Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villreinområde er ikkje hindre for støling

Det er meiningslaust å setje i gang kostbare regionplanprosessar for å taka vare på villreinen når ein ved kvar planrullering berre endar med å opne for meir nedbygging.

Foto: Mostphotos
Foto: Mostphotos

I Nationens nettutgåve 17/6 skriv Olav Rabbe at eg påstår at grunneigarane i Valldalen har planar om hyttebygging. Men eg påstod ingenting om kva for planar Olav Rabbe har. Det eg skreiv var: «Skilnaden på Stølsdal og Villreinområde er at det kan byggast fritidshytter i fyrstnemnde. Målet med framlegg kan såleis ikkje vera anna enn å opne Villreinområdet for hyttebygging.»

Les innlegget til Olav Rabbe:

Det har eg god dekning for. Eg er sjølv eigar av ein gamal stølsdal med mykje areal innanfor Nasjonalt Villreinområde. Der er sau på beite. Jakt og fiske driv eg som før og skog kan eg hogga om eg vil. Dette gjeng fram av reglane på side 48 og utover i Regional plan for Hardangervidda. På side 50 stend det at ny kraftutbygging «bør unngås». Men der stend og at «Unntak kan gjøres for tiltak som ikke innebærer nye inngrep av betydning for bevaring av villreinstammen».

Annonse

For bygging i Nasjonalt Villreinområde gjeld fylgjande: «Støler, driftshusvære og næringsbygg kan etableres og videreutvikles som ledd i dokumenterbar utmarksnæring. Ytterligere retningslinjer for dette går fram av §2.2.», og i der går det fram at: «Grunneiere som driver ”annen utmarksnæring” som opplevelsesnæring (guiding) og utleie av jakt- og fiske-rettigheter(….), kan bygge næringsbygg for dette formålet etter nærmere planavklaring.». Men i Villreinområdet kan ein ikkje oppføre fritidsbebyggelse, s. 51. I Stølsdal derimot kan ein få: «muligheter for noe stedstilpasset nærings-og fritidsbebyggelse». Det er fylgjeleg reglane i Regionplanen som seier klårt at motivet for å endre frå Villreinområde til Stølsdal berre kan vera å opne for hytter. For andre føremål er ikkje endringa naudsynt.

Rabbe skriv heilt korrekt at reinen brukar områda i Valldalen i dei tider av året som der er lite folk. GPS-merke simler har kalva der og vore ned til kote 750. Forsking på tamrein i Sverige og Finland har synt at hyttefelt har negativ verknad på reinens arealbruk heilt ut til ti km. Opnar ein Valldalen for «noe stedstilpasset nærings-og fritidsbebyggelse» vil ferdsla det skaper påverke villreinområdet langt utanfor sjølve dalbotn i dei årstider der no er lite ferdsel.

Eg trur vel dei fleste ser at det er meiningslaust å setje i gang kostbare regionplanprosessar for å taka vare på villreinen og leveområda når ein ved kvar planrullering berre endar med å opne for meir nedbygging, snart her, snart der. Det er ein blindveg som endar i at Hardangervidda før eller sidan vert utan villrein. Eit slikt tap kan me ikkje tillate.

Neste artikkel

Når den politiske anstendigheita fallerer