Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindmølleparkar: Industrielle område i sårbar natur!

Sjølve vindturbinane er kanskje det minst konfliktfylte, bortsett frå uheldige skadeverknader på deler av dyrelivet og det estetiske inntrykket, som kjem an på auge som ser.

Vindkraft: Det er store naturinngrep med utbyggjing av vindkraft. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Vindkraft: Det er store naturinngrep med utbyggjing av vindkraft. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er dei enorme naturinngrepa som blir kravde i form av infrastruktur som forårsakar dei største varige skadeverknadene med tanke på mellom anna barriereverknader for dyrelivet og skader på naturmangfaldet. Vindmøller til havs vil i mindre grad ha desse negative verknadene.

At Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med Olje- og energidepartementet (OED) i spissen neglisjerer vern og villrein, friluftsliv, naturoppleving og helse i si analyse av kor det passa å anlegge vindmølleparkar i Telemarksfjella er ikkje overraskande, men at Miljødirektoratet (MD) langt på veg støtta dette i staden for å setje foten ned er å ikkje ta på alvor sin eigen faglege samfunnsrolle.

Nå er, som kjent og klokleg nok, heile kartet og planen som viste kor det kunne vera eigna å anlegge vindmølleparkar på land rundt om i Noreg putta i ein skuff, med sikte på ein heilt annan ryddig og demokratisk og betre grunngjeven prosess.

Annonse

Det blei presentert kart som viste analyseresultatet av kor i mellom anna Telemarks fjellheim det blei vurdert å bygge vindmølleparkar. Når ein ser at deler av Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde med villreinstamme, Roan-Våmur villreinområde, villreinområdet i Setesdal austhei og viktige friluftsområde og verna område sør og aust for Skrim-Sauheradfjella naturreservat blei analysert som aktuelle for vindmøller, måtte det i beste fall bero på naturfagleg og geografisk kunnskapsløyse eller i verste fall på neglisjering av noko som statlege styresmakter og direktorat hadde bestemt med omsyn til vern og villrein, der Noreg har eit spesielt internasjonalt ansvar for sistnemnde.

Vidare blei, som nemnd, viktige frilufts- og naturområde som mellom anna Sauheradfjella og Skrim, som i tillegg er naturreservat, analysert og funne potensielt aktuelle for vindmølleparkar. Som eksponent for vern og villrein, friluftsliv, reiseliv og naturoppleving, burde MD som fagleg samfunnsaktør og Klima og miljødepartementet som politisk miljøorgan, ha frårådd at desse områda skulle bli «offer» i form av omfattande industriell infrastruktur og tekniske installasjonar.

I staden for å ofre sårbart natur- og biomangfald og verdfull natur for i liten grad å mette eit umetteleg energibehov i dagens vekstsamfunn, bør ein satse langt sterkare på energiøkonomisering.

Energi frå vindmøller og vasskraft er ikkje miljøvenleg, dersom ein vurderer alle sider av miljøkonsekvensane, og ikkje berre dei som reduserer skadelege utslepp. Rett nok produserer desse energikjeldene rein energi, som vil redusere fossil og forureinande energi, og med det vera positivt for klimaet. Vindmøller til havs er kanskje litt mindre konfliktfylt, dersom ein vel område som erfaringsmessig er mindre sårbare enn andre.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Meiner regjeringa sin vindkraftpolitikk er menneskerettsbrot