Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil dei raudgrøne ha slutt på bondekanibalismen?

Dei store tilskota går til dei største, ikke dei mange gardbrukarane rundt om i landet.

Tak på støtte? Det er dei raudgrøne som må endre kursen etter Solberg-regjeringane. Vil partia sette tak på kor stor statsstøtte det enkelte bruk får, spør innsendaren. Foto: Mostphotos
Tak på støtte? Det er dei raudgrøne som må endre kursen etter Solberg-regjeringane. Vil partia sette tak på kor stor statsstøtte det enkelte bruk får, spør innsendaren. Foto: Mostphotos

Bondeopprøret som rullar over landet dokumenterer eit system i krise. Opprøret skal helsast velkomen slik at systemet kan vølast.

Jordbrukarane skal sikrast gode vilkår som sømer seg verdas rikaste land, men gjennom rettferdig fordeling av overføringane frå staten. Vi løyver 17 milliardar over statsbudsjettet. I tillegg kostar importvernet forbrukarane 11-12 milliardar.

Medan marknadane nesten alltid skaper store inntektsskilnader, er det overføringane frå staten som skal gje betre fordeling mellom store og små bruk, sentrum og utkant, flatbygder og fjellbygder. Dei store overføringane har hatt sterk grunngjeving: Norge har eit klima og ein bruksstruktur som gjer at landet ikkje bør drive industrielt storskalajordbruk. Vi må satse på eit familiejordbruk som driv bruket med eigne hender. Slik har vi tenkt og trudd at systemet er og skal vere.

Men så har pandemien kasta nytt ljos over systemet. Det kom som ei stor overrasking på det norske folket at store delar av jordbruket ikkje lengre er eit familiejordbruk, men har gjort seg avhengig av importert arbeidskraft.

Plutseleg står Bondelaget (og Sp) fram og krev at regjeringa må gje landbruket unntak frå koronatiltaka slik at næringa kan få hausta og sådd og gjort fjøs- og gardsstell. Vi visste ikkje at det har oppstått eit nytt jordbruksproletariat med timeløn gardbrukarane sjølv seier er heilt uakseptabel (og det har dei retti), men mest overraska er vi nok over at Bondelaget og Sp ikkje har ropt alarm.

Nå veit vi alle kva som har skjedd. Jordbruket er ikkje ein del av EØS og me får derfor høgre prisar for matvarene enn våre naboar i Sverige og Danmark gjennom tollvern.Samstundes gjev avtala jordbruket lov til å importere lågtløna arbeidskraft og kraftfôr.

Annonse

Da resten av oss oppdaga arbeidskraftimporten trudde vi at billeg importert arbeidskraft og kraftfôr har fått som konsekvens at entreprenørielle bønder kunne starte masseproduksjon utan statsstøtte.

Men så viste det seg at dei også fekk statsstøtte for kvar kilo ekstra kjøt, som tok livet av småbønder som laut redusere tilvarande. Bondekanibalisme.

Resultatet av dette les vi om i Nationen: 704 bønder fekk i 2020 meir enn ein million i støtte frå staten!

Vi brukar ikkje statsstøtta for å bruke norske ressursar. At dei flest stormottakarane ligg utanfor distrikts-Norge fortel oss at det heller ikkje er distriktsutvikling som har føregått.

Korleis kunne dette skje? At Frp innførte sterkt sentraliserande tiltak som fremja storproduksjon er som venta, men for mange var det uventa at denne storproduksjonen skulle betalast med «skatteytaranes pengar».

Det overraskande er at Bondelaget støttar dette og vil føre Frp-politikken vidare. Det felles kravet til jordbruksoppgjøret i år viser at Bonde- og Småbrukarlaget meir eller mindre frivillig har vorte med på galeien, men dei har fått inn litt kutting av dei konsesjonsgrensene som fører til at så mange får milliontilskot.

Listhaug dobla minstegrensa for å få tilskot. Heller ikkje dette vil bøndenes organisasjonar gjere noko med. Ingen krav om å få dei små inn att. Bondekanibalisme?

Det er dei raudgrøne som må endre kursen etter Solberg-regjeringane. Vil partia sette tak på kor stor statsstøtte det enkelte bruk får? Vil dei fjerne golvet for tilskotsordningar slik at også småbrukarar får tilskot over jordbruksavtala?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Borgenfjordens siste vår?