Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil utbytte til Vestlandet betra min økonomi?

Landbruket i Gudbrandsdalen slit. No må produsentane i tillegg betale kapitalkostnadane til eit nytt slakteri.

Sel kommune bruker 20 millioner på å etablere nytt slakteri. Hvem tjener på det, spør innsenderen. Foto: Bård Bårdløkken
Sel kommune bruker 20 millioner på å etablere nytt slakteri. Hvem tjener på det, spør innsenderen. Foto: Bård Bårdløkken

Aksjeselskapet Gudbrandsdal Slakteri AS vart stifta 1. april 2020. Fredag var det kakelag på Otta. GD fortel om Vestlands-gjestar med melding til oss bønder i dalen, tre av dei er nemnde med namn. Eg gjekk nokre av dei litt nærare etter i saumane.

Det først la eg merke til, var at familien Espeland omorganiserte i 2005 da selskapa Imw Invest AS, Ne Invest AS og Ge Invest AS vart stifta. Guro Invest AS vart stifta i 2015. Alle har adresse Ålgård.

Guro Espeland er dagleg leiar i Jæder Ådne Espeland AS, eit selskap som driv produksjon av kjøtt- og fjørfevarer og som omsette for 660 mill. kr i 2019. Selskapet sat att med eit resultat på 24,4 mill. kr før skatt.

Ho er også eineaksjonær i selskapet Guro Invest AS som i sin tur er aksjonær i Ne Invest AS der Guro Espeland er dagleg leiar, styremedlem og personleg aksjonær. Guro Espeland kontrollerer 50,1 prosent av Ne Invest AS. Dette selskapet eig i sin tur 36,4 prosent av Jæder Ådne Espeland As.

Noralf Espeland er styreleiar og aksjonær i Ne Invest AS og styremedlem i Jæder Ådne Espeland AS. Av eit resultat på 3,2 mill. kr i 2019 delte Ne Invest AS ut 1,7 mill. kr i utbytte til sine 5 aksjonærar.

Annonse

I Imw Invest AS har alle aksjonærane Waldemar til slektsnamn. Majoritetseigaren heiter Inger Marie som også er dagleg leiar, i tillegg til at ho er styremedlem i Jæder Ådne Espeland AS. Imw Invest AS eig 22,4 prosent av Jæder Ådne Espeland AS. Imw Invest AS delte i 2019 ut 2 mill. kr i utbytte til sine 3 aksjonærar.

Forvirra? Ikkje når vi går gjennom selskapet Ge Invest AS. Her er Gabriel Espeland aksjonær og dagleg leiar. Han er også styreleiar i Jæder Ådne Espeland AS. Styreleiaren i Ge Invest AS heiter Tor-Gabriel Espeland. Ge Invest AS eig 36,4 prosent av Jæder Ådne Espeland AS. Ge Invest AS delte i 2019 ut eit utbytte på 2,6 mill. kr til sine 5 aksjonærar. Jæder Ådne Espeland AS delte i 2019 ut 9 mill. kr i utbytte.

Tilsvarande kunne eg gått gjennom konglomeratet av selskap i Fatland-dynastiet. Eg vil ikkje bruke tid på det nå. Den som vil kan sjekke eit selskap som heiter Norsk Kjøtthandel AS. Ingen stor butikk, det interessante er aksjonærlista (155 stk.) og dotterselskapet Nk Import AS.

Landbruket i Gudbrandsdalen slit med mange slags utfordringar. Rekneskapskontora kan fortelje at bønder flest sjeldan skuldar mykje meirverdiavgift ved årets slutt, mange har «moms» til gode. Det betyr at varestraumen knapt betaler for vare- og tenesteforbruket på eigen gard. Kva lever da bonden av? Jo, av meirverdiavgiftsfrie inntekter som produksjonstillegg og refusjonar, av lønsinntekter utanfor bruket og av tenesteproduksjon for andre slik som snøbrøyting, vedproduksjon, leigekøyring og entreprenørskap. Bonden er kreativ.

Det er alt stor konkurranse om slaktet i Gudbrandsdalen. Den som har slakt å levere, kan ringe etter ein blå, ein kvit eller ein annan bil. Vil ein ny aktør på Otta auke mine inntekter? Vil ei investering på 300 mill. kr på Otta auke kontantstraumen min? Ingen andre enn leverandørane til Gudbrandsdal Slakteri AS kan betale kapitalkostnadene for nytt slakteri på Otta. Familiane Espeland, Waldemar eller andre gir ikkje bort nytt slakteri gratis.

Eg spør: Vil framtidige utbytter til familiane på Vestlandet styrke økonomien på mitt bruk? Kor stor vekt vil Terje Jonny Sveen ha ved styrebordet saman med familiane Espeland, Waldemar og Fatland? Vart det i det heile teke stilt kritiske spørsmål til representantane for familiane på møtet før helga? Eller vart gjestane møtt med sitatet frå nattverdsliturgien i Den Norske Kyrkja: – «Kom, for det er klart!»? Det er ingen tradisjon for å stille kritiske spørsmål til emissær og prest i bedehusland.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Utmark i endring