Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vilkåra for vanlege aksjeeigarar

Nokre tankar rundt det med aksjeinvestering for oss vanlege folk.

Yii-haa: Den profesjonelle okseryttaren Tanner Byrne (lysebrun hatt) opna aksjehandelen på Wall Street i New York på fredag. Foto: Richard Drew / AP / NTB Scanpix
Yii-haa: Den profesjonelle okseryttaren Tanner Byrne (lysebrun hatt) opna aksjehandelen på Wall Street i New York på fredag. Foto: Richard Drew / AP / NTB Scanpix

Nationen stør på leiarplass 28. desember Erna Solberg sin ide om at dei fattigaste av oss burde eiga fleire aksjar.

Eg er av dei som kan snakka ut frå eigne røynsler på dette området. Eg har både tent og tapt pengar på investeringar i aksjar. Det var utruleg moro, men, som sagt, ikkje berre innbringande. Det var nemleg den gongen aksjemarknaden var fri og open for vanlege folk. Den gongen ein avtale om å kjøpa ein aksje var ein avtale om å kjøpa ein aksje, og ein kvar myndig person kunne inngå slike avtalar. Men så kom eit EU-direktiv som sa at ein avtale om å kjøpa ein aksje var ein avtale om sal av eit finansielt produkt frå banken til meg, og eg måtte skriva under på ein haug med papir for aller nådigst å få lov til å selja dei aksjane eg alt hadde kjøpt.

Annonse

Signalet var ganske tydeleg: Dette er ingenting for vanlege folk. Dette er for dei med utdanning i økonomi og eigen juridisk rådgjevar, for dei som investerer millionar og ikkje tusenlappar. Så kan sikkert verksemdene verta fri den administrative bryen med å ha mange småaksjonærar. Småaksjonærvesnet var sikkert ikkje samfunnsøkonomisk lønsamt, kor som er.

Eit vesentleg paradoks gjer seg likevel gjeldande: Årsaka til at vanlege folk helst ikkje bør handla med aksjar er at dette medfører ein stor risiko som dei styrande ikkje er sikre på at vanlege folk forstår godt nok. Likevel har vanlege folk lov til å kjøpa lottokupongar, som er det verdipapiret her i landet som har suverent størst risiko. Det får ein lov til å kjøpa utan fyrst å signera nokon omfattande avtale med tippekommisjonæren om risikoforståing. Min filosofi var i si tid at eg ikkje ville tippa Lotto, men heller investera på Børsen, fordi sannsynet for å gå med overskot er mykje større der.

Elles er det ein annan grunn, som korkje statsministeren eller Nationen nemner, til at dei av oss med dårlegast råd helst ikkje bør eiga fleire aksjar. Det er at grunnregelen for aksjeinvesteringar er at ein ikkje skal investera meir enn det ein har råd til å tapa. Difor bør ikkje folk som er i ein pressa økonomisk situasjon investera mykje i aksjar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Statens lange arm