Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindmølleparkar i byte mot knappar og glansbilete

Vindmøller: Skaper konflikt. Foto: Siri Juell Rasmussen

I radioprogrammet ”Her og nå” måndag 8. juli fekk vi høyra at eit selskap i Sveits i desse dagar sluttfører oppsetjing av 15 vindmøller av giganttypen i Marker kommune. Vidare høyrde vi at for denne naturøydelegginga får kommunen ei årleg skatteinntekt på om lag tre millionar kroner og eit par arbeidsplassar.

Storleiken på denne ”vindmølleparkinntekta” er om lag som å finansiera to – 2 – sjukeheimsplassar, medan dei utanlandske eigarane av vindparken i Marker kommune dreg av garde med ein vinst i milliardklassen. Sidan det sveitsiske selskapet investerer 600 millionar kroner, er det venteleg at dei vil ha inntekter på omtrent 12 milliardar etter 25 år.

Annonse

Atter kjem europearane og kastar glasperler og speglar til dei innfødde i byte mot verdifulle ressursar. Denne gongen er målet kommunar i Noreg, og ikkje stillehavsøyar. Slik framferd kan nordmenn ikkje finna seg i.

Vedtaksføre kvinner og menn i våre styringsverk må straks setja i gong med å få verksemda i tilknyting til vindmølleparkar regulert slik at folket, kommunane og landet sit at med ei forteneste som folk flest kan nikka godkjennande til.

Det ville ikkje vera urimeleg at energi frå vindmølleparkar vert skatta til liks med petroleumsnæringa som er 78 prosent. Merkeleg er det at Marker kommune er nøgd med knappar og glansbilete i byte mot verdifulle energiressursar. Stoda er kanskje lik i alle kommunar der vindmølleparkar trenger seg på?”

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi må satse på tog