Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimapolitikk – moglegheiter og frustrasjon for EU-bonden

Midt i desse klimaforhandlingstider kan det vere verdt å kikke på korleis EU-bonden ser på klimapolitikken. Eller i alle fall nokon av dei.

I berekraftsvurderingar er det lett å falle ned på reine klimareknestykke, skriv Hildegunn Gjengedal. Her frå produksjon av tulipanløk i Nederland Foto: Siri Juell Rasmussen
I berekraftsvurderingar er det lett å falle ned på reine klimareknestykke, skriv Hildegunn Gjengedal. Her frå produksjon av tulipanløk i Nederland Foto: Siri Juell Rasmussen

Klimapolitikken gir moglegheiter. Som bønder overalt seier: Vi er dei fyrste til å kjenne klimaendringane på kroppen og innser at noko må gjerast for å stoppe utviklinga. Og vi har løysingar å tilby.

Rett rundt hjørnet i EU er eit forslag til lov om karbonopptak. EU-kommisjonen vil sette ein EU-standard for korleis bøndene kan sertifisere aktivitetar som gir opptak og lagring av CO2. Dette kan gi ekstra inntekt til bøndene samtidig som det kan gi meir biologisk mangfald, eit vinn-vinn-tiltak, ifølgje Kommisjonen.

Men når det gjeld reduksjon av klimautsleppa er det slutt på idyllen og vinn-vinn. Kva sektorar skal redusere mest, og kva tiltak skal settast i verk for å få ned utsleppa? Her stig frustrasjonsnivået til EU-bonden, enten det gjeld nasjonal politikk eller EU-politikken.

Dei danske bøndene kjende seg pressa frå skanse til skanse under politikarane sin overbodskamp fram mot det ferske valet. Parti etter parti lova tøff klimapolitikk med CO2-avgifter. – For nokre parti gjekk det nærast ein bodkrig i klimadebatten, seier leiaren for det danske bondelaget Landbrug og Fødevarer, Søren Søndergaard.

Han meiner danske politikar må vere plaga med dårleg minne, sidan dei for berre eit år sidan inngjekk ei landbruksavtale som også sette mål for klimaet. Han minner om, som mange bønder har gjort før han, at det er stor skilnad på fossile brennstoff og biologiske prosessar.

Med ei høg CO2-avgift på danske matvarer fryktar han tap av konkurranseevne og tusenvis av arbeidsplassar, og auka import. – Det er jo helt forskrekkelig, sa ein dansk frustrert økobonde eg traff på konferanse tidlegare i haust. – Har de noko slikt i dykkar land, spurde ho frustrert sine nordiske kollegaer rundt middagsbordet.

"Kva sektorar skal redusere mest, og kva tiltak skal settast i verk for å få ned utsleppa?"

Vinn-vinn?

Den svenske bondelagsleiaren Palle Borgström var ein av dei. Han var nyleg i duell med EU-toppbyråkrat Wolfgang Burtscher på Yara og Agri Analyse sitt haustseminar i Oslo. Den same Burtscher som hissa på seg samtlege bondelagsleiarar samla i paraplyorganisasjonen Copa-Cogecas styremøte, då han antyda at dei ikkje hadde god dokumentasjon på eigne miljø- og klimatiltak.

Annonse

Som svar fekk han haugevis med dokumentasjon i e-posten sin. På seminaret i Oslo uttrykte Borgström stor frustrasjon over EUs klima- og miljøpolitikk, gjennom sin jord-til-bord-strategi og strategien for biologisk mangfald.

Borgström fryktar som mange andre bønder at tiltaka vil gå utover matproduksjonen og føre til dårlegare matsikkerheit. – Det er openbert at det vil redusere produksjonen i Europa, sa Borgström ifølgje Nationen. Burtscher innrømmer at EUs balansering mellom klima- og miljøomsyn og produksjon av nok mat er ei utfordring i krisetider.

Også finske bønder er frustrerte over EUs miljø- og klimapolitikk. – Det går for fort og for langt, sa Max Schulman frå det finske bondelaget MTK på Nei til EUs landbrukskonferanse tidlegare i haust. Også han påpeika at klima- og miljøkutta kan gå på kostnad av matproduksjonen. Finske bønder er også frustrerte over at skogbruket blir sett meir på som eit problem enn ei løysing for miljø- og klimautfordringane.

Den nederlandske bonden Bart Kemp uttrykte også sin frustrasjon på Nei til EU-seminaret. Bøndene der kjenner seg overkøyrde av styresmaktene som vil redusere utsleppa av nitrogen med opp til 70 prosent på kort tid, noko ein trur vil gi 11.000 færre bønder. Kemp frykta auka import frå land med dårlegare miljøstandardar.

Trykket er særleg stort på EUs animalske produksjon. Her er klimautsleppa størst og kjenslene sterkast. Dyrevelferd, klima og ernæring går opp i ei høgare eining, og dei positive effektane av beitande dyr og opptak av karbon kjem fort i bakleksa.

Forslag til ernæringsmerking har sett sinne i kok for italienske bønder, som fryktar at ost og skinke blir merka med raude trafikklys på pakken. Og dei nordiske bøndene har nyleg skrive felles brev til Nordisk ministerråd om frykt for ubalansert nedvurdering av raudt kjøt, og lite breidde i berekraftsvurderingane i dei nye kosthaldsråda for Norden.

I berekraftsvurderingar er det lett å falle ned på reine klimareknestykke. Det er enklare å telje karbonekvivalentar enn effekten på matsikkerheit og verdien av kulturlandskap og levande bygder. Alt dette og meir til må inn i reknestykket for å få ei berekraftig utvikling for bønder og resten av samfunnet både i og utanfor EU.

Neste artikkel

Den som vil beholde makt i Norge må lytte til grasrotbevegelsene