Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmakt i EU og i amerikansk valkamp

Endeleg, etter mange års kamp har EU-bøndene og samvirka fått ei lov om god handelsskikk i verdikjeda for mat.

Matmakt: Storbritannia har hatt lov om god handelsskikk i nokre år. No får EU også ei slik lov. Foto: Michael Spring / Mostphotos
Matmakt: Storbritannia har hatt lov om god handelsskikk i nokre år. No får EU også ei slik lov. Foto: Michael Spring / Mostphotos

For eit par veker sidan ga medlemslanda i Rådet si endelege velsigning. Akkurat i tide for å få det godkjent før EU-valet i mai. No skal direktivet om uheldig handelspraksis (UTPs) setjast ut i livet i medlemslanda.

Det nye direktivet omhandlar 16 uheldige framgangsmåtar. For sein betaling av lett fordervelege produkt, avbestilling i siste liten, einsidig endring av avtaler og misbruk av konfidensiell informasjon blir totalt forbode. Nokre praksisar blir berre tillatne om det er eksplisitt nedfelt i ei avtale. Dette er til dømes at kjøparen kan returnere uselde produkt til leverandøren, eller at leverandøren skal betale for marknadsføring.

Direktivet gjeld for leverandørar med ei omsetning på inntil 350 millionar euro i året. Og akkurat dette siste punktet heldt på å velte heile avtala. Kommisjonen foreslo ei grense på 50 millionar euro i årsomsetning, noko som ville ha ekskludert mange av samvirka i EU.

Bøndene og samvirka kjempa ein innbitt kamp for å utvide denne grensa. Saksordførar Paolo di Castro i EU-parlamentet var på parti og klarte å få igjennom kompromisset på 350 millionar euro. "No er 100 prosent av bøndene og 97 prosent av landbruksindustrien dekka, og vi har dobla talet på ulovlege handlingsmåtar", sa ein nøgd di Castro etter at kompromisset var inngått.

Det var på hengande håret. I mai er det EU-val, og ein ny Kommisjon og Parlament er venta å vere mindre positiv til reguleringa. Dagens landbrukskommissær, irske Phil Hogan har vore ein av forkjemparen for den nye lovgjevinga, og ser det som ei styrking av bonden si rolle. "Ei verkeleg velfungerande verdikjede for mat er berre så sterk som sitt svakaste ledd, og i for mange år var dette leddet bonden […] Forslaget vil gi kraftig vern for alle EU-bøndene, deira organisasjonar og små- og mellomstore selskap", sa Hogan då kompromisset var klart.

No er merksemda retta mot medlemslanda og korleis dei følgjer opp direktivet. Dei aller fleste har allereie innført eigne reguleringar. "Landbruksfamilien vil no følgje godt med på gjennomføringsprosessen", seier den svenske leiaren for EUs samanslutning av landbrukssamvirke COGECA, Thomas Magnusson.

Annonse

Matmakt står også høgt på dagsordenen i den gryande valkampen på andre sida av Atlanteren. Både kandidatane Elisabeth Warren og Amy Klobuchar har lova å ta tak i samanslåingar av selskap, og vil potensielt bryte opp fusjonen mellom Bayer og Monsanto. Bernie Sanders krev eit moratorium på oppkjøp i landbruksindustrien.

Det er ingen tvil om at regulering er nødvendig i USA. På kjøtsektoren kontrollerer fire selskap 80 prosent av den digre amerikanske marknaden. Ingen av desse er samvirke. Ei gruppe produsentar har no gått til rettssak mot dei fire store. Dei skuldar m.a. selskapa for å bruke strategisk stenging av slakteria for å tvinge desperate bønder til å selje kjøtet billegare. Produsentane fryktar industrien vil ”chickenize” storfesektoren. Selskapa kontrollerer på det kjøtslaget heile verdikjeden til og med sjølve kyllingen.

Også sisteleddet styrkar si rolle i USA. Sist veke annonserte verdas største daglegvarekonsern Walmart at dei vil kjøpe ikkje-hormonbehandla Angus-biff direkte frå bonden. Walmart har også opna meieri i Indiana for produksjon av eigne merkevarer.

Det nest største bondelaget i USA, National Farmers Union (NFU), krev forbod mot samanslåingar der dei fire største selskapa vil eige meir enn 40 prosent av marknaden. Dei krev også betre oppfølgjing av anti-trust regelverket, og vil ha oppbryting av store selskap. NFU vart grunnlagt i 1902 nettopp som ein reaksjon på konsentrasjon i verdikjeden og for oppretting av samvirke. På nettsidene har dei konstant overvaking av bonden sin del av matdollaren. No ligg den på rekordlåge 14,6 cent.

Matmakt er også eit viktig tema når verdas bønder og samvirke møtest på World Farmers` Organisation sitt årsmøte i mai. Då blir eit nytt politisk dokument om maktfordeling i verdikjeden for mat vonlegvis vedteke.

Så det norske Stortinget var i godt selskap når dei sist vår endeleg vedtok innføring av Lov om god handelsskikk med eit fritt og uavhengig tilsyn. Seks år etter at forslaget vart lagt på bordet. Regjeringa følgje vedtaket til punkt og prikke og fortast mogleg setje ut i livet dette fyrste viktige steget mot ei betre fungerande verdikjede for mat i Noreg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

UDI prioriterer sesongarbeidere høyt