Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hjelper ikkje å eksportere klimasamvit

Som norske bønder hamnar EU-bøndene i eit krysspress mellom klimakrav og stadig nye importavtaler.

Utslippskutt per kg: Nett som i Noreg har EU kutta landbruksutsleppa. Foto: Bjarne B. Aase
Utslippskutt per kg: Nett som i Noreg har EU kutta landbruksutsleppa. Foto: Bjarne B. Aase

I juni vart ei handelsavtale med Mercosur (Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay) ferdigforhandla. Sist veke la EU-kommisjonen fram sin felles uttale før FN-møtet om klima i New York 23.september. EU vil vere best i verda på klima, og har ambisjonar om å bli klimanøytral innan 2050. Strategien kjem i 2020. Allereie no har EU forplikta seg til å redusere klimautsleppa med minst 40 prosent innan 2030. Også Noreg er tilslutta EUs reduksjonsplan.

Metanutsleppa i EU-landbruket har gått ned med 20 prosent sidan 1990, medan mjølkeproduksjonen auka med 60 prosent.

EU-bøndene og -samvirka i Copa-Cogeca finpussar også på eit posisjonspapir på klima. Dei vil ta sin del av reduksjonen av klimagassar, men vil unngå kutt i produksjonen. EUs landbruksmodell med variert, lokal og familiebasert drift er mellom dei mest effektive i verda, meiner Copa-Cogeca. Den har tillate EU-landbruket ein auke i produktiviteten på 25 prosent sidan 1990, samtidig som klimagassutsleppa har gått ned med 20 prosent. Metanutsleppa i EU-landbruket har gått ned med 20 prosent sidan 1990, medan mjølkeproduksjonen auka med 60 prosent og slaktevekta med 15 prosent.

Landbruket har lukkast i å kople miljøpåverknad ifrå produksjonsvekst. For å bli karbonnøytral innan 2050 treng ikkje metanutsleppa frå drøvtyggarar stoppast, meiner Copa-Cogeca. Svekking av grensevernet kan dramatisk undergrave EU-bøndene sitt arbeide med å redusere klimautsleppa, meiner bøndene.

– Vi må unngå karbonlekkasje, seier generalsekretær i Copa-Cogeca, Pekka Pesonen. Som Bondelaget slo fast etter inngåing av avtale mellom Mercosur og EFTA i august er dei latin-amerikanske klimautsleppa frå storfe fire gonger høgare enn utsleppa frå europeisk storfe. Den påtroppande kommisjonspresidenten snakkar om å innføre klimatoll på import, men det kan bli vanskeleg å få gehør for i Verdas Handelsorganisasjon (WTO).

Som i Noreg har kritikken frå bønder og miljøorganisasjonar blitt varmare og varmare ettersom røyken stig frå Amazonas. Både Irland og Frankrike har trua med å ikkje godkjenne handelsavtala med Mercosur, og bøndene er opprørte.

Eit av hovudtiltaka EU-bøndene foreslår er bruk av karbonkredittar, der bøndene får betalt for opptak i skog og jord

Vi brenn ikkje skog i Europa, vi steller den, seier finnen Pesonen. Han har tru på opptak i skog som eit viktig klimatiltak, som finnar flest. Eit av hovudtiltaka EU-bøndene foreslår er bruk av karbonkredittar, der bøndene får betalt for opptak i skog og jord.

Annonse

Brasil har eit tvilsamt klimarykte. Lenge før røyken byrja sive ut hadde den brasilianske presidenten Bolsonare byrja brøyte veg innover Amazonas. Ikkje sidan dei byrja overvakinga har det blitt hogge meir regnskog enn under Bolsonaro.

Samtidig som klimakrava til landbruket blir stadig tøffare, kjennest det urettferdig at Kommisjonen inngår klimaavtaler som aukar importen av mindre klimavenleg kjøt frå Latin-Amerika.

Avtroppande landbrukskommissær Phil Hogan er innstilt til ny handelskommissær. Han mottok kraftig kritikk, ikkje minst frå irske bønder, då Kommisjonen signerte Mercosur-avtala i sommar.

– EUs forhandlarar har selt ut irske og europeiske bønder. Dette er ei dårleg avtale for Irland og irske bønder, miljøet, EU-standardar og forbrukarar. Det må vere eit lågpunkt i Hogans fem år som landbrukskommissær, sa leiar Joe Healy i det irske bondelaget etter at avtala var inngått.

Også Brexit kan få betydning for EU-bøndenes innsats for klimaet. Ein ny landbrukspolitikk står på trappene, men ingen vil lande politikken før ein veit kor store kutt landbruket må tole som følgje av budsjettholet etter Storbritannia. 5 prosent kutt er foreslått, noko som med inflasjon kan tilsvare 17 prosent. Den nye kommisjonspresidenten vil bruke 25 prosent av EU-budsjettet til klimatiltak. Då blir det kamp om kronene til landbruksbudsjettet.

– Du kan ikkje bli grøn når tala er raude, meiner Copa-Cogeca.

Kandidaten til posten som landbrukskommissær, Janusz Wojciechowski, har fått beskjed frå den nye kommisjonspresidenten om å fokusere på miljø- og klimamål. Den nye Kommisjonen har ambisjonar om å gjere «modige tiltak mot klimaendringane».

EU-bøndene kjenner seg pressa mellom ambisiøse klimamål og stadig aukande import, ikkje ulikt norske bønder. Då kan det vere på sin plass å minne om det ein representant frå det britiske bondelaget nyleg sa:

Det hjelper ikkje miljøet om vi eksporterer produksjonen til område som produserer mindre miljøvenleg. Det er ikkje noko poeng i å eksportere klimasamvitet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norge får solgt varene sine uten EØS