Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den femte landbruksrevolusjonen

Ein ny innovasjon i landbruket er undervegs, under mange namn.

Innovasjon: Traktoren revolusjonerte landbruket. Ein ny stor innovasjon er på veg. Foto: Erik Johansen/NTB scanpix

Fire innovasjonar har revolusjonerte landbruket i det tjuande hundreåret: Forbrenningsmotoren, Haber-Bosch-prosessen som hentar nitrogen frå lufta, innføringa av avlsgenetikk i planteproduksjon og husdyrhald og utviklinga av kjemisk kamp mot skadegjerarar og sjukdom på planter og dyr. No er ein femte innovasjon undervegs, under mange namn: Det grøne skiftet, klimasmart landbruk, berekraftig intensivering, sirkulær bioøkonomi.

Dampmotoren vart tatt i bruk av industrien på slutten av 1700-tallet og seinare tilpassa til bruk i skipsfart og jarnvegstransport. I landbruket var bruken av dampmaskin avgrensa til treskeverk og sagbruk på grunn av storleik og drivstoffbehov. Slike problem vart overvunne med utviklinga av forbrenningsmotoren fyrt med fossilt brensel på slutten av 1800-tallet.

Fire teknologiske nyvinningar i landbruket har gitt ein produksjonsauke som har overgått folkeveksten.

Dampdrivne motorar kravde fleire mann til å betene dei, mens bensin- og seinare dieseltraktoren var betydeleg lettare og kunne drivast av ein person. Traktorar med forbrenningsmotor vart snart tilpassa eit breitt spekter av landbruksoppgåver, frå jordbearbeiding til såing og hausting. 80.000 traktorar eliminerte behovet for 155.000 hestar i norsk jordbruk mellom 1949 og 1969. Jord som før gjekk til å dyrke hestefôr (høy, havre), vart no nytta til å dyrke mat til folk (korn, grønsaker) og andre husdyr som produserte menneskemat (kyr, sauer, geiter). Innføringa av traktoren reduserte også behovet for menneskeleg arbeidskraft i produksjonen av menneskemat. Berre i vårt land vart 200.000 arbeidskrefter frigjort til andre næringar under traktoriseringa (frå 1949 til 1966).

Tidleg på 1900-talet vart det gjennom Haber-Bosch-prosessen gjort mogeleg å utvinne nitrogen frå lufta til bruk i produksjon av kunstgjødsel, noe som var med på å skape industrieventyret Norsk Hydro. Dermed var tapet av jordas fruktbarhet ved kontinuerleg avlingsproduksjon redusert og kombinert med husdyrgjødsel og fosfat og kalium frå gruvedrift, kunne jorda gje auka avlingar fleire gonger i året.

Annonse

Den tredje jordbruksrevolusjonen skjedde da avlsforsøk og kryssing av planter basert på genetisk kunnskap vart nytta systematisk for å få fram betre dyr og frø. Utviklinga av hybridkorn som tok til i amerikansk landbruksforsking på 1920-tallet og kunstig inseminering som vart perfeksjonert av Harald Skjervold her heime, utgjorde kvantesprang i bruken av genteknologi for å auke avling og yting i matproduksjonen.

Sjukdom på planter og dyr har alltid vore bondens skrekk sidan menneskja vart bufaste for 10.000 år sidan. Bruken av kjemikaliar i form av syntetiske insektmiddel tok av i USA i mellomkrigstida, men det var først i etterkrigstida at den kjemiske revolusjonen nådde Norge. Ein parade av insektmiddel, soppdrepande middel og plantegifter har bidratt til å redusere forekomsten av skadedyr og sjukdomar, men samtidig har landbrukskjemien gjort betydeleg skade. Det same gjeld produksjonsauken på grunn av dei fire jordbruksrevolusjonane, som har påført vassdrag, luft, dyr og folk noen av dei mest alvorlege miljøproblema i vår tid.

Det positive resultatet av disse fire teknologiske nyvinningane i landbruket har vore ein produksjonsauke som har overgått folkeveksten. Presten og samfunnsforskaren Thomas Malthus tok feil da han meinte at fordi matproduksjonen veks aritmetisk, mens befolkninga aukar geometrisk, så er menneskeslekta dømt til å leva på sveltegrensa, der mange vil lide sveltedauden i sykliske rundar, til liks med andre artar. Da Malthus levde passerte folketalet på jorda ein milliard, i 1927 da dei to første av dei fire landbruksrevolusjonane var godt i gang, passerte folketalet to milliardar, og i dag er vi 7,7 milliardar på jorda.

Spørsmålet blir da: Korleis møter vi dagens utfordringar til matproduksjonen, med 835 millionar underernærte og ei galopperande klimakrise? Svaret er at vi må igjennom ein femte jordbruksinnovasjon, den er godt i gang og den inneber samtidig ein revolusjon av dei fire føregåande innovasjonane.

Trekk-krafta må gå på biodiesel, plantene må modifiserast til å binde nitrogen, naturen må utnyttast på ein smartare måte for å produsere grønt karbon og bekjempe skadegjerarar, landbruket må utnytte store data til å bli presist og klimanøytralt og levere meir energi enn det forbrukar, berre for å nemne noen av dei viktigaste innovasjonane som må koma.

Inntrykket mitt er at den femte landbruksrevolusjonen er i gang, utan at mange er klare over det, heller ikkje alle bøndene.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Heller ikke Alpe-jordbruket kommer av seg selv