Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikkje konstruert for krise på alle sektorar

Koronakrisa har sett EU-samarbeidet på prøve. Grenser blir igjen stengde og nasjonalstatane set i verk eigne tiltak.

Sjølv om salet har gått opp i daglegvaresektoren, veg det ikkje opp for tapt sal til ofte høgare prisar på restaurantar. Her frå ein matmarknad på Kypros. Foto: Mostphotos
Sjølv om salet har gått opp i daglegvaresektoren, veg det ikkje opp for tapt sal til ofte høgare prisar på restaurantar. Her frå ein matmarknad på Kypros. Foto: Mostphotos

Etter massiv kritikk frå bønder, landbruksministrar og parlamentarikarar la EU-kommisjonen sist veke endeleg fram tiltak for å stabilisere den hardt prøva marknaden. – Eit fyrste steg, men ikkje nok, sa samanslutninga av EU-bønder og samvirke. - På grensa til fornærmande lågt, sa den irske meieripresidenten Pat McCormack, og viste til at krisepakken berre gir 8 euro ekstra i lommen per bonde.

Krisepakken på rundt 80 millionar euro inneber privat lagring av meieriprodukt, storfe, sau og geit, noko som vonleg vis får marknaden i betre balanse. Pakken inneber også meir fleksibilitet for marknadsstøtteprogram på produkt som frukt og grønt, vin og olivenolje, og unntak frå konkurranselova for blomar og plantar, mjølk- og poteter.

Manglande leveringar til restaurantar, kafear, kantiner og skular har slått hardt inn i EU-marknaden. Sjølv om salet har gått opp i daglegvaresektoren veg det ikkje opp for tapt sal til ofte høgare prisar på restaurantar. Rundt 30 prosent av dei mest verdifulle delane av storfekjøtet og vinen går til storhushaldning, skulemjølka forsvinn og mjølkeprisen rasar, akkurat når mjølkebøndene var i ferd med å reise seg frå sist krise. Salet av pommes frites og blomar går dårleg. Bønder og samvirke melder også om ufine metodar frå daglegvarekjeder i vanskelege tider.

Pakken frå Kommisjonen kom etter veker med kritikk frå bønder og industri, EU-parlamentarikarar og ein samla tropp med landbruksministrar. Det siste er sjeldan kost. Tiltaka EU hadde sett i verk så langt, med lettare grenseovergang for jordbruksarbeidarar, tidlegare utbetaling av støtte og meir fleksibilitet i utbetaling av nasjonal støtte, var for puslete.

Landbrukskommissær Janusz Wojciechowski vart skulda for å la det skure og gå. I møte med landbrukskomiteen i Parlamentet påstod han dei hadde leita med lys og lykte utan å finne pengar til marknadstiltak og andre krise-instrument. Han fekk svar på tiltale: - Det er rett og slett ikkje godt nok å seie at det ikkje er pengar i denne krisetida med kaos i marknaden, sa det mektige irske parlamentsmedlemmet Mairead McGuinness.

Annonse

I heimlandet Irland, som er EUs største biffeksportør, rapporterer næringa om eit prisfall for biff på 40-60 prosent. 30 prosent av det irske storfekjøtet går til storhushaldning og 60 prosent av biffen hamnar der. Sjølv om sal i butikk har gått opp med 10-20 prosent er det kjøtdeig og burgarar og andre billege produkt som sel best. Berre på ti dagar fall pris til bonden per dyr med 70-80 euro.

No har landbrukskommissæren leita litt meir og funne 80 millionar euro med delvis ubrukte midlar frå kistebotnen. Det imponerer ikkje næringa. – Altfor lite, fnyser den irske bondelagsleiaren Tim Cullinan.

Koronakrisa har sett EU-samarbeidet på prøve. Grenser blir igjen stengde og nasjonalstatane set i verk eigne tiltak. Sjølv om forsyningslinene førebels ser ut til å fungere, reiser koronakrisa fundamentale spørsmål ved ein så stor avhengnad av den frie flyten både innanfor og utanfor EU-grensene. I krisetider er forsyning av eigne borgarar lengst framme i pannebrasken. Rundt 80 land har sett i verk eksportrestriksjonar, rett nok mest på medisinsk utstyr, men også landbruksvarer.

EUs landbrukskommissær seier landbruket må gjerast meir motstandsdyktig for å møte med framtidige kriser. Debatten har også sine positive sider. Bønder i mange land kan glede seg over meir fokus på nasjonal matforsyning og større interesse for lokalmat. Svenske forbrukarar som heng over grytene heime ser til dømes ut til å vere meir opptekne av at kjøtet er svensk enn innkjøpsansvarlege i restaurantbransjen.

Mange av utfordringane EU-bøndene møter deler dei med norske bønder.

Mange av utfordringane EU-bøndene møter deler dei med norske bønder: Tilgang på utanlandsk arbeidskraft og stopp i levering til betre betalande restaurantar er kjende problemstillingar.

Men EU-systemet skil seg også frå det norske. Avgjerdsprosessar tek lenger tid og tiltaka passar ikkje alle medlemslanda. Medan enkelte medlemsland ber om meir fleksibilitet til å utforme eigne tiltak, er andre redde for nasjonale ordningar som øydelegg den felles marknaden. EU manglar samvirkestyrt marknadsregulering med mottaksplikt og produksjonskvotar som vi har i Noreg. Dermed må britiske bønder tømme ut mjølka når restaurantane ikkje lenger vil ha produkta. Kanskje er det noko i det landbrukskommissær Wojciechowski nyleg sa: "EUs landbrukspolitikk er ikkje konstruert for slike kriser i alle sektorar."

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Arla sender hjem 1500 ansatte