Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU-bonden i budsjettkamp

Korleis skal holet etter Storbritannia fyllast?

Franske bønder demonstrerer mot urettvis konkurranse. Foto: Thibault Camus / AP / NTB scanpix
Franske bønder demonstrerer mot urettvis konkurranse. Foto: Thibault Camus / AP / NTB scanpix

Innføringa av EUs nye jordbrukspolitikk er forsinka. EU har innsett at dei ikkje klarer å ha ein ny politikk på plass i 2021. Gammal politikk må forlengast medan ny Kommisjon og Parlament områr seg, og brexit-effekten blir rekna inn i langtidsbudsjettet.

Som nettobidragsytarar tek Storbritannia med seg ein bit av EU-budsjettet når dei går ut. Korleis skal dette holet fyllast? Skal dei gjenverande medlemslanda betale meir, eller skal budsjettet ned?

Det er dei usamde om, både mellom og internt i medlemslanda. 16 medlemsland frå aust og sør gjekk nyleg på barrikadane for eit budsjett på same nivå etter brexit. 4 tyske EU-parlamentarikarar gjekk sist veke ut og insiterte på å oppretthalde landbruksstøtta i det nye langtidsbudsjettet. Dei tyske parlamentarikarane peikar på auka press på bøndene for å levere på klima og miljø, noko dei ikkje blir betalt for i marknaden. Men den tyske regjeringa seier nei til å auke sitt bidrag til EU-budsjettet.

Kvar skal det så kuttast, om medlemsland nektar å fylle holet etter brexit? Landbruket utgjer nesten 40 prosent av EUs fellesbudsjett, og står lagleg til for hogg. Kommisjonen har føreslått eit kutt i landbruksbudsjettet på 5 prosent. Dette fell naturlegvis ikkje i god jord blant bøndene.

Når ny landbrukspolitikk no skal utformast held det ikkje å tilpasse den bønder frå Norrland til Skåne, politikken skal også passe for polske og spanske bønder.

Nyleg sende bøndene og samvirka i paraplyorganisasjonen Copa-Cogeca eit brev til den nye kommisjonspresidenten, Ursula von der Leyen. Der påpeikar dei at EU-jordbruket er under sterkt press frå omverda med Brexit, USAs straffetollar, russisk handelsboikott og trugsmål og skuldingar knytt til klimaendringane. Bøndene treng finansiell og politisk støtte for å kunne gjennomføre løysingane bøndene og skogbrukarane tilbyr for framtidas sirkulær- og bioøkonomi, seier Copa og Cogeca-presidentane.

Annonse

Det er freistande i denne jubileumsveka for det norske EU-neiet å filosofere over korleis bondelivet artar seg innanfor og utanfor EU. Bonden i Sverige, Danmark og Finland må legge inn mange X-faktorar når dei skal planlegge framtida. Russlandsboikotten slo hardt inn på den finske mjølkemarknaden, og brexit svekker ein attraktiv bacon-marknad for danske bønder.

Før EU-medlemskapet produserte den svenske bonden 75 prosent av maten på svenske fat, no er halvparten importert. Mjølkekrisa slo hardt inn i våre naboland. Ingen mjølkekvotar kan fordele produksjonskuttet jamt i unionen, ingen målprisar kan halde prisen til bonden oppe, og samvirkestyrt marknadsregulering kan ein sjå langt etter i EU. Kommisjonen kom nyleg med ein rapport der ein oppmoda til meir produsentsamarbeid for å styrke bonden sin posisjon i verdikjeda for mat.

Skal den svenske bonden påverke landbrukspolitikken nyttar det ikkje berre å reise til Stockholm, ein flytur til Brussel må til. Det er også der handelspolitikken blir utforma, altså det som er igjen å forhandle bort av grensevern. Naboane i EU har ingen toll. I handelsforhandlingar med Latin-Amerika og Asia skal det takast mange fleire omsyn enn til næringslivet i Sverige eller Finland.

Når ny landbrukspolitikk no skal utformast held det ikkje å tilpasse den bønder frå Norrland til Skåne, politikken skal også passe for polske og spanske bønder. Det er vanskeleg å finne ein politikk som er ideell for Pekka i Rovaniemi og Paolo i Portugal. Det innser også EU, og tillet ei viss lokal tilpassing av landbrukspolitikken. Men det er komplisert i ein felles marknad.

Får franske bønder rikeleg med nasjonal støtte og eksporterer storfekjøt til Nederland taper den nederlandske bonden med mindre lågare støttenivå. Meir import må kompenserast med meir eksport, men det er mange der ute som er på jakt etter dei same kundane.

Svenske og danske bønder må kjempe i Brussel om dyrebare budsjettmidlar. Ikkje alltid får dei draghjelp frå si eiga regjering. Bondelagsleiarane i Sverige og Danmark gjorde i fjor felles framstøyt mot sine eigne regjeringars forslag til kutt i EU-budsjettet.

Frustrasjonen kan vere stor hjå norske bønder over skiftande norske regjeringar, men dei treng ikkje ta turen om Brussel for å påverke landbrukspolitikken. Dei har forhandlingsrett direkte med den norske regjeringa om utforminga av ein landbrukspolitikk skreddarsydd for norske forhold. Og dei har eit grensevern mot den største konkurrenten: EU-landbruket.

Takka vere utfallet av ei folkeavstemming ein novemberdag for 25 år sidan.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Brexit og demokrati