Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruksthriller med berekraft som hovudingrediens

Grønare, meir dyrevenleg og fleksibel. Slik oppsummerer EU-Kommisjonen den rykande ferske førebelse avtala om ein ny landbrukspolitikk.

Ny landbrukspolitikk: Bøndene i EU kjenner presset med lågare budsjett, meir fokus på klima og kjøt og bruk av naturressursar, og ein tøffare konkurranse globalt, skriv Hildegunn Gjengedal. Her ei ku i Nedeland. Foto: Siri Juell Rasmussen
Ny landbrukspolitikk: Bøndene i EU kjenner presset med lågare budsjett, meir fokus på klima og kjøt og bruk av naturressursar, og ein tøffare konkurranse globalt, skriv Hildegunn Gjengedal. Her ei ku i Nedeland. Foto: Siri Juell Rasmussen

Etter tre år med tautrekking er EU-institusjonane endeleg samde. Den gamle politikken enda allereie i 2020, men vart forlenge i to år medan debatten rasa. Det er kanskje ikkje så rart at EU trengde meir tid. Allereie før Kommisjonen la fram sitt forslag til ny landbrukspolitikk i 2018 hadde Storbritannia bestemt seg for å segle sin eigen sjø.

Med seg i reisekista tok dei sine bidrag inn i EU-kassa. Sidan landbruket utgjer nærare 40 prosent av fellesbudsjettet prega pengedebatten fyrste akt i debatten rundt ny landbrukspolitikk. Så var det val våren 2019. EU fekk nytt Parlament og ny landbrukskommissær. Dei konservative og sosialdemokratane tapte og Dei Grøne fossa fram. Resultatet vart meir fokus på klima og berekraft. I desember 2019 vart EUs Green Deal vedteken. Målet var å bli verdas mest berekraftige kontinent og klimanøytral innan 2050. For landbruket vart det lansert ein eigen Farm to fork-strategi (jord/fjord til bord), og ein strategi for biodiversitet. Ambisjonsnivået er høgt for både dyrevelferd, miljø og klima. I tillegg skal finanssektoren hjelpast til å gjere grøne investeringar gjennom den såkalla taksonomien.

«Klimakriteria Kommisjonen foreslo for landbruket var så kontroversielle at heile landbruksdelen vart utsett.»

Klima

Klimakriteria Kommisjonen foreslo for landbruket var så kontroversielle at heile landbruksdelen vart utsett. Bøndene fryktar at dette samla trykket gir auka kostnader og dårlegare konkurransekraft. Samtidig har dei mist den irske bautaen Phil Hogan som sin store beskyttar. Den nye landbrukskommissæren Wojciechowski frå Polen klarte så vidt å snuble seg gjennom Parlamentsgodkjenninga, og lever no i skuggen av den mektige klimakommissæren og visepresidenten Frans Timmermans.

Annonse

EUs felles landbrukspolitikk (CAP) har blitt vedteken for seks år av gangen heilt tilbake til 1962. Politikken skal fylle mange mål: Matsikkerheit, gode vilkår for bonden, levande bygder og ei god handsaming av naturressursane. Vektinga mellom dei ulike måla har variert. I starten sto matsikkerheit i sentrum. Så stor var iveren etter å produsere at det enda med overproduksjon. Smørberga vart eit symbol på dette. Det vart også dyrt for EU sidan det i motsetnad til i Noreg er staten og ikkje bondeeigde samvirke som har ansvar for marknadsreguleringa. No er det klima og miljø som dominerer.

Mellom dei største stridstema i den nye landbrukspolitikken har vore kor stor miljødelen gjennom såkalla ecoschemes skal utgjere av dei direkte utbetalingane til bøndene. Etter dragingar fram og tilbake, der medlemslanda gjennom Rådet drog ned og Parlamentet opp, enda dei på 25 prosent. For å få tilgang på desse midla må bøndene gjennomføre miljøtiltak og betre dyrevelferda.

I tillegg er 35 prosent av bygdeutviklingsmidla sett av til miljø og dyrevelferdstiltak. Minst 3 prosent av dyrkamarka skal settast av til biodiversitet. Meir av støtta skal omfordelast til små og mellomstore bruk og unge bønder, og sosial- og arbeidarrettar må respekterast for å motta støtte. Denne sosiale dimensjonen har vore ei hjartesak for den nye landbrukskommissæren som stadig trekk fram sine barndomsminne av småbruk på landsbygda i Polen, og framhevar utfordringar med «industrilandbruket».

Klimakommissær Timmermans seier avtala burde gått lenger, men likevel utgjer det ei reell endring i korleis landbruket vil bli drive i EU. Nokon meiner Rådet har vunne kampen, andre meiner det er Parlamentet som er sigerherren. Men både Rådet og Parlamentet er samde om at Kommisjonen har vore lite til hjelp. – Vi såg konflikten mellom Wojciechowski og visepresident Timmermans. Det er ikkje ok for ei slik type regulering, seier Parlamentet sin saksansvarleg Ulrike Muller.

Og kva seier bøndene? Leiaren for dei svenske bøndene seier det er bra at landbruket blir meir berekraftig, men minner samtidig om at berekraft også har ein økonomisk og sosial dimensjon. Den største organisasjonen for bøndene og samvirka i EU, Copa-Cogeca seier avtala inneber ei utfordring utan sidestykke for bøndene, og peikar særleg på utfordringar knytt til å oppfylle Green Deal. Bøndene kjenner presset med lågare budsjett, meir fokus på klima og kjøt og bruk av naturressursar, og ein tøffare konkurranse globalt. Kort oppsummert under aksjonen Copa-Cogeca hadde sist veke: «CAP, farm to fork, biodiversitetsstrategi og handelspolitikk – dominoeffekten som vil knuse EU-bonden».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ny regjering gir 1–0 til norsk ull, i EU derimot er det knock-out