Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bitcoin, energibruk og sterke kjensler

Det finst gode grunnar til å bruka norsk fornybar energi til å motverka opphoping av makt på internett. Det bør òg interessera parti som bruker mykje av kreftene sine på å hindra andre typar sentralisering.

Bitcoin er ein radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta spørja nokon. Foto: Mostphotos
Bitcoin er ein radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta spørja nokon. Foto: Mostphotos

Bruk av elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta som Bitcoin, skaper mykje diskusjon. Når straumen i tillegg er subsidiert med nedsett el-avgift, går det i svart for mange. Stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik i Senterpartiet er berre ein av mange høglydte kritikarar av ordninga og då regjeringa på slutten av 2018 føreslo å innføra full el-avgift for denne typen verksemd, jubla både han og mange andre.

Men felles for Gjelsvik og meiningsfellane hans, er at dei har sett seg lite inn i kva Bitcoin og blokkjede-teknologi eigentleg er, og kvifor straumforbruket er ein så viktig del av systemet. Det er difor behov for å forklara fenomenet nærmare for at debatten skal bli meir nyansert.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking. Foto: Vestlandsforsking
Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking. Foto: Vestlandsforsking

Silicon Valley-entreprenøren Raval Navikant har definert Bitcoin på denne måten (omsett frå engelsk av meg): «Bitcoin er eit verktøy for å fri menneska frå oligarkar og tyrannar, forkledd som bli-rik-i-ein-fart.» Det er det siste som provoserer mange, men dei gløymer den første delen, som er den viktigaste.

Under finanskrisa i 2007 og utover, heldt finanssektoren på å køyra verda i grøfta. Ingen vart i realiteten stilte til ansvar for det som hadde føregått av manipulering og svindel. Dei fleste fekk halda på som før, og ikkje noko har endra seg vesentleg. Dette er eit stort problem som også er synleg i dagens økonomisk vanskelege situasjon. Eit alternativ til denne tøyleslause aktiviteten er absolutt nødvendig.

Eit av hovudproblema i denne saka er framstillinga av aktiviteten som «utvinning av kryptovaluta». Energibruken det er snakk om, er nødvendig for å sikra ei open blokkjede, og bør kallast «blokkjede-sikring». Kryptovalutaen som blir tildelt vinnaren av det kontinuerlege lotteriet, er lønn for strevet. Det er i all hovudsak Bitcoin me snakkar om, og 11 år etter oppfinninga er dette systemet verdas sikraste opne IT-system.

Annonse

Det er ope i den forstand at alle kan bruka det og delta i alle delar av det. For oss i Norge er det kanskje ikkje så viktig, men for dei 1-2 milliardane menneske rundt om i verda som ikkje har, og ikkje vil få, tilgang til det ordinære finanssystemet, kan framveksten av kryptovaluta bety inkludering i praksis.

For dei 1-2 milliardane menneske rundt om i verda som ikkje har tilgang til det ordinære finanssystemet, kan framveksten av kryptovaluta bety inkludering i praksis.

Bitcoin er ein radikal idé som truar den etablerte finansverda ved å bryta ned monopol og oligarki og gi alle folk i verda tilgang til eit finansielt system utan å måtta spørja nokon. Det er ein idé eg reknar med at også dei argaste kritikarane av Bitcoin kan stilla seg bak. Eller meiner Sigbjørn Gjelsvik & Co at finansindustrien slik den har utvikla seg, tener oss godt?

Sikringa av Bitcoin brukar store mengder energi, det let seg ikkje nekta for. Til meir energi som blir brukt, til sikrare blir systemet. Me kan gjerne ha ein diskusjon om denne energibruken, og kva som er nok energi. Men den bør vera kunnskapsbasert.

Den 11. mai i år vart tilførselen av nye bitcoin halvert, frå 12,5 bitcoin kvart 10. minutt til 6,25. Det er programmert og skjer om lag kvart fjerde år heilt til alle 21 millionar bitcoin er frigjorde. Etter halveringa vart lønsemda for aktørane i blokkjede-sikringa også halvert over natta. Det førte til at energibruken gjekk ned med mellom 20 og 30 prosent. Det er altså inga naturlov som seier at energibruken i Bitcoin skal auka i det uendelege.

For mange tradisjonelle industristader, særleg på Vestlandet, kan sikring av blokkjeder bli ein ny, kraftkrevjande industri. Mange av desse har rikeleg med konsesjonskraft og hovudproblemet er å få nytta den i næringssamanheng. Kritikarar har peika på at det blir få arbeidsplassar av slike investeringar, men det blir det same for alle typar datasenter.

For sikring av blokkjeder er det viktig at lokalsamfunnet klarer å skapa ein meirverdi saman med investorane. I Mo Industripark har dei tenkt i denne retninga ved etablering av blokkjede-industri og samarbeid med firmaet BitFury. Det bør bli ein modell også for andre stader som ønskjer å satsa på denne næringa.

Bitcoin er ein radikal idé som kan få stor betydning også ut over det økonomiske. Teknologien den var opphav til, peiker mot ei desentralisering av internett og ei svekking av dei store oligarkia –Google, Amazon, Facebook og andre. Det er difor gode grunnar for at norsk fornybar energi skal bidra til ei slik utvikling, til beste for den globale, digitale utviklinga. Eg kan ikkje forstå anna enn at ein desentralisert teknologi som blokkjede, kombinert med eit alternativt finanssystem utan mellomledd, må passa som hand i hanske med Senterpartiet sitt syn.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sandtrøen fordummer debatten