Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klima og natur gløymt i nasjonal transportplan

Også regjeringa må ta inn over seg at verda står overfor ei akutt klima- og naturkrise. Det openberre svaret? Å redusere transportmengda.

Bygging løser ikke alt: Vi må ta ned transportmengden. Foto: Siri Juell Rasmussen
Bygging løser ikke alt: Vi må ta ned transportmengden. Foto: Siri Juell Rasmussen

I ny nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 har regjeringa gått ut frå framleis vekst både i person- og godstransport. Veksten dei ser for seg fram til 2050 er 25 prosent for persontransport og 29 prosent for godstransport (unnateke råolje og naturgass). Halvparten av veksten skal kome det neste tiåret, og mykje av den på veg. Regjeringa peiker ikkje på at denne veksten er i konflikt med klimamål eller miljø.

Verda står overfor to store kriser som heng i hop og må løysast i lag: ei klimakrise og ei naturkrise. Vår arts eksepsjonelle evne til å formeire oss og hauste av jordas ressursar et opp naturområde i høg takt. Vi fortrenger og utryddar artar i eit tempo som tilseier at vi står overfor jordas sjette store masseutrydding. Sist det skjedde var for 65,5 millionar år sidan. Medan ein i klimapolitikken har sett konkrete mål – å kutte klimagassutsleppa frå transport med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 2005-nivå – er det ikkje sett noko liknande mål for å verne naturen mot inngrep. Det finst heller ikkje overordna mål om å ta omsyn til konsekvensar for klima og miljø, i global samanheng, når ein fasar inn ny teknologi eller bygger ut vegar og infrastruktur.

Eit problem med NTP ligg i at ein stor del av kutta i klimagassutslepp skal skje gjennom teknologisk utvikling åleine – forstått som satsing på auka transportkapasitet, større robustheit mot klimaendringar, såkalla «nullutsleppsteknologi» og alternative drivstoff. Planen rører derimot ikkje ved sjølve volumet av vegtransport. Veksten i transport er i seg sjølv ei utfordring, og planlagt elektrifisering kjem ikkje til å løyse alle transportrelaterte problem.

"Veksten i transport er i seg sjølv ei utfordring, og planlagt elektrifisering kjem ikkje til å løyse alle problem."

Å flytte den norske transportsektoren over på el-løysingar, inneber mellom anna eit massivt materialbehov både når det gjeld produksjon av fornybar energi, infrastruktur og elektriske transportmiddel. Gruvedrifta og infrastrukturen som må til for å utvinne, frakte og foredle materiala, legg ikkje beslag på norsk natur og biologisk mangfald, men i staden dei viktigaste regnskogområda i Afrika. Dette er område med uerstatteleg naturverdi som dessutan spelar ei nøkkelrolle for klimaet på jorda.

Annonse

Farten på vegane må ned, òg av omsyn til natur og klima. Ikkje alle veit dette, men det er lite miljøvenleg å legge opp til bilkøyring i 110 km/t på ein firefelts motorveg. Mange av dei nye vegane skal byggast for høg hastigheit. Dei skal vere breie å gå rett fram og skjere gjennom landskapet. Dermed vil det bli langt vanskelegare å ta omsyn til naturen rundt. Nye E6 er planlagt som ein firefelts motorveg gjennom Lågen-deltaet naturreservat ved Lillehammer, sjølv om slike veganlegg strir mot verneføreskriftene. Naturen er altså ikkje trygg, sjølv der den er verna på strengaste vis.

Gigant-prosjektet ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim er venta å påverke nærare 1000 myrer, og vil føre til enorme klimagassutslepp. Myrer er økosystem som i tusenvis av år har samla opp karbon i jorda på grunn av eit surt, oksygenfattig og vassmetta jordmiljø. Punkterer vi dei gjennom inngrep, forsvinn karbonet raskt ut i atmosfæren som CO2.

Det er på tide å forstå at naturen har de beste løysningane for å motverke øydeleggande klimaendringar. Vi treng difor å ta vare på myrene, naturens kanskje beste løysing for langsiktig karbonlagring – heller enn å finne opp nye måtar å lagre karbon på. Vi treng ny-tenking, ikkje ny-tale, frå politikarane våre. Når utsleppa frå dei råka myrene ikkje blir tekne med i klimarekneskapet på skikkeleg måte, blir det heilt feil å hevde at nye vegar er klimavenlege.

Dersom vi skal greie å løyse natur- og klimakrisa, er første steg å satse på tiltak som gjer at vi i langt større grad spelar på lag med naturen. Framfor å øydelegge natur, må vi verne om det vi har. Der det må byggast nye vegar, bør det lagast skånsame løysingar framfor å maksimere fartsgrensa. Korona-pandemien har gitt oss ei lekse, nemleg at vi menneske bør breie oss mindre. Diverre har ikkje dagens regjering teke med seg denne innsikta i den nye transportplanen.

Stø kurs er ikkje løysninga lenger, men ny kurs. Det betyr å ta norsk natur på alvor, men også å ta innover seg at transportvekst fører til store naturøydeleggingar og klimautslepp globalt.

Hans Jakob Walnum, Torbjørn Selseng, Tara Botnen Holm , forskarar, Vestlandsforsking

Knut Rydgren, professor, Høgskulen på Vestlandet

Neste artikkel

Husdyrgjødsla må ha innmark