Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klima- og miljøvedtak som redefinerer EU-jordbruket

EU-sommaren har bydd på avgjerande vedtak for EU-bøndene. Energi- og miljøministrane i EU vedtok i slutten av juni ein klimapakke med stor effekt for landbruket.

For kvart nye vedtak som dukka opp utover sommaren gjentok Copa-Cogeca at den samla byrden for bonden blir for stor, skriv Hildegunn Gjengedal. Her kyr på beite i Sverige. Foto: Mostphotos
For kvart nye vedtak som dukka opp utover sommaren gjentok Copa-Cogeca at den samla byrden for bonden blir for stor, skriv Hildegunn Gjengedal. Her kyr på beite i Sverige. Foto: Mostphotos

I tillegg kjem nylege initiativ knytt til EUs jord- til bordstrategi, skogstrategi og ein strategi for å restaurere naturen. Til saman er dette initiativ som kan «redefinere EUs landbruksmodell for tiår framover», meiner EUs bonde- og samvirkesamanslutning Copa-Cogeca.

Våren 2020 la EU fram sin jord-til-bord-strategi (Farm to fork) for eit meir berekraftig matsystem. Dette var ei oppfølging av Green Deal eller den grøne given som vart lansert i desember 2019, med ambisjonar om å bli verdas fyrste klimanøytrale kontinent.

Innan 2050 skal det ikkje vere netto-utslepp av drivhusgassar frå EU, økonomisk vekst skal vere fråkopla ressursbruk, samtidig som alle skal med på den vidare ferda når EU skal bli meir konkurransedyktig.

På landbruksområdet skal jord-til-bord-strategien (som også inkluderer fisk) saman med biodiversitetsstrategien gi eit matsystem som har nøytral eller positiv miljøeffekt, reduserer klimautsleppa og tilpassar landbruket til klimaendringane, snur tap av biologisk mangfald, sikrar tilgang på nok sunn og berekraftig mat som folk flest har råd til og samtidig gir bøndene ei inntekt å leve av, gjer EU konkurransedyktig og promoterer rettferdig handel. Ikkje noko mindre.

"På landbruksområdet skal jord-til-bord-strategien (som også inkluderer fisk) saman med biodiversitetsstrategien gi eit matsystem som har nøytral eller positiv miljøeffekt"

Jord-til-bord

No er EU i full gang med å setje ambisjonane ut i livet. Miljø- og energiministrane i EU vart i slutten av juni samde om ein lovgjevingspakke for «Fit for 55», EUs plan for å redusere klimautsleppa med 55 prosent innan 2030 (frå 1990-nivå). Ministrane vart samde om 61 prosent kutt i klimautslepp frå sektorar dekka av klimakvotesystemet (ETS).

For klimautslepp frå sektorar som ikkje er del av kvotesystemet (ESR), som landbruk, vart medlemslanda samde om å kutte klimagassutsleppa med 40 prosent (i forhold til 2005-nivå). Dei vil også framleis ha nasjonale mål for kvart enkelt medlemsland. Medlemslanda skal få fleksibilitet i gjennomføringa ved årsaker utanfor deira kontroll, som til dømes naturkatastrofar, men det samla målet for EU skal likevel stå fast.

Annonse

Men dette blir meir komplisert, hald deg fast! For ved sidan av kvotepliktig sektor (ETS) og ikkje-kvotepliktig sektor (ESR) har EU eit eige regelverk for klimautslepp og -opptak frå arealbruk og skog, den såkalla LULUCF-sektoren. Her vil ministrane at sektoren skal ta opp 310 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2030.

Dette betyr 15 prosent auke i opptak frå dagens nivå. Frå 2026 til 2030 skal medlemslanda ha bindande nasjonale mål. I 2023 skal Kommisjonen levere ein rapport om opptak også av utslepp av klimagassar utanom CO2 og fastsetting av eit eige mål for arealsektoren etter 2030.

Dette likar EU-bøndene og -samvirka i Copa-Cogeca dårleg. Dei meiner det er til hinder for å sjå areal-/skog og jordbrukssektoren under eitt (den såkalla AFOLU-sektoren) og få til synergieffektar. Copa-Cogeca er heller ikkje begeistra for konkrete mål for medlemslanda separat.

Tidlegare same veka vedtok miljø- og energirådet tiltak for å redusere forbruk av produkt som bidreg til avskoging eller degradering av skog. Krav til kontroll av korleis palmeolje, storfe, tømmer, kaffi, kakao og soya er produsert blir strengare. Copa-Cogeca er uroa for at det nye regelverket skal forstyrre verdikjeda for råvarer og påverke matsikkerheita i EU. Den nyleg vedtekne skogstrategien strammar også inn måten ein kan drive skogen på i EU.

Kommisjonen har heller ikkje lege på latsida denne sommaren. Berre ei vekes tid før ministermøtet kom dei med forslag til restaurering av naturen, mellom anna ved gjenoppretting av myr. Restaureringa kjem til å koste 7 milliardar euro kvart år, og dette skal finansierast mellom anna gjennom EUs felles landbrukspolitikk (CAP). Copa-Cogeca er skeptisk til å ta midlar frå CAP, der allereie 40 prosent er sett av til miljøtiltak.

Og sist, men ikkje minst, kom Kommisjonen same dag med forslag til bindande mål om 50 prosent kutt i bruk av plantevernmiddel innan 2030, med konkrete krav til enkeltland. Copa-Cogeca meiner det manglar gode alternativ og ein plan for finansiering av tiltaka. Dei fryktar kutta vil gå utover matsikkerheita.

For kvart nye vedtak som dukka opp utover sommaren gjentok Copa-Cogeca at den samla byrden for bonden blir for stor, og at redusert matproduksjon og utflytting av produksjonen kan bli resultatet. Så langt har ei lita utsetting av tiltak grunna pandemi og krig vore einaste svar frå EU.

Neste artikkel

«Folk skal ha tilgang på rimelig strøm»