Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraft, vasskraft og berekraft

Korleis hadde landet vårt sett ut i dag utan eit reflektert syn på berekraft?

Vindmøller: Fører til naturinngrep på land. Foto: Lars Bilit Hagen
Vindmøller: Fører til naturinngrep på land. Foto: Lars Bilit Hagen

I eit debattinnlegg med tittelen «Vindkraft eller vannkraft?» i Nationen den 12. november, har Jo Heringstad frå Ås nokre kommentarar og spørsmål til innlegget mitt i same avis den 3. november.

Annonse

Han synest å dra den slutninga at når eg påpeikar at store vindmølleparkar på land med alle sine naturinngrep og omfattande infrastruktur vil bere preg av industriområde, så har eg ein generell negativ haldning til all industri, berekraftig verksemd inkludert.

Dette er ein spekulativ og feil slutning frå Heringstads side. Kva Telemark hadde vore i dag utan kraft- og industriutbygging i førre århundre, er vanskeleg å seie. Når han nærast insinuerer at eg helst ser at ein kunne vore forutan desse industrielle krafttaka i Telemark, er han på eit sidespor i tolkinga av kva eg meiner om vindmølleparkar i sårbar og verdfull natur.

Me lever i eit anna århundre i dag, med eit meir framtidsretta og reflektert syn på likevekta og balansen som må vera mellom økologisk og økonomisk berekraft. Korleis hadde landet vårt sett ut i dag og inn i framtida utan denne vedkjenninga? Likevel all respekt og ros til dei som bygde landet vårt i førre århundre før miljøomgrepet hadde slått rot.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Meiner regjeringa sin vindkraftpolitikk er menneskerettsbrot