Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU klar for ny landbrukspolitikk – bøndene pressa

Endeleg – tre år etter fyrste forslag vart lagt på – har EU vedteke ny landbrukspolitikk. Bøndene er utolmodige etter sette i gang, men kjenner seg pressa frå alle kantar.

EU-bøndene kjenner seg temmeleg overvelda av dei nye krava, skriv Hildegunn Gjengedal. Her et bilde av EUs landbrukskommissær Janusz Wojciechowski. Foto: Christian Hartmann/Pool Photo via AP/NTB
EU-bøndene kjenner seg temmeleg overvelda av dei nye krava, skriv Hildegunn Gjengedal. Her et bilde av EUs landbrukskommissær Janusz Wojciechowski. Foto: Christian Hartmann/Pool Photo via AP/NTB

Det er dårleg stemning. Leiarane i EU-bondelaga og -landbrukssamvirka er samla til digitalt styremøte i paraplyorganisasjonen Copa-Cogeca. Ein eldre tysk toppbyråkrat i EUs «landbruksdepartement» har akkurat heldt innlegg og provosert bøndene kraftig.

Han hevdar at han ikkje finn prov på at EU-bøndene driv miljøvenleg. Han meiner også det skadar ryktet til EU-bøndene at det no blir planlagt etablering av mjølkebruk med 20.000 kyr som berre skal ete importert fôr. Kvar han har det dømet frå vil han ikkje røpe.

Kvinna som leiar både dei franske bøndene og EU-bøndene er så arg at ho nærmast poppar ut av skjermen. – 20.000 kyr, kva har du det ifrå? Vi støttar ikkje den typen landbruk! Og vi har rikeleg med dokumentasjon på kva vi gjer på miljøområdet, seier ho, og nemner land etter land som har laga sirlege rapportar og planar for miljø- og klimavenleg drift.

Ho lovar å fylle opp e-postboksen til EU-byråkraten med rikeleg av dokumentasjon. – Og kva anna næring får 25 prosent trekk i inntekta om dei ikkje oppfyller miljøkrav, spør bondeleiaren. 25 prosent av direktestøtta i den nye landbrukspolitikken blir nemleg berre utbetalt om bøndene oppfyller ekstra miljøkrav.

Den franske bondelagsleiarens frustrasjon får gjenklang frå pc-skjermar på gardar frå Italia i sør, til Polen i aust og Sverige i nord. Bondeleiarane melder om låge inntekter, høge kostnader og tøffe miljøkrav.

Det blir rapportert om kritiske tilstandar for svenske og italienske bønder. Den irske bondelagsleiaren melder om tusenvis av euro i ekstra utgifter til gjødsel og uro over auka miljøkrav, og i Polen vil ikkje unge bønder ta over.

Leiaren for EUs unge bønder er redd tiltaka i den nye landbrukspolitikken berre hjelper miljøet, ikkje bøndene. Runda rundt det digitale bordet blir avslutta med ei salve frå den elles så sindige bondelagsleiaren frå EU-byråkratens eige heimland, Tyskland. – Dette er ikkje balansert! Vi har ikkje 20.000 kyr. Vi treng høgare inntekt! Vi vil ha berekraftig produksjon, men desse tiltaka set lokal mat, politisk stabilitet og unge bønder i fare.

Kva er så tiltaka som set sinna i kok? Den nye felles landbrukspolitikken som skal gjelde frå 2023 til 2027 skal bli meir rettferdig, gjere landbruket meir konkurransedyktig og ikkje minst grønare.

"Leiaren for EUs unge bønder er redd tiltaka i den nye landbrukspolitikken berre hjelper miljøet, ikkje bøndene."

Landbruk og miljø

For å nå desse måla skal unge bønder, små og mellomstore bruk og land med lite støtte i dag (aust-europeiske land) få meir av den allereie slunkne kassa. Berre aktive bønder skal få støtte, arbeidsvilkåra på garden må vere gode, bondens posisjon i verdikjeda for mat skal styrkast, nytt krisefond for oppkjøp og privat lagring av landbruksprodukt skal etablerast.

Men mest diskusjon har det vore rundt dei auka miljø- og klimakrava. 25 prosent av direktestøtta til bøndene skal vere reservert for klima- og miljøvenleg produksjon gjennom såkalla ecoschemes, eller miljøprogram.

Rivingar rundt kor stor denne potten skulle vere var noko av årsaka til at det tok tre år for Kommisjonen, Parlamentet og Rådet (medlemslanda) å bli samde. Midla kan til dømes brukast til økologisk produksjon, agroøkologiske metodar, presisjonsjordbruk, agroskogbruk, karbonfangande jordbruk (carbon farming) eller betring av dyrevelferda på garden.

Deler av jorda skal settast til sides til ikkje-produktivt område. 35 prosent av bygdeutviklingsmidla skal også settast av til miljø- og klimatiltak.

Alle dei grøne tiltaka i den nye landbrukspolitikken skal hjelpe EU å nå måla i den Grøne Given (Green Deal) og landbruksstrategien kalla jord til bord som er utleia av denne. Ambisjonen er å kutte klimautsleppa med 55 prosent innan 2030, auke økologisk areal til 25 prosent, redusere bruk av kunstgjødsel, plantevernmiddel og antibiotikabruk kraftig, og betre dyrevelferda.

EU-bøndene kjenner seg temmeleg overvelda av dei nye krava. Dei fryktar lågare produksjon og utkonkurrering frå importerte produkt med lågare pris. Dessutan kjenner dei seg dårleg representert i kommisjonskollegiet.

Landbrukskommissær Janusz Wojciechowski imponerer ikkje. – Generaldirektorata for miljø og helse («departementa») kjempar for sine interesser. Det må også landbruk gjere, sa den franske bondeleiaren og drøymde seg tilbake til tidlegare landbrukskommissær Phil Hogan: – Miljøorganisasjonane blir aldri nøgde. Men kven skal gjennomføre dette? Det er bøndene det, som Hogan sa.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gode råd kutter klimautslipp