Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøttkutt - eit klokt klimatiltak?

I verkelegheita er det vanskeleg å få til, og har store kostnadar for landet.

Koteletta, pøls og steik: Tungt og ikkje naudsynt å venje folk av med. Landbruket kuttar klimautslepp likevel, skriv kronikøren. Foto: Siri Juell Rasmussen
Koteletta, pøls og steik: Tungt og ikkje naudsynt å venje folk av med. Landbruket kuttar klimautslepp likevel, skriv kronikøren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Regjeringa lanserte 8. januar sin klimaplan for ikkje-kvotepliktig sektor: Transport, bygg, avfall og landbruk. Regjeringa sitt mål er at utsleppa i denne sektoren skal kuttast med 45 prosent av 2005-nivået innan 2030.

Det positive med planen at den signaliserer full støtte til klimaavtalen med jordbruket, der partane har forplikta seg til å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av klimagassar tilsvarande 5 mill. tonn CO₂.

Bjørn Eidem i Ruralis kan notere på skrytelista si at rein biodiesel er løfta fram som klimatiltak i norsk landbruk.

Straks spør media kvifor Regjeringa har feiga ut og ikkje følgjer opp forslaget om ei klimaavgift på raudt kjøtt. Spørsmåla skuldast at det har danna seg ei myte om at drastiske kjøttkutt skal redde klimaet. Utgreiinga Klimakur 2030 bidrog til dette da den i januar 2020 slo fast at det største og billegaste bidraget til å kutte utslepp av klimagassar frå jordbruket ville vera overgang frå raudt kjøtt til plantekost og fisk.

"Spørsmåla skuldast at det har danna seg ei myte om at drastiske kjøttkutt skal redde klimaet."

Dersom forbrukarane følgde Helsedirektoratets sine kostråd, ville det ha redusert utsleppa av klimagassar med 2,9 mill tonn CO₂-ekvivalentar i perioden 2021-2030. Dette er korkje realistisk eller klokt. Men minister Rotevatn driv dobbelkommunikasjon og held fast på at både han personleg og folk flest bør redusere kjøttforbruket som eit klimatiltak.

Min faglege inngang til desse kompliserte spørsmåla er kunnskap om forebyggande helsearbeid, landbrukspolitikk og norske bygdesamfunn. Denne kunnskapen seier meg at forslaget om drastiske kutt i forbruket av raudt kjøtt er ein blindveg.

Først til kosthaldet. All kjent forsking viser at kampanjar for å endre kosthald fører til svært små endringar, er lite kostnadseffektive og det vil ta svært lang tid å få til betydelege resultat. Studiar gjort av Klaus Mittenzwei viser at det er sannsynleg at høge klimaavgifter på raudt kjøtt vil ha noe effekt på konsumet, men effekten kan blir redusert av auka grensehandel.

Dessutan er det liten støtte i befolkninga til ei slik avgift.

Annonse

Sjølv om ein no ser at pengesterke internasjonale aktørar investerer tungt både i forsking og marknadsføring av plantebaserte protein, vil produkta bli dyre og nå berre ein liten del av befolkninga. Dessutan vil mange av innsatsfaktorane bli importert på grunn av klimatiske forhold.

Den veganske vendinga blant urban ungdom skjer berre i avgrensa miljø og mest i ein viss periode av ungdomstida. Min spådom er at dei fleste veganarane gradvis vil vende tilbake til normalt kosthald, det vil seie det som i dag er omtala som fleksitariansk, ikkje ulikt det kosthaldet min generasjon landsungdom vaks opp med.

For det andre er norsk landbruk og landbrukspolitikk tufta på utnytting av det som veks på dei sparsame ressursane med dyrkajord over heile landet. To tredjedelar av dyrkamarka samt utmarksarealet kan berre nyttast til å dyrke gras til storfe, hest og småfe. Utan det grasbaserte husdyrhaldet ville vi ikkje ha landbruk over heile landet og vi måtte innføre mye meir enn dagens 60 prosent av kaloribehovet.

Agri Analyse har i ein studie konkludert med at forslaget om kjøttkutt i Klimakur 2030 ville ha ført til 300.000 færre beitedyr og redusert talet på gardsbruk med 8.900.

Forskarane Odd Magne Harstad og Ola Flaten skriv i ein kronikk i Aftenposten 29.8. 2019 at sau og storfe står for ca. halvparten av den landbaserte matproduksjonen i Norge og at ei CO₂-avgift vil bety færre storfe og sau og dermed minske behovet for gras- og beiteareal.

Store areal på inn- og utmark blir overflødige, gror att og svekker det biologiske mangfaldet. Beitedyr spelar ein stor rolle for å halde landskapet opent, noe som bidrar til å begrense oppvarminga gjennom refleksjon av strålinga frå sola.

For det tredje: Omsynet til bygdesamfunnet. I dei fleste distriktskommunar er det i primærnæringane og matindustrien ein finn dei viktigaste bedriftene i privat sektor. Jordbruk og næringsmiddelindustri bidrar i tillegg til betydelege ringverknader i transport-, handels- og servicenæringane.

Matproduksjon basert på dyrehald er eitt av dei viktigaste argumenta for å oppretthalde busetting og ein stor offentleg sektor i distrikta. Import av plantebasert mat vil forsterke sentraliseringa og føre til ein dyrare og mindre effektiv distriktspolitikk.

Til bekymra kjøttprodusentar: Ta det med ro. Den beste prognosen for kjøttforbruket i 2021 er forbruket i 2020. I følge «Kjøttets tilstand 2020» var forbruket av raudt kjøtt (storfe, svin, hest og sau) 48,2 kg reint kjøtt pr innbyggar i 2019, svakt og gradvis ned frå 51,2 kg i toppåret i 2015. Sørg for all del for å ta felles tak for å balansere produksjonen med forbruket og bidra til at det blir kasta mindre mat.

Moderat forbruk av kjøtt a la norsk husmannskost er bra både for helse, klima og berekraft. Og berre så det er sagt: Er livlinja eit problem no i januar, så kutt ned på inntaket av lett fordøyelege karbohydratar (brus, søte saker, alkohol) og gå ein lang tur. Det er best både for den mentale helsa og vekta. Kjøttskam er korkje eit klokt eller realistisk klimatiltak.

Neste artikkel

Hvorfor har vi så dårlig ketchup i Norge?