Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraftutbygging øydelegg norsk natur

Den sterke kritikken som har vakse fram frå heile landet når det gjeld utbygging av vindkraft er bra. Eg er einig i den massive kritikken på fylgjande bakgrunn:

Vindkraft: Utbyggjing av vindkraft har skapa strid. Foto: Siri Juell Rasmussen

1. Norge har nok kraft med den vasskrafta me har. Denne kraftproduksjonen kan aukast med å oppgradera dei kraftverka me har i drift.

2. Det er utanlands storkapital som bygger ut det meste av vindkrafta. 15 av 18 vindkraftverk er det selskap frå andre land som eig! Det må vera i strid med den norske konsesjonslova av 1917 som seier at norske naturresursar ikkje skal vera eigd av utlendingar.

3. Det store vindkraftutbygginga delvis øydelegg og gjere stor skade på norsk natur, fugle- og dyreliv.

Annonse

4. Vindkrafta er avhengig av anna kraft for å verta brukt i dagen samfunn. Produserer eit vindkraftverk t.d. straum til 5000 husstandar fell heile straumen bort når det ikkje er vind. Då me det vera anna kraft som kan gå inn, og i Tysland vert det truleg frå kolkraft eller gasskraft.

5. Norge har gjeve stor økonomiske støtte til dei vindkraftverka som utanlandsk storkapital eig. Då dei bygde ut dei 32 vindturbinane på Høg-Jæren fekk utbyggingsselskapet noko over 500 millionar kroner i støtte. Etterpå selde dei vindparken til eit japansk selskap, og dei selde så straumen til eit sveitsisk selskap. Ei slik støtte forstår eg alle utbyggingane av vindkraft har fått. Dette viser Norge har gitt støtte på hundrevis av millionar til desse utanlandske selskapa.

6. Etter mitt syn ville det vore meir fornuftig å brukt desse pengane her i landet, på kollektivsatsing, ras sikring, helsevesenet, eller utdanning og forsking.

Eg håpar nå at regjering lyttar til det store folkekravet som vert sterkare for kvar dag som går, og snarast stoppar denne meiningslause utbygginga av vindkraft.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Cruise på ny kjøl