Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

"Ikkje sjå til USA"

"Du kan helse dei norske politikarane at dei ikkje må sjå til USA", sa ein kollega etter presentasjonen min om norsk jordbruk.

Eit stort mjølkebruk i vestre Wisconsin. Foto: Paul Jantz Mostphotos
Eit stort mjølkebruk i vestre Wisconsin. Foto: Paul Jantz Mostphotos

"EU-landbruket, hm … for å vere ærleg veit vil vel ikkje så mykje om det", seier ein kollega her i National Farmers Union (NFU) i USA. Ein annan peikar på at landbruket i Europa er meir regulert, har meir fokus på mattryggleik, småskala- og grøn produksjon enn i USA. Det stemmer bra med inntrykket etter snart tre veker som hospitant hjå NFU.

At europeiske regjeringar har meir fokus på klima enn USA er nok inga bombe. President Donald Trump trakk som kjent USA ut av Paris-avtala, og forsikrar veljarbasen om at kolproduksjonen skal bestå.

Men etter at Demokratane fekk fleirtal i Representantane sitt hus etter nyttår, er klima igjen på den politiske dagsordenen. Det har vore klimahøyringar i Kongressen, og superstjerna Alexandria Ocasio-Cortez sin Green New Deal er på alle sine lepper her i Washington DC.

Allereie er det snakk om nye New Green Deals. Forslaget er lite ambisiøst og konkret sett med europeiske auge. Det er meir som eit vegkart med ein ambisjon om ein gong å bli fossilfri. Men her blir det sett på som radikalt, sjølv av moderate demokratar.

NFU, som representerer små familiebruk, ynskjer ein ambisiøs klimapolitikk, og ser nye moglegheiter for landbruket, til dømes i etanolmarknaden. For 10 år sidan fekk dei nesten gjennomslag for å opne ein marknad for kjøp og sal av karbonkredittar. Men også dei er redde for at ein ambisiøs klimapolitikk skal tvinge dei til å slakte kyr.

I mjølkestaten Wisconsin er snittet rundt 1000 kyr. Men det finst òg mange små gardar. Eg delte årsmøtebord med ein bonde med 40 kyr.

Direktøren for det statlege opplysningskontoret for storfekjøt (ja, dei har det her òg) i Oklahoma viser meg faktaark som seier at storfe berre står for to prosent av dei amerikanske klimautsleppa. I lunsjen ler bøndene av den oppbrukte vitsen om kyr som prompar. Sjølv om Oklahoma-innbyggarane «want their beef», er 7 millionar amerikanarar vegetarianarar og 22 millionar har ein vegetarinspirert diett.

Annonse

Reglane for dyrevelferd og mattryggleik er strengare i Europa. Klorkylling, genmodifisering og hormonhandsama biff ligg stadig på forhandlingsbordet sjølv om TTIP-avtala er lagt i frysedisken. Landbruksminister Perdue åtvara nyleg på ein konferanse mot «angsten for maten». Crispr-forskaren åtvare seinare på dagen mot å få same diskusjonen om merking og regulering rundt den nye genendringsmetoden som ein hadde rundt dei «gamle» GMO-ane.

Eg mintest då dei garantert GMO-frie soyabønnene frå Kina eg fann i lokalbutikken. Dei var ved sidan av kalkunpålegget merka «humant oppfôra», utan nitrat og nitritt og «ingen antibiotika – EVER». Mjølka i kjøleskapet mitt er merka «ingen veksthormon». Angsten lever tydelegvis i beste velgåande.

På mjølkepakken står det også at den kjem frå eit lokalt meieri som er eigd av familiebønder. Og egga er produserte på eit lite familiebruk. Folk vil vite kvar maten kjem frå, som det vart sagt på årsmøtet i Oklahoma NFU. Både smått og lokalt har eit salspotensial, kanskje som ein kontrast til det store.

Finst det små bønder enno, spurde ein diplomat eg trefte. Snittstorleiken på bruka er høg samanlikna med Europa. Som ein bondelagsleiar her sa: Vi har mykje land å ta av, europearane har måtta lære seg å drive effektivt på små bruk. I mjølkestaten Wisconsin er snittet rundt 1000 kyr. Men det finst òg mange små gardar. Eg delte årsmøtebord med ein bonde med 40 kyr. Og i Pennsylvania køyrde vi forbi hestar og kjerrer og små bruk utan elektrisitet, drivne av Amish-bønder.

Landbruket her i USA er mindre regulert, særleg samanlikna med Noreg. Bak i historia har det vore både marknadsregulering, kvotar og styrte prisar. Gradvis har ein gått frå direkte inngripen i marknaden gjennom oppkjøp og kontroll med produksjonen, til støtte frikopla frå produksjonen (ikkje ulikt EU) og forsikringsordningar.

Avlingsforsikring og pris- eller inntektstapskompensasjon basert på historisk produksjon er viktige ordningar. Utbetalingane varierer med avlingar og prissvingingar, men i snitt utgjer dei amerikanske støtteordningane berre 10 prosent av inntekta til bonden, mot rundt 60 prosent i Noreg.

Er dei amerikanske bøndene så glade for å sleppe reguleringsåket og vere fri til å drive som dei vil? "Freedom to farm", fnyser kollegaen min. NFU kjempar for å gjeninnføre marknadsregulering på mjølk. Nettoinntekta til bonden er halvert sidan 2013, og medianinntekta er negativ. Sjølvmordsbølga går som ei mare over Bygde-Amerika, og handelskrigen med Kina har pressa soyaprisane ned for lang tid.

"Du kan helse dei norske politikarane at dei ikkje må sjå til USA", sa ein kollega etter presentasjonen min om norsk jordbruk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Brexit og demokrati