Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi treng ei nynorsk utgreiingsplikt

Mange nynorskelevar får for dårleg opplæring, dei manglar læremiddel og språkrettane deira blir ikkje oppfylte

Opplæring: Vi at mange nynorskelevar får for dårleg opplæring, skriv Gunhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom. Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom
Opplæring: Vi at mange nynorskelevar får for dårleg opplæring, skriv Gunhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom. Foto: Ingunn Vespestad Steinsvåg / Norsk Målungdom

I tida framover skal skulen gjennom store endringar. Vi har fått nye læreplanar og skal få ei ny opplæringslov. I tillegg har fleire utval levert rapportar om stoda i skulen, mellom anna om kjønnsforskjellar, eksamensordninga og struktur og innhald i VGS. Felles for alle desse er at dei ikkje tar omsyn til nynorsken og nynorskelevane. Det er ikkje godt nok!

Vi i Norsk Målungdom veit at mange nynorskelevar får for dårleg opplæring, dei manglar læremiddel og språkrettane deira blir ikkje oppfylte. Dette skjer mellom anna fordi lovene som regulerer opplæringa ikkje tar nok omsyn til at dei regulerer kva språk barn og unge møter, og korleis.

Opplæringslovutvalet føreslår å fjerne røystingar om kva språk skulen skal ha. Liedutvalet vil kutte i timetalet til norskfaget, slå saman karakterar og slutte tidlegare med sidemål. I tillegg let dei vere å greie ut viktige problemstillingar. Men mest alvorleg er det at dei vil endre i viktige språkrettar utan å ta omsyn til språkpolitikken. Sånn kan vi ikkje ha det.

Stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008 introduserer det såkalla «prinsippet nynorsk»:

Annonse

Nynorsk høyrer i utgangspunktet alltid med der norsk språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt og behova til nynorskbrukarane bli dekte. Det normale vil då vera at nynorsken blir rekna med. Dette er kalla prinsippet nynorsk.

Dette prinsippet må lovfestast. Da vil ikkje regjeringa kunne levere ei ny opplæringslov eller endre vurderingsordninga i skulen utan å ha greidd ut korleis dette påverkar nynorsken. Regjeringa føreslår at eit av føremåla med den nye språklova skal vere å styrke det minst brukte skriftspråket nynorsk. Da må dei ha utdanningspolitikken med på laget.

Vi er i ei tid med mange strukturelle endringar, både av skulen, kommunar og fylke. Når nynorsken gong på gong blir gløymd fører det som oftast til ei svekking av nynorsken. Og enda verre: desse konsekvensane er gjerne uvisse og overraskande, fordi ein ikkje har greidd ut korleis endringane kan påverke nynorsken.

Når regjeringa og regjeringsoppnemnde utval ikkje klarer å ta det språkpolitiske ansvaret sitt på eiga hand, må vi sørge for at dei gjer det på anna vis. For å vege opp for alle utgreiingane vi har fått nyleg som ikkje drøftar nynorsk, bør det komme ei offentleg utgreiing om vilkåra for nynorskbrukarar og stoda for nynorsken. Denne offentlege utgreiinga må vere sektorovergripande, og sjå på dei språkpolitiske sidene av opplæringsfeltet så vel som kulturfeltet og offentleg målbruk.

For framtida bør denne utgreiinga blir gjort når sjølve sakene blir greidd ut. Å lovfeste ei utgreiingsplikt vil både minne politikarane på det ansvaret dei har for nynorsken, og gjere det lettare å reagere om dei ikkje tar ansvaret sitt. Det er Stortinget sjølv som har vedtatt prinsippet nynorsk. No er det på tide at dei følger det opp og lovfestar det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det er nå du trenger avisen din – og den trenger deg