Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villrein og nye turisthytter

Svar til DNT Telemark.

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX
Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

I Nationen har dagleg leiar i DNT i Telemark, Jon Atle Holmberg, ein replikk til mitt innlegg mot ny turisthytte på Mogen på Hardangervidda. Han meiner at den nye hytta vil verta mykje betre miljømessig. Sikkert sant reint bygningsteknisk.

Men hovudsaka her er at det å leie fotturistar inn i villreinområda aldri kan verta eit miljøtiltak fordi ferdsla forstyrrar og fortrenger dyra. GPS-merkinga har synt at den gamle jegerrøynsla er rett, ein mann er nok til å stekke ein flokk: I Nina-rapport 1121 s. 25 står det: «... viser at reinsdyra kan unngå områder med stier hvor det går så få som 1-3 personer/dag, dersom andre og mer uforstyrra områder er tilgjengelige.»

Dette inneber ikkje at folk skal slutte å gå i fjellet, men turane må gå utanom viktige beiteområde og trekkvegar. Hytte og stinettet på Hardangervidda vart lagt ut i ei anna tid då omsyna til reinen vart lite vektlagt. Det førte til misstak som no må rettast.

Annonse

Landets fremste fagfolk har utarbeidd kvalitetsnorm for villrein, der t.d. slaktevekter og opne trekkvegar kan vera på grønt, gult eller raudt nivå. På Hardangervidda har fleire slike indikatorar vore på raudt nivå lenge. Styresmaktene har sjølvsagt det øvste ansvaret for at denne sørgjelege tilstanden har fått vara, men DNT har og eit ansvar og er den organisasjonen som av eigen fri vilje kan gjera mest for å betre kåra for reinen ved å rette opp gamle misstak.

Hytta på Mogen er nedsliten og skal fasast ut. For DNT, grunneigarar og styresmakter er dette ein sjanse til å byrje ei naudsynt omlegging av nettverket av hytter og stiar, slik at skadeverknadane for reinen vert mindre. Omlegginga kan gjerast trinnvis etter kvart som dei eldre hyttene må utfasast. Å bruke mykje pengar på hytter som ligg feilplassert gagnar ingen i lengda.

Å prøvestenge Hellevassbu er eit godt fyrste trinn i ei slik omlegging. Tiltaket vil lære oss mykje og er kanskje nok til å få i gang att det gamle reinstrekket mellom Vinje og Ullensvang sør for Litlos. Det har og kome framlegg frå grunneigarar på vestvidda om å legge ny løype lenger ute på «eggene» i vest, i byte mot at Torehytta og stiane der vert tekne vekk.

Desse framlegga peikar framover mot eit tilbod til turfolket som er minst like bra som no og mykje betre kår for reinen i framtida. Fjellturen vert endå betre når den er i godt samsvar med orda om «naturvennlig friluftsliv» i §1 i vedtektene. Tilbodet om å rø meir utfyllande om desse sakene over ein kaffikopp i Skien seier eg sjølvsagt ja takk til.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Misnøyens vinter