Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksarealet må prioriterast i landbrukspolitikken

Meir produksjon på norske ressursar er avhengig av at jordbruksareal i heile landet blir oppretthalde.

Grasressursar: Går ut av drift i Nord-Noreg og Vestlandet. Foto: Mariann Tvete
Grasressursar: Går ut av drift i Nord-Noreg og Vestlandet. Foto: Mariann Tvete

Planteproduksjonen er grunnlaget for all jordbruksproduksjon, anten den går til menneskemat eller til fôr til husdyr. Det er jordbruksarealet og avlingane arealet gir som avgjer den samla planteproduksjonen, og dermed det reelle potensialet for matproduksjon i eit land.

Utviklinga i jordbruksareal og produksjonsvoluma i norsk jordbruk siste 15 åra samstemmer ikkje heilt med eit slikt premiss.

I perioden 2004-2018 er jordbruksarealet redusert med kring 5 prosent. Samstundes har kjøtproduksjonen (svin, fjørfe, storfe og sau) auka med 25 prosent, egg med 37 prosent, medan mjølkevolumet har vore rimeleg stabilt. Importen av kraftfôrråvare har gått opp med 375 000 tonn, tilsvarande 65 prosent i perioden.

Arealnedgangen, parallelt med vekst i husdyrproduksjonane og auka fôrimport, rimar i grunn lite med målet om meir av produksjonen på norske ressursar.

Ein reduksjon på kring 450 000 dekar av eit jordbruksareal på knappe 10 millionar dekar kan virke uskuldig. Men det er det ikkje, fordi arealbruken og arealavgangen skjer slik at målet om å produsere maten på norske ressursar er på vikande front.

Grasareal vert teke ut av drift på Vestlandet og Nord-Noreg, medan kornareal vert lagt ned på Austlandet. Kombinasjonen av nedgang og endra arealbruk forsterkar utfordringane kring det å produsere mat på norske ressursar.

I eit nyleg avslutta prosjekt frå AgriAnalyse vert arealutvikling og arealbruk drøfta ut frå sonene for arealtilskot. Her kjem det fram at i løpet av 15 år er grasarealet redusert med 162 000 dekar i grasområda i sone 5B, 6 og 7 (som utgjer det meste av Vestlandet og Nord-Noreg). Kornarealet nasjonalt er redusert med kring 460 000 dekar, og spesielt er avgangen av kornareal stor i dei gode kornområda på Austlandet (sone 1 og 3). I desse to sonene er kornarealet redusert med 343 000 dekar, samstundes som grasarealet har auka med 216 000 dekar.

Annonse

Når kornarealet fell i kornområda, og grasarealet går ned i de tradisjonelle grasområda, samstundes som grasarealet aukar i kornområda, er det eit teikn på at kanaliseringspolitikken er svekka. Om ein òg ser det opp mot matproduksjon til folk og dyr, så betyr arealavgang i dei tradisjonelle grasområda og det at korn vert erstatta med gras i kornområda, i realiteten at matproduksjon på norske ressursar og norskandelen i produksjonen er på veg nedover.

Produksjonsvolumet i dei kraftfôrintensive produksjonane fjørfe, svin og egg har auka med 100 000 tonn på 15 år. Då er det vanskeleg å forstå at det er rom for å ta dryge 400 000 dekar kornareal ut av drift. Spesielt når importen av kraftfôrråvarer er auka markant i perioden.

Skal ein lykkast med meir av produksjonen på norske ressursar og større norskdel i matproduksjonen er det avgjerande å oppretthalde jordbruksareal i heile landet. Det er òg sentralt at dei beste jordbruksareala vert nytta til å produsere grønt og matkorn direkte til menneskemat, samt fôrkorn til kraftfôr.

Samstundes må grovfôret styrkast i drøvtyggarhaldet, og spesielt i storfeproduksjonen. Her er det mykje å henta på betre grovfôrkvalitet. Men det må òg innførast tiltak for å styrke økonomien til bruk som aksepterer lågare avdrått i mjølk- og storfekjøtproduksjonen, fordi dei prioriterer høg grovfôrdel og norske kraftfôrråvarer i fôrsetelen, framfor mykje- og meir «effektivt» kraftfôr frå importerte råvarer.

Det er ikkje enkle løysningar på dette, for det dreier seg fort om heile jordbrukspolitikken. Likevel må det søkjast å ta grep. Eit grep er å styrke kornproduksjonen i kornområda og få på plass målretta tiltak retta mot høg grovfôrbruk og å halde areal i hevd i grasområda.

I drøvtyggarhaldet må jordbrukspolitikken legge til rette for at bønder kan prioritere husdyrhald som er bygd på høgt fôropptak frå gardens arealressursar. Ei langt sterkare kopling mellom arealet, dyretalet og produksjonsvolumet, som gjer bonden mindre avhengig av innkjøpt fôr, bør etablerast i tilskotssystemet for mjølkekyr og ammekyr. Kort sagt meir og betre gras og bruk av utmark. Det vil ofte bety at det må satsast på små- og mellomstore bruk.

I sum bør politikken og tilskota sikre at norsk fôr, det vere seg gras eller kraftfôr, er det mest attraktive for bønder som har husdyr. Dersom ein ikkje gjer vesentlege tiltak i jordbrukspolitikken for å styrke norske arealressursar og redusere importen av kraftfôrråvarer, vil trenden med meir av produksjonen basert på importerte fôrråvarer og bruk av arealet til andre land halde fram.

Det må ein rekne med vil utfordre legitimiteten til norsk jordbruk, i ei tid der både berekraftig bruk av naturresursar og klimautfordringar står høgt på dagsorden både i Noreg og resten av verda.

Målet må vere at planter til fôr produsert på norsk areal er god nok mat for husdyra våre, nett som norsk korn, mjølk og kjøt er godt nok for oss. Det må òg vere regelen sjølv om tilvekst og mjølkeyting kan vere høgre på importerte fôrresursar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bikkja mi gjer aldri noko gale