Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Konkurranse på ulike vilkår

Britiske bønder jobbar for at Storbritannia skal setje kvalitetskrav til importmat. Kva med Noreg?

Kvalitetsforskjell: Bør Noreg setje kvalitetskrav til importert kjøtt, som her frå Tyskland? Foto: Turid Stalsberg
Kvalitetsforskjell: Bør Noreg setje kvalitetskrav til importert kjøtt, som her frå Tyskland? Foto: Turid Stalsberg

Etter at Brexit var eit faktum starta dei britiske bøndene ein hard kamp for at importerte varer skal halde same standard som britiske landbruksprodukt.

National Farmers Union (NFU) laga ein koalisjon med miljø- og forbrukarorganisasjonar, helse- og dyrevelferdsorganisasjonar og samla ein million underskrifter for å hegne om britiske standardar.

Koalisjonen tapte i fyrste omgang avstemninga i parlamentet om å stoppe all import av landbruksvarer som ikkje held britisk standard. Men dei vann avstemninga om oppretting av ein handels- og landbrukskomite som skal konsekvensutgreie kva framforhandla handelsavtaler betyr for britisk landbruk. Bøndene er representert i komiteen.

NFU kallar opprettinga av komiteen eit landemerke for britisk landbruk. Dei britiske bøndene prøver å finne lys i enden av det mange såg som ein mørk tunnell: - For fyrste gongen på fleire tiår har landet vårt moglegheit til å forme handel, immigrasjon og landbrukspolitikk som vil definere oss i årtier framover, sa sa bondelagsleiar Minette Batters, på årsmøtet i februar.

Ho oppmoda regjeringa til å vise globalt leiarskap og insistere på at britiske standardar skal vere gullstandardaren. Alle som vil handle med oss må gjere det med våre standardar, meiner Batters: – Vi kan ikkje tillate at våre høge standardar blir underminerte av import av varer som ville vore forbode å produsere her.

Ho peikar mellom anna på at USA ikkje har felles føderale krav til dyrevelferd. Japan, Australia, Kina, Canada, Brasil, Malaysia og India har lov til å bruke antibiotika som vekstfremjarar. Klorbehandling av kylling er ikkje tillate i Storbritannia fordi det er kontrollar undervegs, med grenser for tettleik, reglar for standardar og veterinærkontroll.

– Dette dreier seg ikkje om klorkylling, men eit breiare prinsipp. Vi må ikkje binde britiske bønder til høge standardar samtidig som vi vinkar inn matvarer til standardar som ikkje ein gong når dei lågaste krava, seier Batters.

Likevel er USA og klorkyllingen eit nærliggande døme. Forhandlingane om ei frihandelsavtale med USA starta opp i vår. Frykten for ein britiske matmarknad overfløymd av klorkylling og hormonhandsama kjøt sameiner bønder, miljøorganisasjonar og forbrukarar på dei britiske øyane.

Annonse

Som det gjorde i EU då forhandlingane med USA om handelsavtala TTIP var på sitt varmaste. Forhandlingane er lagt på is, men blir kanskje vekt til liv igjen når Biden har fått rydda opp på heimebane.

Akkurat no er det Mercosur som uroar EU-bøndene mest. Land etter land og parlamentarikar etter parlamentarikar åtvarer mot å godkjenne den framforhandla avtala med den latin-amerikanske handelsblokka. Fem landbruksministrar med Austerrike i spissen åtvara sist veke mot avtala, som dei meiner er ein trussel mot EU-landbruket.

Som ein tidlegare dansk bondelagsleiar og frihandelsentusiast sa til meg for mange år sidan: – Men vi kan jo ikkje konkurrere med Brasil, dei har jo heilt andre standardar.

Nye miljø- og klimakrav i den ferske Farm to fork-strategien gjer ikkje akkurat skilnadene i standardar mindre.

Og kva så med norske bønder, med enno høgare krav til miljø, dyrevelferd og mattryggleik, og med eit skyhøgt kostnadsnivå? Kanskje bør også vi kreve stopp i import som ikkje oppfyller våre standardar, eller i det minste konsekvensutgreiing om effektar for landbruket ved nye avtaler?

"Kanskje bør også vi kreve stopp i import som ikkje oppfyller våre standardar, eller i det minste konsekvensutgreiing om effektar for landbruket."

Når britiske bønder blir pressa på heimemarknaden leitar dei etter eksportmarknader. I mandatet for den nye komiteen ligg også identifisering og opning av nye eksportmoglegheiter for britisk landbruk. Vi er akkurat no inne i forhandlingar om ei frihandelsavtale med Storbritannia. Som britiske bønder ynskjer heller ikkje norske bønder å bli utkonkurrert av importerte varer med lågare standard og produksjonskostnader.

Konkurransevilkåra blir aldri like. Ein kan aldri utjamne alle skilnader i landbruksproduksjonen mellom land. Natur og topografi, jordsmonn, standardar og kostnader vil aldri bli like. Tollvernet er vår beste utjamningsmekanisme mot desse skilnadene. Og den er ikkje til sals.

Som den britiske bondelagsleiaren seier: - Viss avtala på bordet betyr urettferdige konkurransevilkår for britiske bønder på heimemarknaden må forhandlarane vere klare til å forlate forhandlingsbordet. Vi må ikkje godta ei handelsavtale berre for å godta den, og dei britiske høge standardane må ikkje bli eit forhandlingskort.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ujevnt om skog fra ny regjering