Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi må bruke alt areal i matproduksjonen

Dersom vi skal få ei styrking av sjølforsyninga, må budsjettmidlane i jordbruksavtala brukast til å drive ein matproduksjon som sikrar bruk av alt areal

Oppland Bonde- og Småbrukarlag vil i dei komande jordbruksforhandlingane prioritere bruken av budsjettmidla, slik at ein styrkar lønsemda på små og millomstore bruk, skriv Jarmun Øyen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Oppland Bonde- og Småbrukarlag vil i dei komande jordbruksforhandlingane prioritere bruken av budsjettmidla, slik at ein styrkar lønsemda på små og millomstore bruk, skriv Jarmun Øyen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Sjølberging og sjølforsyning av mat. Disse to begrepa brukar ein om kvarandre og tolkar ofte feil. Sjølberging med mat syner til dei moglegheitene vi har her i landet til å produsera mat under ulike tilhøve. Vi snakkar mellom anna om kunnskap, energiforbruk og transportsystem, og ikkje minst om bruksstruktur. I tidlegare krigs og krisesituasjonar har Noreg vist stor evne til sjølberging, men det er uråd å talfeste betydninga særleg presist. Ein ting er likevel klart, det er omfanget i planteproduksjonen, og særleg produksjon av matkorn, som avgjer graden av sjølberging i eit land.

Snakkar vi om sjølforsyning, er derimot dette noko som kan målast, og som er mogleg å endre dersom det er politisk vilje hjå storting og regjering. Sjølforsyning handlar og om mat vi kan produsere her i landet, med basis i dei ressursane vi naturleg har til rådvelde. Men her kjem importerte fôrråvarer og ferdige produkt inn i biletet. Ofte når sjølforsyning blir diskutert ser ein på totalbiletet, og korrigerar sjeldan for importen. Dersom ein ser føre seg at importen blir stogga av landa som eksporterar mat og fòr til Noreg, har vi ei svært låg sjølforsyning her i landet.

Bonde- og Småbrukarlaget på alle plan arbeider for å leggje til rette for ein størst mogleg matproduksjon på lokale ressursar. Dette vil mellom anna bety at vi må gjera det lønsamt å bruke dei norske areala til å produsere mat på. Styrka lønsemd på særleg små og mellomstore bruk, vil og sikre bruk av arealet til matproduksjon. Vi har i Noreg no berre 1,6 dekar dyrka jord for kvar innbyggar. I 1999 var til samanligning talet 2 dekar dyrja jord per innbyggar. I tillegg til at bruken av norsk areal går ned, stagnerar også avlingane. Vi baserer matproduksjonen i stadig større grad på importerte fôrråvarer, og brakker eige areal både dyrka jord og beitearealer på inn- og utmark.

Annonse

Dersom vi skal få ei styrking av sjølforsyninga med bakgrunn i norske ressursar, må budsjettmidlane i jordbruksavtala brukast til å drive ein landbruks- og matproduksjon som sikrar bruk av alt areal, og at bruka rundt om i landet blir oppretthalde. Tilskotta må ikkje stimulere volumproduksjon, men knytast til bruk av særleg marginale areal og beitebasert matproduksjon. Ein må og leggje vekt på ein trygg og kontrollert matproduksjon, matkvalitet og fruktbare areal. Dette gjev legitimitet for å bruke fellesskapets pengar som ein del av lønsemda i matproduksjonen vår.

Ein annan viktig faktor for å auke sjølforsyninga av norskprodusert mat, er eit auka fokus på kanaliseringspolitikken. Gode, sentrale areal med lang vekstsessong må prioriterast for auke i korn- og annan planteproduksjon. Det norske kornarealet har minka med snaut ein halv million dekar, dei siste 15 åra. Dette arealet er delvis små og tungdrivne teigar, som lyt støttast ekstra for at dei skal koma i drift att. I fjord-, dal og fjellbygdene er det grasdyrking som gjeld. Attåt dette kjem dei enorme beiteressursane som gjev grunnlag for både mjølk og kjøtproduksjon for grovfôretande dyreslag. Husdyrproduksjonen må i størst mogleg grad leggjast opp slik at ein nyttar desse ressursane.

Oppland Bonde- og Småbrukarlag vil i dei komande jordbruksforhandlingane prioritere bruken av budsjettmidla, slik at ein styrkar lønsemda på små og millomstore bruk, tryggar matproduksjonen gjennom kunnskap og kvalitet, og i størst mogleg grad nytter norske ressursar i ei auka sjølforsyning. Vi vonar at dette må vera av stor betydning for dei som kjøper maten vi produserar, og også for politikarane som her får meir ut av budsjettoverføringane til jordbruket i Noreg, ved styrka sjølberging og auka sjølforsyning. Dette vil og gje ein betre matsuverenitet, med sterkare kontroll over eiga matforsyning.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gulrot med bøy