Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi pyntar gjerne distrikta, fordi dei fortener det!

Vi registrerer at det har vore eit ønskje frå ulike regjeringar med eigen distriktsminister – også for regjeringar der Senterpartiet har vore representert. Høgre i regjering har gjort noko med det.

Minister: Linda Hofstad Helleland (H) vart i midten av januar utnemnt som distriktsminister. Foto: Fredrik Varfjell / NTB Scanpix
Minister: Linda Hofstad Helleland (H) vart i midten av januar utnemnt som distriktsminister. Foto: Fredrik Varfjell / NTB Scanpix

Distriktspolitikken i Høgre fekk seg eit realt oppsving då Erna Solberg bestemte seg for å utnemne ein eigen distrikts- og digitaliseringsminister i den nye regjeringa. Statsrådsposten vart tildelt til Linda Hofstad Helleland.

For oss i Høgre har verdiskaping og vekst i heile landet alltid stått sterkt. Høgre sitt mantra er at «det må skapast verdiar før ein kan bruka dei». Vi er tydlege på at skal vi ha eit næringsliv som fungerer, og med det greie å sikre vår velferd.

Då må vi ta heile landet i bruk, og syte for at vi legg til rette for lønsame arbeidsplassar og gode vekstvilkår der grunnlaget for verdiskapinga er.

I distrikta er det naturressursbasert næring som har største vekstpotensial. Dette skjer på sokkelen, der teknologibedrifter og leverandørar i heile landet syter for at vi er lengst framme med tanke på miljø, tekniske nyvinningar og lønsemd.

Heile landet leverer dyktige fagfolk som jobbar offshore og på landanlegga. Det skjer langs kysten innan maritim industri noko som gjer at vi er verdsleiande innan grøn skipsfart. Det skjer innan fiskeri, oppdrett, kraftproduksjon, jordbruk, offentleg sektor som leverer gode velferdstenester.

Annonse

Det viser at vi i dag fører ein politikk som får næringslivet til å fungere. Arbeidsløysa er låg og det er heller mangel på kompetent arbeidskraft i distrikta er utfordringa, ikkje tomme hus som retorikken frå enkelte kan gje inntrykk av.

Ei satsing på infrastruktur som breiband og vegar, desentralisert etter- og vidareutdanning, ein skattepolitikk som gjev næringslivet i distrikta gode vilkår er ein stor del av forklaringa. Ikkje minst er det viktig å underbyggje bustadsattraktivitet med meir sjølvråderett og leggje til rette for meir lokal verdiskaping.

Så kvifor er det då trong for ein eigen statsråd med spesielt blikk for distrikta?

Ein erkjenning av at det trengst eit spesielt koordinerande blikk for å vareta heile landet var noko av bakteppet. For oss er det viktig å kunne sjå utfordringar og samanhengar på tvers av sektorane, og ikkje minst er vi opptekne av å lytte til dei utfordringar folk møter på i kvardagen.

Den sektoriserte staten kan motverkast med ein statsråd som har ein koordinerande funksjon. Som ser og lyttar til lokale krefter og sørger for at styrking av lokaldemokratiet ikkje berre blir festtaler.

Vi registrerer at det har vore eit ønskje frå ulike regjeringar med eigen distriktsminister – også for regjeringar der Sp har vore representert. Høgre i regjering har gjort noko med det. Vi forstår at dette kan kjennest leit, at dette gjerne skulle vore ein siger Sp kunne hanke inn. Men i staden for å snakke ned ein slik statsrådspost, burde Sp sentralt la seg begeistre like mykje som Sp lokalt gjev uttrykk for. Og Sp må gjerne utfordre – svært gjerne.

Så skal vi svare opp med god borgarleg politikk som viser at vi tek distrikta på alvor. Vi ser fram til mange gode distriktspolitiske debattar – det vil tene heile landet om også Sp sentralt begynner å snakke distriktspolitikk framfor negativ retorikk om distrikta og dårleg skjult irritasjon over at ikkje dei har landets første distriktsminister – det pyntar definitivt ikkje distrikta!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sannhetens øyeblikk