Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villrein: Både Kvaalen og Punsvik har rett

Jerv - og fråvær av folk - er bra for villreinen.

Reindeer, Caribou,in the winter, Iceland
Reindeer, Caribou,in the winter, Iceland

I Nationen den 21. november hevdar villreinjeger og grunneigar Harald H. Kvaalen at forskar og villreinkjennar Tor Punsvik tek feil når han i eit innlegg i Nationen den 12. november hevdar at jerven er til beste for villreinen på Hardangervidda når det gjeld å få ei livskraftig stamme.

Annonse

Jerven som «forvaltar» og «helsearbeider» er ein art som høyrer til i fjellnaturen også der det er villrein. Det same gjeld forøvrig fjellreven som profiterer på åtsel etter jerven.

Når det gjeld sau på sommarbeite i villreinområde, er forholdet meir usikkert, sjølv om sau ikkje er ein del av det naturlege økosystemet der.

Men når mennesket kjem inn med sin til dels store ferdsel nærast året rundt og når motorisert trafikk breier seg innover i fjellheimen meter for meter, i tillegg til hyttebygging i nærmiljøet til villreinen, er det forstyrrande framandelement i økosystemet som villreinen er ein del av.

Derfor er det rett som Kvaalen meiner at villreinen treng ro, sjølv om mennesket har vandra på vidda i uminnelege tider, men i eit langt mindre omfang enn dagens turisttrafikk.

Eit velfungerande økosystem får ein bare ved fråvær av mennesket. Det betyr at Punsvik som vil ha jerv og Kvaalen som er skeptisk til forstyrrande menneskeleg ferdsel har rett begge to.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvilke skader gjør vindkraftverk på fuglelivet?