Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder i brexit-skvis

Det er ikkje lett å vere britisk bonde for tida.

Ut av EU: Så Storbritannia må nok finne andre løysingar enn den norske marknaden, som styrking av tollvernet til EU og å unngå å gi marknadstilgang til nye land. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix
Ut av EU: Så Storbritannia må nok finne andre løysingar enn den norske marknaden, som styrking av tollvernet til EU og å unngå å gi marknadstilgang til nye land. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix

Media har siste veka vore proppfull av dårleg nytt frå forhandlingane mellom EU og Storbritannia. EUs franske sjefforhandlar Michel Barnier skuldar Storbritannia for å vere uengasjerte og steile. Fisk og regleverk for standardar, inkludert for trygg mat, er mellom dei betente områda.

Nytt britisk lovverk som strir mot allereie inngåtte avtaler om saumlaus grensepassering av m.a. landbruksprodukt mellom EU og Nord-Irland, vekker harme heilt inn i den amerikanske kongressen. Statsminister Boris Johnson truar med å gå frå forhandlingsbordet, og set frist til 15. oktober for å nå ei avtale.

Blir det inga avtale vil toll og kvotar igjen bli innført mellom EU og Storbritannia, og britiske bønder får ikkje selt lammet sitt tollfritt til Frankrike. I tillegg blir ny landbrukspolitikk utmeisla, og forhandlingar med landbruksgigantar som USA og Australia gjennomført. – Og på toppen av det har vi koronakrisa, sukkar min britiske kollega.

National Farmers Union (NFU) har både medlemmer som er for og imot Brexit, og tok difor ikkje eit klart standpunkt før avstemminga. Men dei har heile tida vore opptekne av føreseielege forhold for bøndene, og vedtok seks krav til utfallet av Brexit-forhandlingane: Friast mogleg handel mellom EU og Storbritannia, større kontroll med landbrukslovgjevinga, oppretthalde tilgang til utanlandsk arbeidskraft, sikre at internasjonal handel respekterer innanlandske standardar og ein ny landbrukspolitikk som støttar bøndene som matprodusentar, betrar produktiviteten og gir eit robust landbruk som får skikkeleg betalt for å levere samfunnsgode. Og ikkje minst: Unngå at Storbritannia går ut av EU utan ei avtale.

Skrekkscenariet har heile tida vore «no deal»-alternativet, som no ser nærare ut enn nokon sinne. Oppnår ein ingen avtale innan året er omme fryktar britiske bønder fall i eksporten til EU, auka import, dårlegare tilgang på innsatsfaktorar som veterinærmedisin og plantevernmiddel, mindre tilgang på arbeidskraft og fall i eksport av økologiske varer (sidan EU ikkje lenger vil godta britiske sertifiseringsordningar).

Annonse

I 2017 eksporterte britiske bønder 31 prosent av sau- og lammekjøtet, tilsvarande 4,5 millionar sauer. 94 prosent av dette gjekk til EU. Tollen på lam kan bli 46 prosent med ein Brexit utan handelsavtale, storfe 65 prosent, og kylling 27 prosent. Dei britiske bøndene har også lita tru på at britiske styresmakter vil nytte høvet til å styrke tollvernet. – Den britiske regjeringa kan unngå å legge toll på importerte varer for å hindre auka matprisar. Dette kan ha negativ effekt på nasjonal matproduksjon og forbrukarval, og gi auka import av varer med lågare standardar, åtvarar NFU.

Britiske bønder har ein sterk frykt for auka import til lågare standardar. Ikkje berre frå EU, men kanskje enno meir frå land som USA. Storbritannia har kasta seg inn i forhandlingar med ei rekkje land, inkludert eksportgigantar som USA, Australia og New Zealand.

NFU har skrive brev til regjeringa saman med miljø- og forbrukarorganisasjonar, med krav om at importerte produkt skal ha same krav til dyrehelse og dyrevelferd, miljø og mattryggleik som britiske bønder må følgje. Elles kan dei ikkje konkurrere på like vilkår.

Det kan ein absolutt forstå. Vi kan vel seie det same når også Noreg no er inne i forhandlingar med Storbritannia. Norske bønder kan ikkje konkurrere med høge standardar mot billegare import, vere seg frå Storbritannia eller Latin-Amerika.

Skulle Storbritannia ende opp utan avtale med EU kan vi jo frykte at dei vil sjå seg om etter nye marknader. Men vi har nok sau og lam og andre landbruksprodukt laga etter gode og dyre høge standardar. Og regjeringa har gitt auka marknadstilgang til Storbritannia gjennom EØS-artikkel 19-avtala for berre eit par år sidan. Så Storbritannia må nok finne andre løysingar, som styrking av tollvernet til EU og å unngå å gi marknadstilgang til nye land.

Om det kan vere til trøyst, er britiske forbrukarar av dei få som brukar mindre del av inntekta si enn nordmenn på mat. Så kan vi heller jobbe saman mot vårt felles mål om auka sjølvforsyning, produsert på vilkår tilpassa nasjonale rammevilkår, anten det står ”Nyt Noreg” eller ”Red tractor” på pakken. Som NFU-leiar Minette Batters sa til Financial Times: – Å vere så sjølvforsynt som mogleg på det vi er gode på er ikkje proteksjonistisk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hareide trygg på seier i Høyesterett om EUs jernbanepakke