Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-bønder i hardt vêr mellom jord og bord

Etter å ha uttrykt eder og galle mot Polen styrte EU-parlamentarikarane inn i smulare farvatn og vedtok jord-til-bord-strategien.

EU-bøndene har vore i hardt vêr siste åra. EU-kommisjonen har gjennom sin Grøne Giv teke mål av seg til å sette gullstandarden for berekraftig matproduksjon på heile kloden, skriv Hildegunn Gjengedal. Foto: Mostphotos/Mariusz Prusacyk
EU-bøndene har vore i hardt vêr siste åra. EU-kommisjonen har gjennom sin Grøne Giv teke mål av seg til å sette gullstandarden for berekraftig matproduksjon på heile kloden, skriv Hildegunn Gjengedal. Foto: Mostphotos/Mariusz Prusacyk

Debatten var intens, men mange hakk ned frå den polske temperaturen då eit solid fleirtal sa ja til Kommisjonens strategi for eit meir berekraftig matsystem frå jord og fjord til bord. Parlamentet støtta i prinsippet Kommisjonen sitt ynskje om kraftig reduksjon i bruken av plantevernmiddel og antibiotika, mindre bruk av mineralgjødsel, betre dyrevelferd, reduserte klimautslepp og kraftig auke i økologisk produksjon.

Mange parlamentarikarar meiner strategien ikkje går langt nok, andre meiner dette går altfor langt og legg for stor byrde på bøndene. – Strategien vil føre til auka prisar og færre bønder, meinte representant Ruissen frå Nederland. – Dette er eit trugsmål mot italiensk landbruk, meinte ein italiensk parlamentarikar.

Ein annan meinte det er å spele russisk rulett med framtida for bøndene. Dei fleste var likevel samde om at konsekvensane av strategien er for dårleg kartlagt. – Det er for mykje ideologi og for lite vitskap bak, konkluderte ein parlamentarikar. Inntektene vil falle og importen gå i taket, meinte ein annan.

Kommisjonen måtte tole sterk kritikk for at dei ikkje hadde lagt fram konsekvensanalyse før i siste augeblink; Ein rapport enkelte hevdar var klar allereie i januar.

Det amerikanske Landbruksdepartementet hadde då for lengst konkludert med at jord-til-bord-strategien ville føre til høgare prisar og dårlegare matsikkerheit. Også Kommisjonen sin rapport konkluderte då den endeleg vart lagt fram med at den europeiske landbruksproduksjonen står i fare for å bli redusert, samtidig som importen går opp.

"Mange parlamentarikarar meiner strategien ikkje går langt nok, andre meiner dette går altfor langt og legg for stor byrde på bøndene."

EUs jord-til-bord-strategi

Dei Grøne meinte naturlegvis at strategien ikkje gjekk langt nok, men oppmoda alle til å stemme for og ikkje la seg presse av lobbyorganisasjonar som Copa-Cogeca, den største organisjonen for bønder og landbrukssamvirke i EU.

Annonse

Det er ikkje kvar dag organisasjonen blir nemnd med namn i Parlamentet. Det har blese hardt rundt øyra på den finske generalsekretæren i Copa-Cogeca etter lekking av dokument der Copa-Cogeca prøver å påverke parlamentsmedlemmer til å stemme imot forslaga om å talfeste reduksjonskrav for bruk av plantevernmiddel, antibiotika og kunstgjødselbruk, og tekst om at kjøt er skadeleg for helsa.

Brussel-journalistar fråtsa i dei lekka dokumenta og Dei Grøne kalla forsøket «skandaløst». Copa-Cogeca seier dette berre er vanleg lobbyverksemd, og peika på at det var nok av miljøorganisasjonar som også dreiv lobbyverksemd inn mot Parlamentet. Etter avstemminga kunne Dei Grøne triumfere: – Vi motstod alle forsøk frå Copa-Cogeca til å utvatne teksten, sa ein nøgd Thomas Waitz frå Dei Grøne i Austerrike.

EU-bøndene har vore i hardt vêr siste åra. EU-kommisjonen har gjennom sin Grøne Giv teke mål av seg til å sette gullstandarden for berekraftig matproduksjon på heile kloden. Landbruket er ein viktig del av strategien, gjennom både jord til bord-strategien og den nye landbrukspolitikken (CAP).

Bønder får eit stort ansvar for å oppfylle Kommisjonens draum om å vere ei skinande berekraftig stjerne i verda. Ikkje berre gjennom reduserte utslepp, høgare dyrevelferdskrav, omlegging av produksjonen, og krav til produksjonen gjennom den nye landbrukspolitikken for i det heile å motta støtte.

Men også indirekte gjennom standardar for berekraftige investeringar, eller taksonomien, som er ei heit potet denne hausten. Forslaga til kriterium for klimavenleg produksjon som finanssektoren skal bruke som gullstandard var så kontroversielle og stramme at heile jordbruksdelen vart sett til side.

No er det kome forslag frå ei ekspertgruppe til berekraftskriterium på andre område enn klima, noko som har vekt minst like sterke reaksjonar. Det blir ein i overkant spennande haust for bønder og skogeigarar når Kommisjonen i desember kjem med sine tilrådingar om taksonomien for andre berekraftsområde, og Rådet skal bestemme seg for kva dei gjer med jordbrukskriteria på klima. Lenger fram skal jord- til-bord-strategien og den nye landbrukspolitikken settast ut i livet.

Mykje fell på bonden, som ikkje akkurat har ein god økonomi frå før. Prishopp på innsatsfaktorar hjelper heller ikkje på situasjonen. Som ein av parlamentsmedlemmene sa det så tørt i debatten: – De treng ikkje bekymre dykk for bruk av plantevernmiddel og kunstgjødsel. Bonden har uansett ikkje råd til å bruke det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er ikke bekymret for hytteutbygging: – Jeg mener det ikke er klimakrise