Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-bøndene fryktar karbonlekkasje

Partane i Paris-avtala frå 2015 er no på plass i Katowice i Polen. Her startar mellom anna arbeidet med å hjelpe bønder i alle land til å iverksetje klimatiltak på bakken.

Katowice: Klimaaktivister i Katowice i Polen, i forbindelse med den pågående klimakonferansen. Foto: Alik Keplicz/AP/NTB scanpix
Katowice: Klimaaktivister i Katowice i Polen, i forbindelse med den pågående klimakonferansen. Foto: Alik Keplicz/AP/NTB scanpix

Medan norske bønder er i krevjande forhandlingar med regjeringa om klimatiltak fram mot 2030, har dei fleste EU-bøndene så langt sloppe unna konkrete kuttkrav. Dei har i staden hatt blikket festa på perioden 2030-2050. EU-kommisjonen har no letta på sløret og lagt fram sin klimavisjon fram mot 2050.

Innan 2050 skal EU bli klimanøytral. Teknologiske løysingar, meir makt til borgarane og samling av kreftene innan område som industripolitikk, finans og forsking skal leie veg mot målet.

EU støttar seg på EU-folket i klimakampen. 95 prosent av EU-borgarane trur ifølgje Kommisjonen at klimaendringane er menneskeskapte. 85 prosent trur kampen mot klimaendringar og meir effektiv energibruk kan skape økonomisk vekst og jobbar i EU.

EU-bøndene, gjennom sin paraplyorganisasjon Copa-Cogeca, er glade for at Kommisjonen i sin nye strategi har framheva jordbruk og skogbruk si viktige rolle i å produsere nok mat, fiber, fôr og energi når vi blir 30 prosent fleire innbyggjarar i verda i 2050. Energi står for 75 prosent av EU-utsleppa, og er difor heilt sentralt i EU sin reduksjonsplan.

Kommisjonen peikar på at biomasse gjennom t.d. biogass kan erstatte naturgass i oppvarming av bygg. Dei store utsleppa innan byggsektoren påverkar EU-bøndene på fleire måtar. Landbruket kan bidra med alternative kjelder til oppvarming, og utsleppa ved oppvarming av bygg gjer at mindre av utsleppskutta på ikkje-kvotepliktig sektor (landbruk, bygg, avfall og transport) fell på jordbruket. Vi varmar derimot husa våre på straum og bioenergi. Dermed blir auga meir retta mot landbruket. Dette er ei utfordring når Noreg denne hausten har forhandla med EU om å tilslutte seg kuttplanen på ikkje-kvotepliktig sektor. Ikkje-kvotepliktig sektor i EU er ikkje laga med tanke på biologiske utslepp og vår utsleppsprofil.

Annonse

I planane fram mot 2050 peikar Kommisjonen også på landbruket si viktige rolle som opptakar av klimagassar. Både jord og skog tek opp i seg CO2, og bio-basert materiale kan erstatte karbon-intensivt materiale i byggsektoren, slår Kommisjonen fast. Kommisjonen innser at landbruket aldri kan bli klimanøytralt, men peikar på reduksjon gjennom meir effektive og berekraftige produksjonsmetodar. Presisjonsgjødsling og –sprøyting, meir produktiv husdyrsektor og betre handsaming av gjødsla blir nemnt som moglege tiltak. Skogplanting og restaurering av skog kan gi større opptak.

EU-bøndene meiner dei får for lite kreditt for sitt bidrag i klimakampen.

Opptak er like viktig som utsleppskutt, og auka opptak i jord, skog og jordbruksland er ein viktig del av strategien fram mot 2050, meiner Kommisjonen. Problemet er at dette ikkje blir godtgjort i FN. Difor skreiv nordiske bønder tidlegare i haust eit felles brev til FNs klimakonvensjon med krav om at opptak i skog og jord må reknast inn.

EU-bøndene meiner dei får for lite kreditt for sitt bidrag i klimakampen. Husdyra si rolle blir tillagt for lite vekt, og Copa-Cogeca er kritiske til korleis Kommisjonen tilnærmar seg kjøtforbruket og effekten på klimaendringane. "Tilnærminga på husdyrproduksjonen er ganske smal. Den tek ikkje omsyn til den positive effekten europeisk husdyrproduksjon har på jorda og på bygdesamfunn. Den tek heller ikkje omsyn til den potensielle karbonlekkasjen frå tredjeland med mindre strenge miljø- og klimakrav", seier generalsekretær Pekka Pesonen i Copa-Cogeca.

EU står midt i forhandlingar med den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur, med landbruksgigantar som Brasil og Argentina. EU-bøndene fryktar auka import, særleg av storfekjøt. Argumentet om karbonlekkasje dukkar stadig opp. Reknar ein utslepp per produsert eining er klimautsleppa lågare i EU enn i Brasil. Auka import av storfekjøt på kostnad av biff frå Brasil vil difor auke utsleppet av klimagassar.

Også Noreg er gjennom EFTA i forhandlingar med Mercosur om ei handelsavtale. Også vi fryktar auka import av storfekjøt på kostnad av vår eigen produksjon. I tillegg har vi akkurat auka storfekvoten til EU med 1600 tonn. Norske klimakutt som gir mindre norsk kjøtproduksjon, kombinert med auka import av storfekjøt frå Brasil er dårleg for både klimaet og norsk sjølvforsyning. Karbonlekkasje er ei dårleg løysing, enten karbonutsleppet lek til Latin-Amerika eller EU.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Potensiell særegen lokal matproduksjon overlates til privatkapitalen