Motkultur er Nationen sin debattarena for meinings- og debattstoff. Her vil debattinnlegg og alle innlegg frå Nationens eigne kommentatorar og spaltistar bli publisert.

Slik sender du inn innlegg:

  • Du kan sende inn debattinnlegg til Nationen ved å sende ein epost til debatt@nationen.no.
  • Kom gjerne med framlegg til overskrift og ingress. Legg gjerne også med eit portrettbilete av deg sjølv, om du har det. Send også gjerne med ein kort profil fyrste gongen du sender inn eit innlegg.
  • Alle debattinnlegg vil bli lest gjennom før publisering. Nationens debattredaksjon vil ta kontakt om det er konkrete spørsmål til teksten.
  • Kortare innlegg vil bli prioritert framfor lengre. Nationens debattredaksjon held på retten til å kutte ned debattinnlegg som blir publisert i papirutgåva av Nationen, og også til å endre overskrifta.
  • Standard lengde for kronikkar er 4900 teikn, inkludert mellomrom. Debattinnlegg bør vera under 3000 teikn inkl. mellomrom, og gjerne under 2000 teikn.
  • Debattinnlegg og kronikkar blir ikkje honorert.
  • Reglar for å delta i debatten:

  • Motkultur er ein debattarena for sakleg og open diskusjon om tema som distriktspolitikk, mat og landbruk, klima og miljø, samferdsle og politikk, EU og relevante internasjonale tema.
  • Alle innlegg vil vera opne for alle. For å kunne delta i diskusjonane under innlegga, må du registrere deg med ein Facebook-profil.
  • Ver sakleg og poengtert. Ikkje gå til ufine åtak på andre, hald deg til saka. Ver varsam med personkarakteristikkar. Om formuleringar ikkje blir oppfatta som saklege, vil debattinnlegget anten bli redigert eller det vil ikkje bli publisert.
  • Du kan ikkje skrive noko som bryt med norsk lov, ærekrenkande innlegg, rasistiske ytringar eller som vil bli oppfatta som truande.
  • Diskusjonane under innlegga vil bli moderert. Hald deg til temaet som blir teke opp i debattinnlegget. Byrjar diskusjonen å handle om andre ting, kan Facebook-innlegg bli sletta. Ver kritisk til omfanget av kommentarar. Opplever vi at nokon ser ut til å ha eit ønskje om å øydeleggje ein debatt, kan personar bli utestengde frå å kommentere.
  • Kvar og enkelt står personleg ansvarleg for innhaldet i innlegget. Nationen har redaksjonelt ansvar i samsvar med Redaktørplakaten.
  • Ikkje alle innlegg blir publisert.