

Fra villa gjennomtrekk til særpreget hotell