Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villreinstamma i Nordfjella er ikkje borte

Nemnda vil nytte naturen sitt eige potensial i reetablering av villreinstamma. Oppdrett høyrer heime i landbruket.

Vi ønsker ikkje å redusere det opphavelege og stadeigne, og er grunnleggande ueinige i at menneska skal freiste å avle seg fram til sokalla betre tilpassa rein, skriv Villreinnemnda for Nordfjella, Raudafjell og Fjellheimen. Bilete er frå sone 2. Foto: Privat
Vi ønsker ikkje å redusere det opphavelege og stadeigne, og er grunnleggande ueinige i at menneska skal freiste å avle seg fram til sokalla betre tilpassa rein, skriv Villreinnemnda for Nordfjella, Raudafjell og Fjellheimen. Bilete er frå sone 2. Foto: Privat

Det byrjar no å kome utspel om løysingar for reetablering av villreinstamme i Nordfjella sone 1. Det siste var pensjonert veterinær Kåre Rudningen frå Lærdal sin kronikk i Hallingdølen og i Nationen 23. mars, som talte varmt for å nytte simler henta frå tamreindrift og bukk frå Nordfjella, i eit slags genetisk eksperiment, der eit av argumenta var å gjere dyra spakere.

Les innlegget til Kåre Rudningen her:

Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell ser at me bør gje til kjenne kva for haldningar og prinsipp nemnda vil arbeide etter i denne saka. Villreinnemnda er ei statleg nemnd med lokalt, politisk valde medlemmar. Nemnda har forvaltaransvar for villreinområda, og har mellom anna som oppgåve å godkjenne bestandsplanar og fastsetje årlege fellingskvoter.

Vi er lova ei brei representasjon og lokal involvering i arbeidet med oppatt-bygging av villreinstamma. Miljødirektoratet og Mattilsynet har ansvar for arbeidet som skal gjerast, og Miljødirektoratet set i desse dagar ned ei ny fagleg arbeidsgruppe for å arbeide vidare med reetableringsplanen. Me har send inn eit krav om at leiar og sekretær både frå villreinnemnd og villreinutval skal væra med, som eit minimum.

Vi har håp om at det blir jobba målretta og systematisk med å kunne nå målet om å friskmelde sone 1 innan 2023. Analyser av jordprøver, prøver frå urin og avføring frå dei smitta drya som vart felt, og frå sau som går på beite i området, vil være ein viktig del av arbeidet.

Annonse

Reetableringsplanen frå 2017 blei utarbeidd av ei faggruppe oppnemnd av Miljødirektoratet. Denne ligg til grunn for vidare arbeid i den lokale forvaltinga og for bestandsplanen. Bestandsplanen skal ivareta dyra i prøvetakingsperioden og vidare mot målet om å auke opp dyretalet for å gjere overføring av dyr i sone 2 til sone 1 mogleg. Desse dokumenta, saman med føringar frå Miljødirektoratet og Mattilsynet, ligg til grunn for dei vedtaka villreinnemnda har gjort for forvaltning av stamma i sone 2.

Villreinnemnda går inn i arbeidet med reetablering med ei grunnleggande haldning om å nytte naturen sitt eige potensial og med dei ressursane som er tilgjengeleg.

Villreinstamma i Nordfjella er ikkje borte. Omlag 20 prosent av stamma vart berga frå nedskyting, dette er dyra som sto i sone 2 i 2017. Det er ikkje vanskeleg å auke dyretalet. Den største utfordringa ligg kanskje i flyttinga av dyra, og i å få dei til å etablere seg i sone 1 med kalvingsområde og vinterbeite.

Vi ønsker ikkje å redusere det opphavelege og stadeigne, og er grunnleggande ueinige i at menneska skal freiste å avle seg fram til sokalla betre tilpassa rein. Oppdrett høyrer ikkje heime i viltforvaltning, det høyrer heime i landbruket. Villrein skal være tilpassa naturen dei lever i, ikkje til mennesket sitt ynskje om overforbruk av natur.

Villreinnemnda sitt langsiktige mål er å gjenskape Nordfjella villreinområde som eit heilskapleg villreinområde, med ei felles stamme. Slik kan me halda fram med å sjå på villreinen som ein viltart, forvalta i det Nasjonale Villreinområdet Nordfjella, og som ein arealmessig og genetisk naturleg del av den sørlege Europeiske villreinregionen.

Arbeidet med å friskmelde sone 2 er godt i gang og vil fortsette i 2020. Ei frisk og naturlig sky villreinstamme er ein garantist for ivaretaking av våre unike fjellområde.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kan ikke leve med uforsvarlig ambulansetjeneste