Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan Bitcoin løfta El Salvador?

El Salvador er det første landet i verda som innfører Bitcoin som lovleg betalingsmiddel. Kan det hjelpa innbyggjarane til å få ein betre kvardag med større økonomisk fridom, og ber det bod om ei anna økonomisk verdsordning?

Betaling: El Salvador gjer det mogleg å betale med Bitcoin. Illustrasjonsfoto: Aleksey Butenkov / Mostphotos
Betaling: El Salvador gjer det mogleg å betale med Bitcoin. Illustrasjonsfoto: Aleksey Butenkov / Mostphotos

Bitcoin er omstridd. Elska av tilhengarane og nærmast hata av dei som helst såg at denne digitale valutaen forsvann. Utviklinga har fått ei ny, viktig omdreiing i det siste ved at den sentral-amerikanske republikken El Salvador har gjort Bitcoin til lovleg betalingsmiddel, som det første landet i verda. I tillegg til å likestilla Bitcoin med amerikanske dollar, som har vore det lovlege betalingsmiddelet sidan 2001, blir det også eit pålegg for alle som sel varer og tenester om å ta i mot Bitcoin som betaling.

El Salvador er eit lite land i Mellom-Amerika med knapt 7 millionar innbyggjarar. Dei grensar til Guatemala i nord og Honduras i aust og sør. I vest møter dei Stillehavet. Landet har vore utan eigen, nasjonal valuta sidan 2001, då amerikanske dollar overtok som lovleg betalingsmiddel.

Dette er ein viktig grunn til at dei har gjort eit såpass radikalt vedtak; dei har ingen sentralbank som kan trykkja nye pengar og er uansett avhengige av ein valuta dei ikkje styrer sjølve. På den måten endrar ikkje innføringa av Bitcoin så mykje. I tillegg er rundt 70 prosent av innbyggjarane utan bankkonto og det er endå ein grunn til innføring av Bitcoin. For å bruka Bitcoin treng du berre å lasta ned ein app på mobiltelefonen.

«Kanskje er Bitcoin si nyvunne stilling i El Salvador eit frampeik på det som kan komma ved at fleire andre land følgjer etter.»

Frampeik?

Om lag 20 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) er overføringar av valuta frå utvandra innbyggjarar og gjestearbeidarar i andre land, særleg USA. Det er ein annan viktig grunn til at El Salvador vel å ta i bruk Bitcoin. Overføring av pengar mellom land, for eksempel via system som Western Union, er dyrt og kostar i gjennomsnitt 7 prosent på verdsbasis. Til mindre sum som blir overført, til dyrare blir det. Her kan Bitcoin bety store innsparingar fordi overføringar kan skje svært billeg.

Den politiske situasjonen i El Salvador har gjort dette muleg. President Nayib Bukele har reint fleirtal i parlamentet og har difor stort spelerom. Kritikarar vil seia at han går langt ut over demokratiske fullmakter og viser autoritære tendensar. På den andre sida har El Salvador vore vanstyrt i mange tiår og det trengst kanskje radikale grep for å retta opp mykje som er feil.

Annonse

Ikkje alle er glade for avgjerda om å gjera Bitcoin til lovleg betalingsmiddel. Finansinstitusjonar som Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken har uttalt seg kritisk, og dominerande land som G7-landa ser heller ikkje særleg positivt på tiltaket. På spørsmål til presidenten om han ikkje er redd for å møta motstand frå desse, svarer Bukele: «They haven’t been so nice to us before either».

Nei, IMF og resten av «gjengen» har ikkje akkurat vore snille med land dei ha ytt økonomisk støtte til. Støtta har komme med til dels store inngrep i fridommen og beinharde krav til reformer; tiltak som i stor grad er til fordel for landa som yter lån. Det kan saktens vera på tide å prøva noko nytt.

Men El Salvador er, som dei fleste andre fattige land, avhengig av både IMF, Verdsbanken og dei dominerande økonomiske stormaktene. Det blir difor spennande å sjå kva konkrete reaksjonar som kjem etter kvart. IMF og dei andre er ikkje spesielt redde for situasjonen i El Salvador. Dei er derimot svært engstelege for at dette skal bli starten på ei bølgje av fattige land som innfører Bitcoin.

Når pengefondet uttalar at dei er uroa for kva negative følgjer innføringa av Bitcoin får for folk flest, er dei altså heller urolege for at forsøket blir vellykka og lokkar andre land til å gjera det same. Og uroa deira botnar i at dei gradvis mister kontroll over finanssystemet; eit system som gjer det muleg å halda opp eit ganske urettferdig system som i alle fall ikkje gagnar dei svake og fattige.

Dersom innføringa av Bitcoin blir eit vellykka tiltak, vil det freista mange andre land å gjera det same. Bitcoin kan då gradvis få ein posisjon som global reservevaluta. I dag er amerikanske dollar åleine om å ha denne funksjonen. Det amerikanske dollar-hegemoniet har røter tilbake til Bretton Woods-avtalen i 1944, der dei allierte landa gjekk saman om å utforma det globale pengesystemet etter krigen.

Dollar-hegemoniet er ikkje berre positivt for USA, det har òg resultert i tap av industriarbeidsplassar og ei oppblomstring av finanssektoren. Det er USAs fattige som har tapt på denne utviklinga, medan dei rike har tent seg rikare. Mange meiner òg at dette langt på veg forklarer korleis ein mann som Donald Trump kunne bli president i USA.

Med framveksten av digitale sentralbankpengar blir dollaren sitt langvarige hegemoni utfordra, særleg frå Kina. Kanskje kan Bitcoin bli eit nøytralt alternativ i den pågåande valutakampen – og kanskje er Bitcoin si nyvunne stilling i El Salvador eit frampeik på det som kan komma ved at fleire andre land følgjer etter.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Alle kjenner alle – en forbannelse eller velsignelse for bygda?