Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det hastar å verne oss mot eit klima i endring

Ei kraftig oppvakning må til om vi skal rekke å tilpasse samfunnet til klimaendringane før kostnadene med å la vere skyt til himmels. Klimatilpassingsteknologi og næringsutvikling må bli ein sjølvsagt del av innsatsen.

Klimaendringar: Konsekvensane av meir og kraftigare nedbør har alt manifestert seg fleire gonger, spesielt på Vestlandet. Foto: Ned Alley / NTB scanpix

I sommar og haust har vi fått stadige påminningar om at det hastar å verne oss mot eit klima i endring. Snorre Valen, no dagleg leiar i Foreningen Technoport, ropar ut i VG 15. oktober om ein “overveldande” mangel på samla innsats og investering for å førebu oss på eit klimaforandra Noreg. “Det er faktisk helt krise”, skriv Valen, og viser til det store uutnytta potensialet for næringsutvikling innan klimatilpassing.

I det nyoppretta klimatilpassingssenteret Noradapt forskar vi på akkurat dette. Ein studie vi nyleg har utført for Sogn regionråd, viser at biletet slett ikkje er så svart som Valen skal ha det til. Men det hastar å komme vidare.

Det vi erfarte, var at enkelte næringar, som landbruk, er komne forbausande langt. Vatn-, avløps- og renovasjonsbransjen er på god veg, og verksemder innan planlegging og prosjektering er i gang med nye løysingar og tenester.

Bøndene har innsett noko vi som samfunn må skjøne: vi har ikkje råd til å la vere å tilpasse oss.

Vi valde ei brei tilnærming til teknologiomgrepet, og fanga difor opp både nye løysingar, tenester, produkt og driftsformer. Likevel let vi oss overraske over kor mange teikn til klimarelatert innovasjon vi fann. På bakgrunn av studien kan vi slå fast at klimatilpassingsteknologi ikkje er morgondagens teknologi; mange sektorar jobbar alt med å tilpasse seg eit endra klima på slike måtar. Samtidig treng vi at meir skjer, og helst fort.

Konsekvensane av meir og kraftigare nedbør har alt manifestert seg fleire gonger, spesielt på Vestlandet. Ved fare for jordskred i bebygde område, kan dronar med kamera og georadar gi fagpersonar verdifull informasjon om kor vidt eit område er trygt. Om mobilnettet blir slått ut, kan dronar med satelitteknologi bidra til å halde kommunikasjonen oppe, og signal kan overførast over DAB-nettet eller via parabolen.

Annonse

Også innan førebygging finst det døme på at teknologi bør spele ei større rolle. Når det er meldt styrtregn, opplever renovasjonsfirma i Sogn stadig større pågang, både frå vanlege huseigarar, frå bilverkstader, og andre med olje- eller feittavskiljarar i grunnen. Dei som tek kontakt har hastverk med å få tømt tankane før regnet får dei til å fløyme over og spreie miljøskadelege stoff i naturen.

Renovatørar ynskjer seg intelligent sensorteknologi og automatiske varslingssystem som, kombinert med overvaking av nedbørsprognosar, vil gje beskjed om kor vatnet kan gjere størst skade. Slik vil dei kunne prioritere betre mellom oppdraga og starte der risikoen er størst.

Landbruket er sektoren der utnytting av klimatilpassingsteknologi er komme lengst. I sommar kunne forbrukarar i Sogn kjøpe kortreist aprikos. I nedbørsfattige Lærdal har bøndene lenge eksperimentert med nye bær- og fruktsortar på smertegrensa for kommersiell dyrking i eit vestnorsk klima. Morellar dyrka delvis under plasttak har lenge vore ein suksess. Forsøket med aprikos har vore vellukka, og no er tindved, fersken og søtpotet under utprøving.

Å ta i bruk nye plantesortar er i seg sjølv klimatilpassingsteknologi, og planteforskingsmiljøet i regionen hjelper med sortutvikling og avlsarbeid. I tillegg trengst det teknologi som kan verne sårbare fruktblomar mot nattefrost, sidan bløminga ofte startar stadig tidlegare på våren enn før. Tiltak som overrislingsanlegg, tildekking, parafinlys og pelletsomnar må til for å unngå frostskadar. Mot lunefulle vindar, har mange òg investert i ein ny type plastdekke der lamellar løftar seg enkeltvis i vinden utan å skade den kostbare plastduken.

Landbruket må òg vere på tå hev mot nye skadegjerarar som kan etablere seg i Norge takka vere det mildare klimaet. For fruktbøndene står mykje på spel med ei ørlita fluge. Suzuki-fluga gjer stor skade på jordbær, bringebær og kirsebær på kontinentet. Teknologi som fangstfeller, luktfeller og varslingssystem kan hjelpe næringa med å overvake situasjonen. Dersom fluga kjem til landet, står fruktdyrkarane i Sogn klare til å byte ut dei gamle fuglenetta med finmaska insektnett.

Sjølv om studien vår viste at mykje er i emning i ulike bransjar, bør det offentlege støtteapparatet som sit på diverse verkemiddel, arbeide målretta for at tilpassinga skal gå fortare. Kommunane i Sogn kan heilt klart leggje betre til rette for at næringslivet tek i bruk og utviklar tilpassingsteknologi; det same gjeld truleg andre stader. Andre offentlege aktørar har òg ei rolle i å skape møteplassar der næringslivet kan få hjelp til å tenke høgt om klimatilpassing og teknologi, gjerne med bidrag frå akademia.

Sjølv om teknologi kostar, bør vi som samfunn tenke som fruktdyrkarane vi intervjua om investeringar i teknologi. Visst var utlegga dyre, men alternativet var verre: Å sjå næringsgrunnlaget gå fløyten på grunn stadige problem med tørke, styrtregn, flaum eller skadedyr. Bøndene har innsett noko vi som samfunn må skjøne: vi har ikkje råd til å la vere å tilpasse oss.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagens gladiatorarena