Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Green Deal kan gi auka import av mat til EU

Rommet er fullt, stemninga tett og talelista lang. Alle auge er festa på mannen der framme med kvitt kraftig skjegg og lite hår. Han er ikkje julenissen. Og han kjem slettes ikkje med julegåver. Han kjem med krav.

Møtte EU-bønder: Visepresident i EU-kommisjonen og EUs "klimaminister", Frans Timmermans. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Møtte EU-bønder: Visepresident i EU-kommisjonen og EUs "klimaminister", Frans Timmermans. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Han er komen til det mange ville kalla løvehola, men han ser temmeleg uberørt ut. Mange kviskrar til og med at han ser ut til å ha rommet i si hole hand. Men det er nok berre på overflata.

Mannen er Frans Timmermans. Han er EUs ”klimaminister” og visepresident i EU-kommisjonen, akkurat no på besøk på presidentmøte i Copa-Cogeca, ein paraplyorganisasjon for EU-bønder og -landbrukssamvirke. Han er komen for å diskutere EUs Green Deal, ein strategi for grøn vekst presentert i desember.

Målet er å bli klimanøytral i 2050. Planen har ein eigen seksjon for landbruk kalla Farm to fork, eller jord til bord på norsk. Denne delen skal leggast fram mot slutten av mars, men allereie no har detaljar lekka ut, som det meste gjer i Brussel. Og bøndene er uroa. Forslaga inneber mellom anna innskrenkingar i bruk av plantevernmiddel og gjødsel, meir økologisk produksjon, strengare krav til dyrevern og mindre antibiotikabruk.

Ingen plantevernmiddel eller gjødsel, korleis skal vi då brødfø ei veksande befolkning, lurte ein bonde, medan ein annan slo fast at vi ikkje kan gå tilbake i tida med ei ku og fire høner tippande på tunet.

Fleire av bøndene meiner intensivering er nødvendig for å få ned klimautsleppa, medan EU-kommisjonen med Timmermans i spissen i deira auge legg opp til ei mindre effektiv drift med den nye grøne planen. Timmermans kritiserte tradisjonell jordbruksstøtte, som i hans auge gjer store bønder rikare.

Bøndene får lite hjelp frå den nyslåtte landbrukskommissæren Janusz Wojciechowski, som med naud og neppe vart godkjend av EU-parlamentet. Han blir sett på som ein svak forsvarar av landbruket og har siste veka terga på seg bøndene ved å tvitre negativt om store svinebruk. Dei polske bøndene ymtar frampå om at han vil endre linja når han innser dei store endringane som har skjedd i EU-landbruket siste år.

EU-bøndene vil gjerne bidra i klimakampen, men kjenner at dei får uforholdsmessig mykje skuld for utsleppa, medan positive bidrag gjennom opptak i skog og jord ikkje blir rekna inn. Økonomien er allereie pressa og brexit tømmer landbruksbudsjettet for endå fleire ressursar. Handelsavtaler er venta å gi auka import frå land med lågare standarar, samtidig som standarden internt skal hevast. Bøndene er i ein skvis og i land etter land renner frustrasjonen over i gatene. For mange bønder går dagens debatt på sjølvkjensla laus.

– Vi mister mange bønder. Dei har mist framtidstrua. Dei mister verdigheita, slo ein ung bonde fast i møtet med Timmermans.

Kommissæren hadde i si innleiing bedt bøndene tenke positivt og sjå moglegheitene som låg i den nye handelsavtala med dei latinamerikanske land i Mercosur. Men det vart for mykje for enkelte bondelagsleiarar i salen:

Annonse

– Ja, vi vil gjerne sjå Green Deal som ein moglegheit for bøndene. Men ærleg tala, kan vi på den eine sida innføre Green Deal og så på den andre sida sjå importen auke frå land som driv avskoging og der dei drep miljøvernarar?

Timmermans måtte innrømme at akkurat Mercosur-avtala er eit dilemma i så måte, men at ein gjennom avtala ville skape press på klimapolitikken til landa, og framleis er i dialog med den brasilianske presidenten.

Handelsavtaler er venta å gi auka import frå land med lågare standarar, samtidig som standarden internt skal hevast.

Han lova ekstra finansiering og konsekvensutgreiing, men meinte bøndene måtte bli med på lasset og ikkje bli ståande igjen på perrongen. – Endringane kjem uansett, anten de er med eller ikkje, sa Timmermans. Bøndene må med. Og det fekk han støtte for, bøndene skal med om ein vil gjere noko med klimaendringane.

Det finske bondelaget uttrykte det slik i ei twittermelding:

– Grøn vekst blir ikkje oppnådd med å klemme tre og stele pengar frå produsenten sine lommar.

Svenskane hadde ein litt meir spørjande tone på Twitter tidlegare i år:

– Korleis vil EU-kommisjonen sikre at forbrukarane vel berekraftige EU-produkt i ein marknad med billig import? Kva er vitsen med at den eine handa vil ha betre miljø, klima, dyrevelferd og låg bruk av antibiotika, når den andre handa inngår avtalar der det ikkje er respektert?

Dette uttrykker mykje av dilemmaet og frykta EU-bøndene ser ut til å kjenne på, oppsummert i følgjande replikk som fall mot slutten av møtet med Timmermans:

– Green Deal kan føre til auka import av mat til EU.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

EUs solidaritet står ikke for fall