Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

I 2020 heldt vi oss heime. I 2021 bør vi gå ut

Mange av oss har som nyttårsforsett å komme i betre form. Kva om vi gjekk inn for å betre den kulturelle kondisen?

Musikk og arkitektur: Berre to av inntrykka du kan få i Logtun kyrkje. Foto: Fortidsminneforeninga
Musikk og arkitektur: Berre to av inntrykka du kan få i Logtun kyrkje. Foto: Fortidsminneforeninga

For eit år det vart. Alle måtte vi avlyse og setje på vent feriar, konsertar, feiringar og alt det andre folk gjer i lag. Året vi nettopp la bak oss, vart ei lang rekkje kvardagar, utan dei vanlege høgdepunkta imellom.

Då ferien kom, måtte mange gjenoppdage heimlandet som feriemål. I vest fløymde dei kvite sandstrendene på Bremangerlandet og Stadtlandet over av glade badande, for å ta eitt døme. Mange gjekk ikoniske fjellturar og gledde seg over den utrulege naturen vi trass alt har rundt oss.

No er vi inne i vårt andre år med denne pandemien, og landet vårt er merka. Blant dei delane av samfunnet som har blødd, er kulturlivet. Det er ikkje berre politikarane som kan hjelpe, det er oss. I år er det ikkje naturen vi bør tenke mest på; vi bør alle gjere vårt for å trene opp vår kondis for kultur. Vi bør bli med på å gjenoppdage Norge som kulturdestinasjon. Kva for ein kulturell fjelltopp skal du setje på to-do lista i 2021?

"Vi bør bli med på å gjenoppdage Norge som kulturdestinasjon."

Annonse

Kan du byrje i det små og trene deg opp via meir kortvarige kulturopplevingar nær heimen din, for så å erobre ein kulturell Galdhøpigg når forma kjem seg? Viss du synst utfordringa verkar stor, hugs at kan kultur vere så mangt: Alt frå forfattarføredrag, konsertar, kunstutstillingar, historiske bygningsmiljø til det å oppleve mat og drikke med lange tradisjonar. Det må ikkje alltid vere dei store og kostbare opplevingane, som du gjerne dreg langt for å ta del i. Støtt den lokale kinoen eller besøk biblioteket og få eit godt litteraturtips. Det treng heller ikkje vere profesjonelle utøvarar; du kan fint trene kulturell kondis ved å gå på lokale ungdomar sine Dans utan grenser-førestillingar. Tidlegare framføringar der eg bur, skal ha vore nokre fyrverkeri av førestillingar.

Året 2020 viste at kulturlivet treng oss publikummarar meir no enn nokon sinne. Koronakrisa hindra til dømes musikarar å utøve arbeidet sitt som før. Inntektene frå liv-aktivitetar med mange tilskodarar er viktigaste inntektskjelda for særleg musikk, scenekunst, film og festivalar. Menon Economics skriv i ein rapport frå 2020 at koronakrisa førte at nær 45 prosent av inntektene i kulturlivet fall vekk fordi kulturarrangementa hadde få eller ingen publikummarar Å bli fråteken levebrødet som frilansar-artist er tøft, men også mange store kulturinstitusjonar slit med låge billettinntekter.

Difor vi må utfordre oss sjølve: Kva slags kulturelt klippekort kan eg lage for meg sjølv i år? Oppsøke ei kulturoppleving i månaden? Eg er ikkje av dei beste, må eg tilstå. Mine ungar har vore på Noregs høgste fjell og dei har sanka mange poeng i skiløypa. Men den kulturelle kondisen deira er mildt sagt elendig. Men eg gjev ikkje opp. Eg ber i staden om drahjelp frå kulturinstitusjonar som til dømes dei kulturhistoriske musea eller kulturhusa våre: Lag eit kulturelt klippekort for born og unge, slik at dei også kan samle kulturpoeng, slik det lokale turlaget lokkar sine deltakarar til trimpostane.

Det er mykje snakk om reiselyst i reiselivsnæringa, eg tenkjer vi må sørge for å få kulturlyst. Koronaen vil truleg enno påverke vår deltaking i kulturlivet i tida framover. Heimefrå kan eg i det minste saumfare internettet etter kulturperler. Helst dei eg må betale for, slik at eg støttar kulturbransjen, men også gratisvarianten, som til dømes Nasjonalmuseet på Instagram tilbyr, gjer at kunstopplevinga blir verande i minnet og skape kulturlyst. Mange musikkfestivalar legg ut godbitar på sine sosiale mediekanalar. Hugs å ikkje gape over for mykje. Viss du vil trene fjellkondisen din, byrjar du ikkje med Mont Everest! Ein liten kulturell skogstur i nærområdet er ein passande start. Når du legg ferieplanar for 2021 - for det vert truleg ein Noregsferie i år også - legg deg først i trening.

Regjeringa har slått fast at kultur skal verte større del av norsk reiselivsnæring: Innan 2030 skal Norge bli ein kulturdestinasjon. Min oppmoding her handlar om at du kan vere med og gjere ein skilnad: Halde liv i ditt kulturelle nærmiljø så bidreg du til at både kulturutøvarar og kulturinstitusjonar klarar seg gjennom koronakrisa. Eg har tidlegare etterlyst at vi også bør satse på unge kulturturistar, Sjølv om forskinga har vist at det er aldersgruppa 50 pluss som legg att mest pengar, bør vi satse på unge kulturturistar også. Grunnlaget for god kondisjon vert jo som kjent lagt i ung alder.

Neste artikkel

Fleip eller fakta?