Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Britisk mat ut i verda

Britane vil auke eksporten, men utan å forhandle vekk landbruk og sjølforsyning.

Metter flere: Britisk sjølforsyning steg i fjor. Foto: Lars Bilit Hagen.
Metter flere: Britisk sjølforsyning steg i fjor. Foto: Lars Bilit Hagen.

– Du kan ikkje stole på eit folk som er så dårlege til å lage mat som britane. Orda fall ut av munnen på den franske presidenten Jacques Chirac i 2005 da han trudde mikrofonane var slått av. Berre finsk mat er verre, meinte franskmannen.

No er Boris Johnson lei av at resten av verda snakkar ned britisk mat. Han vil bruke den nye fridomen utanfor EU til å sende britisk mat ut i verda. Noreg er eitt av landa som allereie kjenner trykket.

Statsminister Boris Johnson var yr av optimisme då han heldt innlegg via på årsmøtet til det britiske bondelaget NFU tidlegare i år. Han ville ha slutt på det dårlege ryktet til britisk mat, og gleda seg stort over å sjå britiske biff kome tilbake i amerikanske butikkhyller, svin i Kina og ost i Midt-Austen. Han vil sjå walisisk lam, ost og syltetøy spreidd over heile kloden.

– Vi må ete meir britisk mat her heime og eksportere meir ut, var den klare marsjordren til bøndene frå statsministeren.

Opposisjonsleiaren heldt fram med hyllingstalen om britisk landbruk, og beklaga at Labour hadde glidd frå landbruket. Det skulle ikkje bli 13 år til neste gong dei deltok på årsmøtet, nei!

– Vi må ete meir britisk mat, sa Labour-leiar Keir Starmer, og ba om innspel til den reviderte utgåva av partiets landbrukspolitikk. Han har folket i ryggen, skal vi tru meiningsmålingane. Nærare 90 prosent seier Storbritannia bør produsere meir av sin eigen mat.

Bøndene er i god gang, ifølgje landbruksminister George Eustice. Sjølvforsyninga har auka for fyrste gong sidan 2014, kunne han skyte inn på møtet. Den nasjonale produksjonen aukar og importen frå EU går ned, ifølgje landbruksministeren. Utanfor EU er bøndene kvitt byråkratiåket og prisane til forbrukar er lågare enn nokosinne, skal vi tru Eustice.

I den nye landbrukspolitikken skal bøndene få meir direkte betalt for å pleie kulturlandskapet og miljøet. Og utanfor EU kan dei endeleg ta steget inn i den genmodifiserte verda. Dei har allereie hatt på høyring ein ny GMO-politikk som også statsministeren hyllar:

– Landbruket skal bli meir produktivt og berekraftig, med betre dyrevelferd og bruk av genteknologi, sa Boris.

Annonse

Ingen nemnde at eksporten av landbruksprodukt til EU har falle dramatisk etter Brexit. Britane klarte å redde tollfridom til unionen, men eksporten har likevel falle. Frå januar 2020 til januar 2021 har salet av mat og drikke frå Storbritannia til EU gått ned med 75 prosent.

Noko skuldast nok korona og oppbygging av lager før overgangsperioden gjekk ut. Men den britiske Food and Drink Federation meiner mykje av årsaka ligg i handelsbarrierar utanom rein toll og kollaps i såkalla gruppevise utskipingar av varer. Kanskje går dette seg meir til etter kvart, men fallet er likevel dramatisk.

Eksporten av storfe fall t.d. med over 90 prosent. Importen frå EU gjekk også ned, men ikkje så mykje som eksportfallet. For storfe var importnedgangen på 37 prosent frå EU.

Storbritannia er ikkje del av tollunionen lenger og har ikkje felles veterinærreglar med EU. Dei to partane stridast allereie om oppfyllinga av Nord-Irlandsprotokollen. Den slo fast at handelen med landbruksvarer skulle skje utan byråkratiske krav om t.d. helsesertifikat for animalske produkt fram til mars.

No vil britane utvide perioden til oktober, etter press frå nord-irsk næringsliv. EU går til sak mot Storbritannia for brot på protokollen og truar med dagbøter.

Så då kan ein godt skjøne at handelsminister Liz Truss i si helsingstale til bøndene vektla behovet for å diversifisere eksporten frå Storbritannia til andre enn EU. Nye marknader skal erobrast, meiner Truss, og nemner Midt-Austen og Asia spesielt.

– Vi kan ikkje stole på nokre få marknader, sa Truss. I 2019 eksporterte britiske bønder og matindustri for 24 mrd pund. Eksporten til land utanfor EU auka det året med tre gonger meir enn eksport til nabolanda i EU.

Førebels eksporterer berre ein av fem matprodusentar i Storbritannia, men det kan endre seg med den tidlegare statssekretæren i landbruksdepartementet i handelsministerstolen. No inviterer ho bondelagsleiaren på tur til New Zealand for å lære eksport.

Men samtidig lovar både ho, Boris Johnson og Labour-leiar Keir Starmer å ikkje kompromisse på standardar i internasjonale handelsforhandlingar.

– Vi vil aldri inngå ei handelsavtale som er dårleg for britisk landbruk, lova Truss. Det kan jo vere verdt å merke seg for norske forhandlarar.

Neste artikkel

Ujevnt om skog fra ny regjering