Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er EU-bøndene «fit for 55»?

«Fit for 55» er ikkje eit program for å få EUs innbyggarar i betre form, men ein plan for korleis EU skal nå målet om å redusere klimautsleppa med 55 prosent innan 2030.

Klimakutt: EU-bøndene og -samvirka i samanslutninga Copa-Cogeca ynskjer karbontollen velkomen, men er skuffa over at jordbruksprodukt ikkje er inkludert, og at gjødsel er inne, skriv Hildegunn Gjengedal. Foto: Mostphotos
Klimakutt: EU-bøndene og -samvirka i samanslutninga Copa-Cogeca ynskjer karbontollen velkomen, men er skuffa over at jordbruksprodukt ikkje er inkludert, og at gjødsel er inne, skriv Hildegunn Gjengedal. Foto: Mostphotos

Det har vore ein innhaldsrik sommar for EU-bøndene. Fyrst vart medlemslanda samde ein ny felles landbrukspolitikk (CAP). Så kom Kommisjonen sitt forslag om korleis EU skal nå målet om 55 prosent reduksjon i klimagassutsleppa innan 2030 («fit for 55»). Og eit par dagar seinare kom ein flunkande ny skogstrategi.

Alle dei tre har sterkt miljø- og klimafokus med EUs Grøne Giv (Green Deal) og jord-til-bord-strategi som eit grønt bakteppe.

I den nye landbrukspolitikken skal 25 prosent av midla i direktestøtta knytast til frivillige tiltak for å betre miljø, klima og dyrevelferd. 35 prosent av bygdeutviklingsmidla skal setjast av til liknande tiltak. Minst 3 prosent av dyrkamarka skal settast av til biodiversitet og myr- og torvområde skal vernast.

I skogstrategien skal det innførast strenge reglar for bruk av landbruksprodukt til bioenergi og for flatehogst.

«Fit for 55» er altså ikkje eit program for å få EUs innbyggarar i betre form, men ein plan for korleis EU skal nå målet om å redusere klimautsleppa med 55 prosent innan 2030 (frå 1990-nivå). EU-kommisjonen la fram 12 forslag for tiltak, inkludert jordbruk og skog. Eit av dei spenstigaste forslaga går ut på å innføre ein karbontoll på grensa for å unngå karbonlekkasje mellom EU og verda utanfor. Sement, jern og stål, aluminium og gjødsel vil vere mellom dei fyrste produkta som Kommisjonen vil teste ut.

"I den nye landbrukspolitikken skal 25 prosent av midla i direktestøtta knytast til frivillige tiltak for å betre miljø, klima og dyrevelferd."

EUs klimapolitikk
Annonse

Jordbruksprodukt er førebels ikkje med. Noreg får unntak. Mykje spenning er knytt opp til kva EU ynskjer å gjere med heile klimakvotesystemet sitt. I dag er landbruk, bygg, transport og avfall mellom områda som ikkje inngår i EUs kvotesystem for kjøp og sal av klimakvotar. Denne såkalla ikkje-kvotepliktige sektoren har eigne mål og reglar for reduksjon av klimagassar. Noreg har valt å tilslutte seg både kvotesystemet og reduksjonsplanen for ikkje-kvotepliktig sektor.

Skog og arealbrukssektoren (kalt LULUCF) er skilt ut ein eigen sektor med eigne reglar. I «fit for 55» er eitt av alternativa som blir lansert å slå saman skog, areal og jordbrukssektoren til ein ny samanslutning kalla AFOLU. Utslepp ved sidan av CO2-utsleppa, som frå husdyr og gjødsel, skal også inkluderast. Skogen skal ta opp 310 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030, noko som er 15 prosent meir enn i dag. Til saman skal denne sektoren vere klimanøytral innan 2035.

Mottakinga frå landbruket har vore litt blanda. EU-bøndene og -samvirka i samanslutninga Copa-Cogeca ynskjer karbontollen velkomen, men er skuffa over at jordbruksprodukt ikkje er inkludert, og at gjødsel er inne.

Dette gir høgare kostnader for bøndene som er avhengige av å importere gjødsel. Dei er også redde strengare krav skal hindre bruk av bioenergi frå landbruket. Samanslåing av jord, areal og skog, er dei nok framleis litt usikre på effekten av. Det svenske bondelaget, LRF, påpeikar at svensk jord- og skogbruk til saman står for minusutslepp.

LRF ynskjer ambisjonen om 55 prosent reduserte klimautslepp velkomen, men meiner det er viktig at ambisjonane om å auke kolinnbindinga i areal og skog ikkje skal kompensere for vidare utslepp i andre sektorar. Dei er også kritiske til at EU-kommisjonen ser ut til å vere meir opptekne av å bevare og verne i staden for å oppmuntre det aktive jord- og skogbruket til produsere meir klimanytte.

Biobrensel frå veksande plantar blir til dømes ikkje sett på som å bidra til å nå målet, og berre 7 prosent av biodrivmidla frå plantebaserte vekstar bli rekna inn, ifølgje LRF. Dei ser fram til EU-kommisjonens forslag til karbonopptak i jordbruket som kjem seinare i år. Svenskane er til liks med andre store skogland irritert over at EU blandar seg meir og meir inn i nasjonal politikk og legg band på skogbruket.

Copa-Cogeca er bekymra for korleis miljø- og klimatiltaka i CAP, skogstrategien og «fit for 55» samla sett legg band på produksjonen i EU og reduserer konkurransekrafta til EU-bøndene og -samvirka. EUs eige forskingsinstitutt, Joint Research Institute, forsterkar denne mistanken i ein rapport lagt fram i sommar.

Rapporten slår fast at jordbruksproduksjonen i EU kan bli redusert med i snitt 10 prosent som følgje av endringsforslag i CAP, «fit for 55» og skogstrategien, og gi karbonlekkasje. Liknande funn vart gjort av det amerikanske Landbruksdepartementet i ein tidlegare rapport om CAP. Då skulda Copa-Cogeca EU for manglande konsekvensutgreiing. No skuldar dei Kommisjonen for å gøyme unna sin eigen rapport midt i ferien. Alle kort må på bordet når bøndene skal bli «fit for 55».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Landbrukets klimaregning