Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi treng utanlandske treslag

Det vert ikkje meir klimabinding av forbod mot klimabindarar.

Syg karbon: Sitkagrana. Foto: SIri Juell Rasmussen

Regjeringa har varsla eit mogleg forbod mot planting av utanlandske treslag, noko som vil gje mindre tømmer og CO2-opptak i skogen i framtida. I Nord-Noreg har ein svært stor del av skogreisinga skjedd med sitka- og lutzgran, men resten av kysten sørover til Vest-Agder har òg mye planta sitkagran. Desse treslaga er i stor grad planta der det pga. klima- og vekstforhold ikkje finst gode alternativ. Dei toler godt storm, produserer opptil dobbelt så høgt volum per dekar som vanleg gran og har suveren vyrkeskvalitet: Høg styrke i forhold til masse.

Vrifuru er planta mest i innlandet, men òg langs kysten. Ho er eit alternativ i område der det er vanskeleg å få opp vanleg furu, har større produksjon per dekar enn furua og passar godt i mellom anna høgareliggjande innlandsstrok.

Annonse

I kystfylka i vest og nord blir berre halvparten av hogstflatene i gran planta til att, med avskoging eller attgroing med mindre produktive treslag som resultat. I sitkagran blir nesten ingen hogstflater planta, og Fylkesmannen si strenge praktisering av forskrifta om planting av utanlandske treslag er her ei årsak. Forskrifta, med søknadsplikt, kom etter vår meining av ei overdriven frykt for følgjene av spreiing av innførte treslag til areal utanfor plantefelta.

Det er lite forynging av sitka-, lutzgran og vrifuru i skog, men noko meir på opne areal. Sitkagrana forynger seg lettast av desse. Attgroinga av utmarka gjer likevel at det er lite spreiing av desse treslaga utafor plantefelta, pga. konkurransen frå lauvtre, furu og andre artar. Spreiing kan kontrollerast med rydding, og forskrifta regulerer planting ved areal der treslaga er lite ønska.

Noreg er det mest restriktive landet blant nabolanda våre i bruk av utanlandske treslag, og ingen andre land i Europa har innført forbod mot planting av desse treslaga. Eit forbod blir feil når vi i eit endra klima kan få bruk for fleire treslag og meir skog.

Neste artikkel

Norskog: – Vi kan plante fremmede treslag i et større areal og oppnå en større klimagevinst