Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-bønder fryktar berekraftstrategi

EU-kommisjonen ynskjer med strategiane å legge til rette for eit meir berekraftig matsystem og sikre tilgangen på ein sunn og klimavenleg diett for EU-borgarane.

Illustrasjonsbilete frå ein gard i Nederland. Foto: Siri Juell Rasmussen
Illustrasjonsbilete frå ein gard i Nederland. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Vi vil gjerne bidra til meir miljøvenleg landbruk, men desse strategiane er eit angrep på europeisk landbruk. Reaksjonen kom raskt frå bonde- og samvirkesamanslutninga Copa-Cogeca, då Kommisjonen i vår la fram Farm to fork (jord til bord) og biodiversitetsstrategien. Strategiane er ei oppfølging av EUs grøne giv for berekraftig vekst (Green Deal), lansert sist desember. Der tek EU mål av seg til å bli verdas fyrste klimanøytrale kontinent innan 2050.

EU-kommisjonen ynskjer med strategiane å legge til rette for eit meir berekraftig matsystem og sikre tilgangen på ein sunn og klimavenleg diett for EU-borgarane. For å nå dit vil Kommisjonen halvere både matsvinn og bruken av plantevernmiddel og antibiotika, redusere bruken av kunstgjødsel med 20 % og auke det økologiske arealet frå dagens 8 % til 25 %.

Forbrukaren skal hjelpast til å ta berekraftige og sunne val gjennom tydelegare merking av berekraft, ernæring og dyrevelferd på matvarene, og krav til dyrevelferd i slakting og transport skal skjerpast inn. Gjennom strategien for auka biologisk mangfald skal 30 % av arealet i EU bli verna, og 10 % av dagens jordbruksareal får strengare vernekrav. Copa-Cogeca åtvarar mot at strategiane kan true EUs matsikkerheit, konkurransekraft og bondeinntekt. Særleg umusikalsk er det å kome med slike forslag midt i koronakrisa.

– Koronakrisa har vist at EU ikkje kan ta seg råd til å setje i fare sin eigen matproduksjon, meiner Copa-Cogeca. Strengare krav til bruk av plantevernmiddel og kunstgjødsel, samt bandlegging av jordbruksareal, vil gi lågare produksjon, meiner EU-bøndene.

Annonse

Dei viser til døme på nedgang i avlingar på 19 % på kveite og 42 % på potet ved bortfall av plantevernmiddel. Avsetting av 10 % av jordbruksarealet til ikkje-produktivt areal vil gi lågare avlingar, fall i inntekter til bøndene og mindre fleksibilitet til å reagere på auka global etterspurnad og klimaendringar. Dette var medverkande til at EU i 2008 gjekk vekk frå brakklegginga av 10 % av produksjonen. Økologisk produksjon reduserer snittavlingane globalt med 25 %, og kveiteavlingane så mykje som 40 % i Tyskland og 85 % i Italia, ifølgje Copa-Cogeca.

Tydelegare merking av matvarer kan hjelpe forbrukarane til sunnare og meir miljøvenlege val. Men samtidig fryktar EU-bøndene at forbrukarane vil bli lokka bort frå nærings- og tradisjonsrike ostar og skinker til nærings- og tradisjonsfattige produkt som cola light og soyaburger. Ernæringsmerking og marknadsføringsreglar for å redusere inntak av sukker, salt og feitt kan få uheldige utslag.

Forslaget kan begrense marknadsføring av ernæringsrike produkt som honning, vegetabilske oljar og laks, samtidig som ein tillèt meiningslause produkt som cola light og høgt prosesserte sorbetar fulle av kjemikaliar, fryktar tidlegare italiensk bondehøvding, Roberto Moncalvo. – Vi må minne oss sjølve om at rasjonalet bak ernæringsprofilar er å begrense inntak av «junkfood» og betre ernæringsverdien i høgt prosesserte produkt.

Som i Noreg er også kjøt eit stort tema i berekraftsdebatten i EU. Eit forslag om kjøtavgift vart luka ut i siste sving. 50 % av inntekta til EU-bøndene kjem frå kjøtproduksjon, og Irland er i bifftoppen.

Tidlegare leiar for dei irske bøndene, Joe Healy, rykka ut dagen før strategien vart lansert. Kjøtavgift vil straffe lågtlønt og flytte produksjonen til andre land, meinte han. Høgt prosesserte vegetaralternativ med saftig profitt til nokre få storselskap vil bli resultatet, fryktar Healy, og peikar på at helseeffektar av kjøtkutt er omstridt. Berre 6 % av klimautsleppa i EU kjem frå kjøtproduksjon. Sidan 1990 har EU-landbruket kutta drivhusgassane med 20 % og auka produksjonen med 25 %. 29 % av jordbruksarealet er ueigna for planteproduksjon.

EU-bøndene kjenner seg angripne. Bøndene i våre naboland fryktar straff for å ha vore flinkast i klassen. Enkelte av tiltaka, som nye merkereglar, vil også få konsekvensar for norske bønder. Bøndene vil heller ha dialog og økonomisk støtte til å drive meir berekraftig, enn pålegg og krav. Men holet i EU-budsjettet etter Brexit kan gi mindre pengar i bondekassa. Det kan vere lurt av EU å få med «farmen» på laget når strategien fram til bordet skal leggast. Som skuggerapportør til EUs klimalov i Parlamentet, Mairead McGuinness, nyleg sa: «Fortel aldri bønder kva dei skal gjere.»

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Full fart og uten innsyn etter brexit