Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein perfekt dag for syntetisk mjølk

Dei som er interesserte i bioøkonomien si utvikling, og i framtida til norsk landbruk (og det er vel dei fleste av lesarane i denne avisa?) bør merka seg ein viktig ting som skjedde førre sommaren.

Naturleg: Denne mjølka er framleis naturleg.  Foto: Gunnar3000 / Mostphotos
Naturleg: Denne mjølka er framleis naturleg. Foto: Gunnar3000 / Mostphotos

Det var ikkje det at børsverdien på selskapet Beyond Meat, eit selskap som lagar plantebaserte kjøtsubstitutt, skaut til himmels: aksjeverdien gjekk frå 400 kr til svimlande 2200 kr per aksje. Ei heller var det at den store internasjonale banken Barclay`s sette føre at alternativt kjøt til saman ville få ein global verdi på 140 milliardar dollar innan eit tiår, og dermed ha 10 prosent av den globale kjøtmarknaden.

Nei, det aller viktigaste som skjedde, var noko som fekk lite mediedekning: I Juli 2019 vart Perfect Day det første selskapet i verda til å lansera eit matprodukt kor dyreproteina var laga på syntetisk vis.

Produktet som vart lansert var ein mjølkebasert iskrem der mjølkeproteina var framstilla frå ein gjærkultur i eit laboratorium. Om lag 1000 boksar med iskrem vart lagt ut for sal på nettsidene til Perfect Day, til ein pris på 180 kr per boks, og dei vart utselde på tjuefire timar. Dei som smaka på iskremen kunne nøgd konstatera at den smaka likt vanleg iskrem.

2019 var i det heile eit godt år for Perfect Day, som vart starta opp berre fem år tidlegare. Alt tidleg på året hadde selskapet fått kapitaltilskot på meir enn 300 millionar kroner, og på slutten av året annonserte dei at dei skulle byrja produsera syntetisk mjølkefeitt så vel som syntetisk mjølkeprotein. Heilt på tampen av året fekk selskapet eit kapitaltilskot på godt over ein milliard kroner som skulle hjelpa dei å lansera dei nye syntetiske produkta på brei front.

Dei norske bøndene ikkje kan konkurrera mot dei syntetisk produkta på pris.

Også andre selskap er med i denne utviklinga. Selskap som Legendairy Foods og Motif Foodworks gjorde også store kapitalinvesteringar i 2019. Marknaden for kunstig produsert kjøt var definitivt i endring, og tilmed meierigiganten Fontera som så seint som i 2017 hadde sagt at dei var: «sikre på at naturlege produkt alltid vil trumfa syntetiske produkt», sa no at: «vi innser at verda er i rask endring».

Annonse

Då vi skreiv om syntetisk produsert protein i Bondevennen for eit år sidan hadde ingen ting av dette skjedd. Og ein kunne skjøna at mange ville avfeia dette som science fiction. Men no er syntetiske produkt ein realitet på marknaden. Og sjølv om dei syntetiske produkta førebels er relativt dyre, så er det liten tvil om at prisen vil sokke betrakteleg når produksjonsprosessane blir etablerte og standardiserte, som med all industriell produksjon.

Det er framleis eit stykke å gå før syntetiske produkt av mjølk, ost og iskrem kjem på den norske marknaden, mellom anna fordi EU sitt regelverk gjer det vanskeleg å bruka genetisk modifisert gjærkulturar i Europa (kven skulle trudd at EU-regelverk kunne vera bra for norsk landbruk ?!).

Men, dersom det er slik som den amerikanske tenkjetanken RethinkX har meint, at syntetisk produksjon representerer ein revolusjon i matproduksjonen på linje med den første jordbruksrevolusjonen for 10 000 år sidan – då vil det nok vera umogleg i lengda å halda dette tilbake med statlege reguleringar.

Kva bør den norske mjølkesektoren gjera med dette? Korleis skal norske mjølkebønder konkurrera mot eit produkt som vil bli billigare, som vil sleppa ut mindre klimagassar, som vil bruka mindre vatn, eit produkt der både dyrevelferd og antibiotikabruk blir irrelevant – men som vil ha dei same eigenskapane som vanleg mjølk? Her ser vi berre eit realistisk alternativ.

Dei norske bøndene ikkje kan konkurrera mot dei syntetisk produkta på pris, men bøndene kan bruka fordelen dei har av nærleiken til naturen, beita og utmarka. Ein småskala produksjon som brukar stadbundne ressursar og held landskap, lokalsamfunn og biomangfald i hevd, vil representera heilt andre verdiar enn den syntetiske mjølka.

Både bønder og politikarar bør difor gå inn for ein mjølkeproduksjon som er basert på bruk av norske grasressursar og beitebruk. Ein må fokusera på det lokale ressursgrunnlaget, ikkje på auka produksjonsvolum og store dyreflokkar i endå større betongfjøs. Det vil vera den industrialiserte volumproduksjonen som først vil bikka under i konkurransen med dei syntetiske produkta.

Vi har ymta frampå om dette før. No, i kjølvatnet av Perfect Day sitt perfekte år, er denne bodskapen endå meir presserande.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Forteljing frå ei anna verd