Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondeopprør a la EU

Det har syda av bønder i Nederlands gater denne sommaren. Dei protesterer mot enorme krav til kutt i nitrogenutslepp på opp mot 70 prosent. Presset er så stort at landbruksministeren nyleg konkluderte med at han ikkje var rette mann for jobben.

Husdyrprodusentar over heile Europa kjenner no på trykket. I Nederland reknar ein med at 11.200 gardar vil måtte legge ned, skriv Hildegunn Gjengedal. Her bønder i Nederland under ein demonstrasjon i juli. Foto: Peter Dejong /AP/NTB
Husdyrprodusentar over heile Europa kjenner no på trykket. I Nederland reknar ein med at 11.200 gardar vil måtte legge ned, skriv Hildegunn Gjengedal. Her bønder i Nederland under ein demonstrasjon i juli. Foto: Peter Dejong /AP/NTB

Også i andre EU-land, som Italia, Spania, Tyskland og Polen har bøndene teke til gatene denne våren og sommaren. Det er naturlegvis ikkje uvanleg at bønder protesterer, men frustrasjonen over uvanleg kostnadsauke, høg ambisjonar på miljø, klima og dyrevelferd, og stadige angrep på animalsk produksjon har no nådd bristepunktet.

EUs marknadsrapport frå i sommar viser at globale prisar har auka med 30 prosent sidan invasjonen av Ukraina (litt nedgang siste vekene), inflasjonen skapar press, vêret skapar utfordringar for årets avlingar og dyresjukdommar og høge fôrprisar gir negativ effekt for husdyrprodusentane.

EU ventar at både Ukraina-krigen og høge energiprisar vil halde fram, og spår høge prisar på elektrisitet, transport, kjøling og oppvarming, gjødsel og andre innsatsfaktorar i landbruket. For mjølkebøndene er situasjonen utfordrande trass i høgare prisar i marknaden, med dyre innsatsfaktorar kombinert med tørt og varmt ver og dårlege grasavlingar.

Nyleg ropte heile verdikjeda for mat i EU varsko om at høge energiprisar kan føre til stengd matindustri.

EU har hatt lite å tilby bøndene i kostnadskompensasjon. Krisepakken i vår på 500 millionar euro rakk ikkje langt for dei rundt 11 millionar gardane i EU. Medlemslanda kunne legge på ekstra midlar på toppen, noko 20 av 27 medlemmer har gjort. Våre nordiske naboar har valt ulike strategiar.

Finland toppa EU-støtta med rundt 300 millionar euro og Sverige med rundt 2 milliardar svenske kroner, medan Danmark lukka pengesekken. Danske bønder meiner dette skapar ulike konkurranseforhold i Norden.

I staden for ein raus krisepakke til bøndene serverer EU stadig nye krav for å nå sine ambisjonar i den grøne pakta (Green Deal), som vart vedteken i desember 2019. No skal landbruksdelen av den grøne pakta, Farm to fork, settast ut i livet.

Annonse

I vår og sommar kom det eit renn med nye vedtak som EU-bøndene meinte ville «…redefinere EUs landbruksmodell for tiår framover». Ein klimapakke med krav om 15 prosent høgare opptak og 40 prosent reduksjon av utslepp for landbruket og andre sektorar utanfor kvotesystemet, strammare grep om skogsdrifta og forslag til gjenoppretting av naturområde, tiltak mot avskoging og 50 prosent kutt i bruk av plantevernmiddel er mellom vedtaka.

"EU har hatt lite å tilby bøndene i kostnadskompensasjon. Krisepakken i vår på 500 millionar euro rakk ikkje langt for dei rundt 11 millionar gardane i EU."

Krisepakke

I haust kom EU med ein revidert versjon av industriutsleppsdirektivet, der stadig meir av landbruksproduksjonen blir underlagt krav til utslepp til jord, luft og vatn som er meint for industrien. Terskelen for å rekne inn fjørfé- og svineproduksjon som industri blir senka, og storfe blir for fyrste gong rekna med.

Har du meir enn 150 mjølkekyr, 21.400 fjørfeplassar, eller 500 plassar for svin blir du ramma av direktivet. Talet dyr på bruket blir lagt saman, og Frankrike fryktar at kombibruka blir utryddingstrua. Dette direktivet vil også ramme Noreg gjennom EØS-avtala.

Samtidig som EU syslar på med sitt konkurrerer nokre av medlemslanda om å bli best i klassen. Danmark er ikkje så oppteken av å toppe krisestøtta til EU, men vil gjerne vere i front på klima og berekraft. Difor innfører dei si eiga klimamerking på mat før EU. På same måte som dei gjorde med kosthaldsråda.

Dei nordiske landa er no i ferd med å utarbeide felles råd som så blir grunnlag for dei nasjonale kosthaldsråda. Men Danmark hadde ikkje tid til å vente. Dei smelte til med sine eigne ambisiøse kosthaldsråd om maks 350 gram kjøt (inkludert kvitt kjøt) og 2 egg i veka.

Blir Norden og Noreg inspirert og kosthaldsråda følgt kan det slå negativt ut for graslandet Noreg. Berekraft skal også inkluderast i dei nordiske kosthaldsråda og i desse dagar er eitt av berekraftskapitla på høyring. Så det er berre å kvesse pennen.

Husdyrprodusentar over heile Europa kjenner no på trykket. I Nederland reknar ein med at 11.200 gardar vil måtte legge ned. Bøndene vil drive meir miljøvenleg, men treng tid til omstilling. Og dei har ei klar åtvaring å kome med til sine eigne politikarar:

– Ver forsiktig med kva de ynskjer. For når bøndene er borte kjem dei ikkje igjen. Viss vi skal gjere oss avhengige av import har vi eit stort problem, sjå berre på gass frå Russland, sa partileiar Caroline van der Plas i Farmer-Citizen Movement til det nederlandske parlamentet og til BBC.

Neste artikkel

Taktskifte? Det vil koste