Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-bonden som forhandlingskort

Den norske bonden kan bli neste ut i eit spel der mange taper.

Vinn fram: Produkt frå den sør-amerikanske cerradoen har nyss vunne meir innpass i Europas handlediskar. Foto: Jan Husby

EU har nettopp signert si største handelsavtale nokosinne – med landbruksgigantar som Brasil og Argentina i den sør-amerikanske handelsblokka Mercosur. Same landa som Noreg er inne i sluttforhandlingar med, gjennom handelsblokka EFTA.

EU-bøndene fortvilar. Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay har fått betre tilgang på EU-marknaden for sensitive produkt som storfe, kylling, ris, appelsinjuice, sukker og etanol. 99 000 tonn storfekjøt skal gradvis innfasast til kraftig redusert toll. Brasil skal få størsteparten av kvota. Prislappen for EU-landbruket er rekna til over 7 mrd euro.

Bøndene føler dei har blitt brukt som forhandlingskort for å betre marknadstilgangen for europeiske bilar, kjemisk industri, farmasøytiske produkt, kle og sko inn til den attraktive latin-amerikanske marknaden. – Landbruk har blitt eit forhandlingskapittel for å få gevinst på andre sektorar, seier generalsekretær Pekka Pesonen i Copa-Cogeca, paraplyorganisasjonen for EU-bøndene og -samvirka.

Landbrukskommissær Phil Hogan innrømmer at avtala er krevjande for landbruket. Han tilbyr EU-bøndene 1 mrd euro i kompensasjon for marknadsforstyrringar. Avtala er så upopulær at det blir spekulert i om det øydelegg sjansane hans for ein ny periode. I Hogans heimland Irland, er bøndene rasande: - Dette er ei bakromsavtale med storindustri som Mercedes og BMW som ynskjer å få bilane sine inn på den sør-amerikanske marknaden. Det er eit respektlaus og svakt utsal av store deler av vår mest verdifulle storfemarknaden til latin-amerikanske bønder og industrijordbruk, sa den irske bondelagsleiaren Joe Healy etter at avtala var inngått.

Som fleire andre påpeikar også han at avtale undergrev EU-standardar for miljø, dyrevelferd, mattryggleik og sporing. EUs eigne undersøkingar frå juni i fjor viser at matkontrollen i Brasil er for dårleg. Tidlegare har EU og USA teke Brasil til WTO for manglande kontroll med smitte frå munn- og klauvsjuke, og salmonella i fjørfe.

Annonse

Generalsekretær Pekka Pesonen i Copa-Cogeca meiner avtala utvidar gapet mellom kva som blir kravd av EU-bøndene og kva som blir akseptert frå Mercosur. - Avtala treff botnlinja for europeisk sosial, økonomisk og miljømessig berekraft, meiner Pesonen. Og det er ikkje berre bøndene som er uroa over den nye avtala.

Over 340 sivile organisasjonar bad nyleg Kommisjonen stoppe avtala. Gruppa er spesielt uroa for auka brot på menneskerettar og forverring av miljøpolitikken etter at Jair Bolsonaro tok over som president i Brasil. Organisasjonane fryktar Bolsonaros politikk vil bane veg for at storfe- og soya-industrilandbruket skal «akselerere sitt sveip» gjennom Amazonas og Cerrado. Dei meiner miljøverndepartementet er teke over av klimafornektarar og at det er usannsynleg at Paris-avtala vil bli følgt opp.

Miljøorganisasjonar som Greenpeace har kalla Bolsonaro eit trugsmål mot det brasilianske økosystemet. Bolsonaro har invitert med USA til å utvikle Amazonas-regionen, og uttalt at reservata for urfolk hindrar utvikling i regionen. I mai avlyste Bolsonaro ein tur til New York av frykt for miljø- og menneskerettsaktivistar. Han følte seg heller ikkje spesielt velkomen av ordførar Bill de Blasio som kalla Bolsonaro ein veldig farleg mann; «…ein rasist og homofob som dessverre er den personen med mest innflytelse over kva som skjer med Amazonas».

Dette er same mannen Noreg no forhandlar med. Reaksjonane i EU bør gjere inntrykk. Fine overordna formuleringar om miljø og berekraft reddar verken regnskogen eller norsk konkurransekraft. Det blir fort karbonlekkasje om klimakutt i landbruket blir kombinert med auka import frå land med høgare utslepp.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vart nyleg spurt om brasiliansk biff kan stoppast på grensa om den er mindre berekraftig. Søreide svarte at vi må produsere så berekraftig at den norske forbrukaren er villig til å betale 10 gonger meir for den norske biffen. Det er fint om forbrukarane vel norsk, men regjeringa sjølv har uttrykt større ambisjonar enn det mentale importvernet: Auka matproduksjon og vidareføring av importvernet.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv sjølv i ein rapport frå 2016: «Tollettelser på import av jordbruksvarer fra Mercosur vil kunne ha vesentlige konkurranseeffekter for norsk jordbrukssektor…». Vonleg vis vil ikkje regjeringa bruke norske bønder som forhandlingskort i spelet om Mercosur.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Handlingsrommet i EØS-avtalen er her og nå!