Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Taksono…. kva for noko??

Eitt ord får EU-bøndene til å sjå raudt. Systemet klassar moderne landbruk som "ikkje berekraftig".

Röd liten stuga vid ko: Svensk landbruk kan bli klasset som "ikke bærekraftig" av EU-systemet. Foto: Jann Lipka/Svensk Mjölk
Röd liten stuga vid ko: Svensk landbruk kan bli klasset som "ikke bærekraftig" av EU-systemet. Foto: Jann Lipka/Svensk Mjölk

Du har kanskje høyrt det, men ikkje heilt fått med deg kva det betyr. Ta det med ro, du er ikkje åleine. Taksonomi er ordet.

Om eg skal prøve meg på ei forklaring må det vere ei form for klassifiseringssystem. Det som får bøndene i EU til å sjå raudt er EUs forsøk på å lage eit klassifiseringssystem, inkludert landbruket, for å vise kva som blir rekna for berekraftige investeringar. Systemet er ein del av den gjennomgripande grøne given (Green Deal) som skal gjere EU til verdas fyrste klimanøytrale kontinent i 2050.

Klassifiseringa vi snakkar om her gjeld finanssektoren. Gjennom ei rekke kriterium skal Kommisjonen hjelpe investorar og fondsselskap til å finne berekraftige investeringar. På sikt kan det også gjelde banklån.

Saka var ute på høyring i EU-systemet med frist like før jul. Nokon har kanskje høyrt om saka i norske media. For dette vil også gjelde Noreg gjennom EØS-avtala. Ifølgje kriteria er det ikkje sjølvsagt at norsk vasskraft blir rekna som berekraftig.

For EU-bøndene var det forslaga til kriterium for berekraftig jord- og skogbruk som provoserte. Ei rekkje detaljerte krav til m.a. bruk av plantevernmiddel og beitemark, jordbearbeiding og rapportering blir foreslått. Nokre av krava er så strenge at knapt nok økologisk jordbruk er rekna som berekraftig. EU-bøndene fryktar ekstra byråkrati og tap av konkurransekraft til andre verdsdelar.

Dei meiner dei ikkje er tekne med på råd. Så høg var frustrasjonen at EUs bondelobby Copa-Cogeca like oppunder jul arrangerte ekstraordinært styremøte med EUs finanskommissær Mairead McGuinness som gjest. McGuinness er frå gard i Irland og vanlegvis ganske godt likt av bøndene. Ho var mellom anna forkjempar for reguleringa av kjedemakta som styrker bonden si rolle.

Annonse

Enkelte uttrykte også i møtet at ho var håpet deira i Kommisjonen no når den irske kjempen Phil Hogan har gitt over landbruksposten til ein svak polakk som stadig blir overkøyrd av den mektige klimakommissæren. Difor var kanskje skuffelsen ekstra stor når McGuinness ba bøndene vere endringsvillige og vise investorar at dei er verdt å investere i.

Ein av dei sterkaste kritikarane var den svenske bondelagsleiaren. – Vi vil gjere vårt, med investeringar i fossilfrie traktorar og produksjon av bioenergi. Men taksonomien går feil veg. Kom tilbake med eit nytt forslag! konkluderte ein frustrert Palle Borgström.

I Sverige er det ikkje berre bøndene som har reagert mot forslaga. Regjeringa stemte imot heile reguleringa som er grunnlag for kriteria. I eit lesarinnlegg i slutten av januar skriv sosialdemokraten Staffan Eklöf at jordbruket har gått under radaren i denne saka i Sverige, der fokus har vore på skog- og energispørsmål. Han viser m.a. til at det sannsynlegvis blir rekna som lite berekraftig å restaurere gjengrodd beitemark, og at plantevernmiddel må falle under økologiregelverket for å bli rekna som berekraftig.

– Dermed kjem Sveriges konvensjonelle jordbruk ikkje til å bli rekna som berekraftig trass i at det brukar mykje mindre plantevernmiddel og er meir klimavenleg enn utanlandsk jordbruk. Det konvensjonelle jordbruket kan altså få større problem med å skaffe kapital til investeringar som elles kunne ha gjort jordbruket meir klima- og miljøvenleg. Det er kontraproduktivt, skriv Eklöf i Lantbrukets Affärstidning.

"Det konvensjonelle jordbruket kan altså få større problem med å skaffe kapital."

Dette burde vere eit varsko også for Noreg. Kriteria kan bli så strenge og dårleg tilpassa at mesteparten av norsk jord- og skogbruk blir rekna som lite berekraftig. Ekstra byråkrati og kostnader blir lagt på bønder og skogeigarar. Vi risikerer at ein bitteliten del av europeiske jord- og skogbruk får dei gullkanta investeringane, medan taksonomien ikkje bidreg til at landbruket elles bevegar seg ein millimeter i berekraftig retning.

Kommisjonen har utsett konklusjonen etter å ha fått 45.000 innspel (inkludert frå Norges Bondelag), og 10 EU-land på nakken. Og dette var berre kriteria for dei to fyrste miljømåla: Klimaendringar og klimatilpassing. Utover året kjem det kriteriesett for fire nye miljømål: Bruk og vern av vatn og marine ressursar, overgang til sirkulærøkonomi, avfallsreduksjon, utsleppsreduksjon, og vern om økosystema.

Då gjeld det å vere vaken. Som klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sa i Stortinget i november: - Det er ingen tvil om at det er eit utruleg viktig arbeid, som mange ikkje heilt har skjønt konsekvensane av enno.

Neste artikkel

En prinsippseier