Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil landbruksmyndigheitene ei heil næring til livs?

Det ser ut som at landbruksmyndigheitene vil ei heil næring til livs. Ikkje fordi dyra lir, ikkje av omsyn til miljøet, men berre fordi produksjonen ikkje er intensiv nok!

Uønskt? Villsauproduksjon vert ikkje rekna som produksjon. Foto: Privat

Vi som driv med gammalnorsk sau i full utegang på lynghei, har ein produksjon i balanse med det miljøet sauene lever i. Vi tek med dette vare på vårt eldste kulturlandskap; Kystlyngheia.

Dette eldgamle landskapet er raudlista og 90 prosent av Europas kystlyngheier er allereie borte. Noreg har internasjonal forplikting til å vare på dei siste kystlyngheiene med tilhøyrande flora og fauna.

Kystlyngheia vert skjøtta ved vinterbeiting og lyngbrenning. Når lyngheia vert stelt kjem dyr og fuglar som høyrer dette 5000 år gamle landskapet tilbake. Stell av dette eldste kulturlandskapet gjev rikare biologisk mangfald.

Villsaudrift er basert på naturen sitt krinsløp, sauene produserer i balanse med det naturen gjev.

Gammalnorsk sau er vår eldste sau, like gammal som landskapet han høyrer til i. Naturen har forma denne sauen i sitt bilete til å bli ein særs funksjonell sau som produserer optimalt i høve til det beitet gjev han. Sauen er liten, berre kring 35 kg levande, medan moderne langhala sauer er kring 90 kg levande.

Moderne sauer, som er avla på maksimal produksjon er blitt uhorveleg produktive, men kor høg produksjon bør ein sau ha? Sauen er eit beitedyr med 4 mager, han er spesialist på å utnytte marginale fôrressursar.

Landet vårt gror att medan vi brukar stadig meir matjord til å produsere kjøt frå drøvtyggjarar. Nokre hevdar at sauene som går i lyngheia utan tilskotsfôring gjennom vinteren lir fordi dei er svoltne. Dette stemmer berre dersom det er for mange dyr per arealeining, eller dersom lyngheia er dårleg eller dekka av snø. Sauene mine dansar og leikar midtvinters. Det er ikkje tvil om at dei har det godt, sjølv i stiv kuling og regn.

Annonse

Moderne høgproduktive husdyr er alltid svoltne, dei må ete alt dei kan for å kunne produsere optimalt. Dess meir produktive husdyra våre er, dess større utfordring er det å få i dei nok næring. Dess meir intensiv husdyrdrifta er, dess meir røyner det på dyra og utfordringane vert store for å halde dyra trivelege og friske.

Gammalnorsk sau som i mange generasjonar har gått på full utegang i lyngheia ber i seg særs verdifulle genar til bruk i ei uviss framtid. Vi veit med sikkerheit at matjorda må i stadig større grad gå til å fø eit aukande folketal, ikkje til å produsere protein til dyrefôr. Eigenskapar som ikkje blir vørd i moderne intensiv drift, men som kan bli avgjerande i ei framtid med anna klima og med skort på matjord.

Mest all rettleiing i landbruket handlar om å maksimere utbyttet, sjeldan får bonden råd om å redusere innsatsfaktorane i produksjonen eller å sjå på berekraft i eit krinsløp.

Villsaudrifta krev marginalt med innsatsfaktorar, vi kjøper svært lite kraftfôr, aldri kunstgjødsel, sprøytemidlar og treng mest aldri dyrlege. Vi har mest aldri sjuke dyr, vi har lite tap og sauene lever meir enn dobbelt så lenge som moderne sauer gjer.

Likevel er altså vår produksjon ikkje å rekne som «vanleg jordbruksproduksjon». Vi produserer lammekjøt, spekepølse på gamle sauer, skinnfeller, ull og garn frå ei fattig utmark som ikkje kan brukast til annan produksjon.

Mange villsaubønder har i desse dagar fått eit skriv frå landbruksmyndigheitene om at deira produksjon ikkje kan reknast som vanleg landbruksproduksjon og at dei difor vil få trekk eller miste heile produksjonstilskotet. Sjølv om forskrifta gjev rom for tolking, er mange byråkratar best på å lese paragrafar og halde seg til reine tal og tabellar.

Allereie har fleire anten gjeve opp heile drifta, starta med innkryssing av større dyr og tilleggsfôring eller berre sett lamma på sluttfôring med kraftfôr. Det siste alternativet gjev eit heilt anna og mindre sunt produkt og er ikkje dyreetisk bra og skader lyngheia.

Vi i Norsk Villsaulag har kjempa for denne ekstensive landbruksproduksjonen som har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Stadig sterkare økonomiske incentiv for auka produksjon utfordrar no driftsforma og sauen. Skrivet frå kommunen og trekk i tilskot kan bli kroken på døra for store deler av denne driftsforma. Kven skal då skjøtte den raudlista kystlyngheia?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jordvern kontra bustadområde