Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den første olja – og den siste

Korleis kan Senterpartiet tru at den siste norske olja skal redde verda frå ein klimakatastrofe og samtidig gi partiet truverd blant unge, utolmodige veljarar?

Valkamp: Ola Borten Moe signaliserer på vegner av seg sjølv og Senterpartiet ei framtid der dei siste dropane av norsk olje som vi kan finne, skal redde verda, skriv Audun Skjervøy. 
Foto: Terje Pedersen / NTB
Valkamp: Ola Borten Moe signaliserer på vegner av seg sjølv og Senterpartiet ei framtid der dei siste dropane av norsk olje som vi kan finne, skal redde verda, skriv Audun Skjervøy. Foto: Terje Pedersen / NTB

I barndomsheimen min stod det ei flaske i eit av skapa. Det hende at eg leita henne fram og studerte innhaldet. Det var mørkt, nesten svart. Eg syntest alltid at det var meir tyntflytande enn det eg trudde det skulle vere. Flaska inneheldt ei prøve av den første råolja som blei produsert på Ekofisk – ei gåve far min hadde fått gjennom jobben sin.

Eg er eit barn av den norske oljealderen og det norske oljeeventyret. Eg har fått ta del i den eventyrlege økonomiske veksten som har følgt den norske oljeverksemda i Nordsjøen. Framleis er det den næringa som skaper dei største verdiane i det norske samfunnet, ho gir staten dei største inntektene, 160.000 arbeidstakarar er direkte knytte til aktiviteten på den norske kontinentalsokkelen, inga anna næring trekkjer til seg større investeringar, inga anna næring eksporterer for større verdiar.

Kva gjer vi når kloden fortel oss at dette ikkje kan halde fram – at følgjene av bruken av fossile energikjelder er i ferd med å øydeleggje livsgrunnlaget mange stader, og at klimaendringane går raskare, og at somme av trendane er i ferd med å bli irreversible? Iallfall ikkje som Senterpartiet har gjort i denne valkampen.

Bodskapen i den vitskaplege delrapporten frå FNs klimapanel som vart lagd fram tidlegare i august, var krystallklar. Rapporten er «kode raud» for menneskeheita, sa generalsekretær i FN António Guterres. «Alarmklokkene er øyredøyvande, og bevisa er uomtvistelege», la han til med tanke på følgjene av å halde fram med å brenne fossil energi i same takt som i dag.

I amerikanske valkampar har det mange gonger vore snakk om den eine store saka som snur både gangen i valkampen og opinionen. Den vitskaplege delrapporten frå FNs klimapanel kan openbert ha vore ei slik hending før stortingsvalet i år – som også kledde av Senterpartiets truverd i klimapolitikken, dessverre.

Annonse

Det kan tenkjast at Senterpartiet har mykje bra for seg i den politikken dei går til val på for å bremse klimaendringane, men det hjelper ikkje stort når partileiaren i sin retorikk signaliserer noko heilt anna enn å vedgå at tidsalderen med fossil energi også må ha ein ende.

For det eg ser, er ein politikar som heller vil snakke til middelaldrande menn på bygda som klamrar seg til rattet på dieselbilen sin og nektar å innsjå at dei durar mot solnedgangen med klampen i botn.

Oljeeventyret

For det eg ser, er ein politikar som heller vil snakke til middelaldrande menn på bygda som klamrar seg til rattet på dieselbilen sin og nektar å innsjå at dei durar mot solnedgangen med klampen i botn. Da er det ikkje overraskande at yngre veljarar som er djupt urolege for utviklinga på kloden dei skal arve, vender seg til andre parti.

Det eg ser, er Trygve Slagsvold Vedum som svarer på forslag om utsleppsfrie soner i storbyane ved å kalle det «symboltiltak», samtidig som han er mest uroleg for den stakkaren som køyrer ein gammal bensindriven Toyota. Det er ikkje til å undrast over at parti som taler tydeleg om miljøsaker, går fram der børa av biltrafikken er tyngst.

Det eg også ser, er at Senterpartiet sender sin eigen oljegründer og 1. nestleiar Ola Borten Moe i fronten i klimakrigen for fortelje oss – på ein litt nedlatande og arrogant måte – at god klimapolitikk for Noreg er å gjere meir av det FNs generalsekretær oppmodar oss om å gjere mindre av. Da hjelper det ikkje at Ola Borten Moe er ein dyktig politikarar. Dei unge veljarane ser for seg ei framtid utan fossil energi. Borten Moe signaliserer på vegner av seg sjølv og Senterpartiet ei framtid der dei siste dropane av norsk olje som vi kan finne, skal redde verda.

Eg spretta aldri loket på råoljeflaska vi hadde ståande i barndomsheimen – same kor freistande det var, same kor lyst eg hadde til å kjenne lukta av den dyrebare olja som var henta opp frå den norske kontinentalsokkelen.

Det krevst nok større mot å la vere å leite etter og opne nye oljefelt på den norske kontinentalsokkelen, og det krevst mykje meir av det norske samfunnet å bu seg på at oljealderen også har ein ende. Og det er nettopp modige politikarar vi treng no, og ikkje sleivete politikarar som gøymer manglande politisk mot bak billig retorikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Altfor lenge har vi tatt bonden for gitt