Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi vil sjå kvar maten kjem frå

Vi må ha tydelegare merking av produksjonsland på matvarer.

Forbrukarådet og Nyt Norge må gjer ein skikkeleg innsats for betre matmerking, mener Eli Berge Ness. Foto: Mariann Tvete
Forbrukarådet og Nyt Norge må gjer ein skikkeleg innsats for betre matmerking, mener Eli Berge Ness. Foto: Mariann Tvete

Siste tida har det vore mykje oppslag både i media og i sosiale medium vedkomande dårleg merka og feilmerka matvarer. Det er heilt tydeleg at dette er noko forbrukarane er opptekne av. Det er ein veksande mistillit til kjedane sitt system for merking av mat, særleg knytt til eigne merkevarer som Coop, Folkets og andre.

Etter covid-19 er det mange forbrukarar som har blitt mykje meir bevisste på kva produkt dei vel i butikken, og mange fleire ønskjer å kjøpe norske landbruksprodukt. Kjøper vi ikkje norsk mat no, vil det heller ikkje vere norsk mat å få kjøpt når vi verkeleg treng det. Dette veit vi som driv jordbruk, men mange fleire innsåg realitetane i det då grensene vart stengde i mars.

Auka mjølkeforbruk i Norge gjer at Tine har oppfordra bøndene til å vente med slakting og heller levere meir mjølk. Dette meiner ein kan føre til at ein treng å importere meir storfekjøt. Norsk Bonde-og Småbrukarlag vi peike på at no står vi i starten på lammesesongen. Ein kan velje norsk lammekjøt av god kvalitet av dyr som har beita ute heile sommaren, framfor importert storfekjøt der ein veit lite om produksjonsmåte.

Annonse

Norsk Bonde- og Småbrukarlag utfordrar kjedane til å ta dette på alvor. Som kundar har vi mogelegheita til å velje. Sjå etter Nyt Norge-merket, eller vel merke som garanterer norske råvarer. Gilde og Prior er garantert norsk. Tek ikkje butikkane inn det vi vil ha, får vi gå i ein annan butikk.

Forbrukarådet og Nyt Norge må gjer ein skikkeleg innsats i denne saka. Vi vil sjå kvar maten kjem frå. Vi må ha tydelegare merking av produksjonsland. Det gjeld norsk og utanlandsk kjøt som blir pakka i like pakningar. Det gjeld utanlandse grønnsaker som blir pakka i Norge, og då merka med kvar dei er pakka og ikkje kvar dei er dyrka.

I slike tilfelle bør ein kunne merke dei med både produksjonsland og kvar dei er pakka slik at det er lett å sjå. Kjedane sine eigne produkt blir pakka i emballasje som er så lik dei opprinnelege varene at ein må faktisk vere djupt konsentrert når ein skal velje rett. Det er for ille at ein ikkje skal kunne gå i nærbutikken sin utan å måtte ta på briller for å kunne lese seg til kvar varene kjem frå.

Pollitikarar ønskjer å ta forbrukarane på alvor. I denne saka kan jordbruket, forbrukarane og politikarane stille på same lag. Dei store matvarekjedene er velkomne til å bli med på laget.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

2021 - et viktig år for internasjonal landbrukspolitikk